Panjab

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Panjab.
Kart over Panjab frå 1903.

Panjab eller Punjab (devanagari ਪੰਜਾਬ, frå persisk panj aab, 'fem elver', er eit område delt mellom India og Pakistan. Det er i dag namnet på ein delstat i India og ein provins i Pakistan.

Dei fem elvene namnet viser til er Beas, Jhelum, Chenab, Ravi og Sutlej, som alle er bielver til Indus.[1] Induskulturen utvikla seg her på 2000-talet f.Kr.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Panjab har ei strategisk plassering mellom aust og vest, og er derfor blitt invadert ei rekkje gonger gjennom historia. Aleksander den store trengde inn i Panjab i 326 f.Kr. Sidan har både persarar, grekarar, hunarar og arabarar vore her, før tyrkiske muslimar okkuperte området i 1192. Seinare, tidleg på 1700-talet, tok sikhar makta i området. Etter dei to Sikh-krigane i 1845–49 blei den siste sikh-herskaren avsett og området innlemma i Britisk India.[2]

Ved delinga av Britisk India i 1947 blei Panjab delt i to, med ein vestleg del for muslimar og ein vestleg for hinduar og sikhar. Sidan folkesetjinga var særs blanda måtte mengder av folk flykta, særleg dåm det braut ut vald som råka alle dei ulike folkegruppene. Rundt seks millionar hinduar og sikhar og sju millionar muslimar måtte flykta, noko som gjer dette til ei av dei største folkeforflytningane i historia.[2]

Også tida etter delinga var prega av uro i delar av Panjab. I indisk Panjab kjempa sikhar for ein eigen panjabi-talande delstat. I 1966 blei den dåverande delstaten delt inn i noverande Panjab og den hovudsakleg hinditalande Haryana, med nokre område overførte til Himachal Pradesh.[1] Men ein del sikhar var ikkje nøgde og byrja på 1980-talet ein valdeleg kamp for ein sjølvstendig sikh-stat dei ville kalla Khalistan. Kampen førte til eit indisk åtak på Det gylne tempelet i Amritsar og snikmordet på statsminister Indira Gandhi som hemn. I løpet av 1990-talet gjekk rørsla tilbake, og geriljaverksemda opphøyrde.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Punjab», Encyclopædia Britannica Online, 2016, henta 27. april 2016 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Punjab – landskap», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  3. «Punjab: historie», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Pakistan og India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.