Diskusjon:Panjab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det har vore diskutert om det skal vera Panjab eller Punjab. I følgje Norsk Språkråd er det Punjab. --Ekko 13. januar 2006 kl. 07:06 (UTC)

Språkrådet er glade i engelsk. :-(
Det er greitt nok at den noverande delstaten i India heiter Punjab, ettersom dette engelske namnet òg blir brukt av styresmaktene (sjølv om mange panjabarar ønsker å bruka a i staden for u). Det historiske riket har dei derimot ikkje uttala seg om, og ettersom engelsk ikkje var eit viktig språk der, synest eg me kan skriva namnet slik det blei uttala -- altså Panjab eller Pandjab. -- Ranveig 13. januar 2006 kl. 10:57 (UTC)
Ettersom eg sjøl insisterar på Majorstua (med omdirigering frå Majorstuen) uavhengig av kva Sentralt Stadnamnregister seier, så bøyer eg meg nok ein gong for Ranveig. --Ekko 13. januar 2006 kl. 11:13 (UTC)
Støttar Panjab 100 %! Det einaste som gjer at eg ikkje støttar det 110 % er at det hadde vore fint om vi kunne skrive Pandjab. Men dét kan vi truleg ikkje...(?) :) Olve 13. januar 2006 kl. 23:08 (UTC)
Første stavinga er ਪੰ, som består av bokstaven PA (ਪ) og nasalen (gurmukhi tippi) ( ੰ ), viss eg forstår det rett, så det blir pan. Trondtr 14. januar 2006 kl. 09:02 (UTC).
Ja, og framføre plosivar/affrikatar blir nasalen uttala som homorganisk nasal heller enn som nasalisert avgliding. I dette tilfellet får vi altså [pɐɲ]. Den slappe a-lyden ligg definitivt nærmare norsk /a/ enn norsk /u/, og fonemisk sett er han å rekne som kort utgåve av /ā/. Liknande fall har vi i ord som karri, kamarbandh (slike breie silkebelte ein gjerne har når ein kler seg i smoking) o.a. -- Olve 14. januar 2006 kl. 20:02 (UTC)