Diskusjon:Persia

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ranveig, eg ser at du har skrive Persarriket i staden for mitt forslag Iran. Når iranarane sjølve alltid har nytta Iran, og landet heiter Iran i dag, kvifor trekker du då inn "Persarriket"?

Fordi dei fleste som ser namnet "Iran" vil tenka på den moderne staten Iran. Persia er òg blitt brukt om riket som dekka store delar av Midtausten, og som har mykje interessant historie å skriva om. -- Ranveig 26. mai 2005 kl. 0001 (UTC)
Det er ikkje so lenge sidan staten Iran skifta namn frå Persia til Iran. Alle som levde den gongen, vil tenkja på den moderne staten når dei høyrer «Persia». Det same trur eg dei fleste andre vil. Det kan heilt sikkert skrivast ein interessant Wikipedia-artikkel om det tidlegare Persarriket, men han bør ikkje heita «Persia». Me kan t.d. kalla han «Persarriket»!  :-)
--Verdlanco\diskusjon 26. mai 2005 kl. 0831 (UTC)