Diskusjon:Pogrom

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fjerna 'Tilfellet Tyrkia' då dette også er lagt inn under artikkelen om Tyrkia. Innhaldet var:

Tilfellet Tyrkia[endre wikiteksten]

Ved årsskiftet 2005/2006 er Tyrkia eit land som er 99 prosent homogent når det gjeld religion og nasjonalitet. Det er lite kjent at dette har bakgrunn i ein av dei største og mest valdelege pogromane i moderne historie - og den første i det tjuande hundreåret. Før første verdskrigen budde det ca to millionar kristne armenarar i dei austlige områda av tyrkisk Asia. I dag er det ingen attende.

Medio april 1915 fengsla tyrkiske styresmakter framståande armenarer i hovudstaden Istanbul og deporterte dei til ulike konsentrasjonsleirar kring i landet. Dei fleste døydde under transporten eller blei torturerte til døde i fangeleirane.

Etniske muslimske tyrkarar stod bak drap på armenske menn, dei valdtok kvinner og born av begge kjønn før dei selte dei til arabiske eller tyrkiske harem. Heile folket vart utrydda - og dei tyrkiske muslimane fekk "lebensraum" i tidlegare armenske område.

Den einaste europeiske staten som stod opp for - og støtta - armenarane aktivt var Sovjetunionen, som innanfor sine grenser gav dette forfølgte folket delvis sjølvstyre. Dette var utgangspunktet for staten Armenia slik han framstår i dag, og som berre er ein austlig rest av eit tidlegare stort armensk rike.

I motsetnad til Tysklands holocaust, har tyrkarane aldri teke noko oppgjer med den politiske prakisen som i 1915 leidde til pogromar retta mot tyrkiske armenarar. Nyleg vart det sett ut skuldingar om anti-islamsk og anti-tyrkisk åtferd då forfattaren, Orhan Pamuk, ope fortalde om desse pogromane som sidan første verdskrigen medvite har blitt dekka over av tyrkiske styresmakter. Pamuk kan bli dømd til fengsel i heimlandet sitt fordi han seier sanninga om pogromen. Han er sjølv tyrkar - og peikar i tillegg på eit anna folkemord, som har ramma kurdarane i Tyrkia. Mellom 20 000 og 50 000 muslimske kurdarar har og blitt drepne i dette landet.

Den manglande respekten for menneskeverdet kan føre til at Tyrkia blir nekta tilgang til EU, som har vore eit viktig siktemål for styresmaktene - særleg med tanke på økonomisk framgang. Etter pogromane har ikkje landet berre blitt fattig i økonomiske termer, men også når det gjeld folkegrupper og toleranse generelt.

Ei rekkje andre pogromar har omfatta andre religiøse grupper, politiske eller meiningsberande grupper, eller heile folkegrupper.

Hogne 20. des. 2005 kl. 21:28 (UTC)