Diskusjon:Praktikant

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Praktikant[endre wikiteksten]

Orda trainee og praktikant refererer til same (saks)innhald. Ein måte å gjere dette på er å ha ein kort tekst om ordet trainee her, og referere saksinnhaldet til artikkelen praktikant. Trondtr 14. september 2008 kl. 17:52 (CEST).[svar]

Orda trainee og praktikant vert nok bruka om ulike typar stillingar. Godt norsk er ordet trainee ikkje, men det er ikkje berre gode ord som fortener leksikonomtale. --Knut 14. september 2008 kl. 19:00 (CEST)[svar]
Trainee står ikkje i ordbøkene (og me er ikkje ei ordbok, noko som for meg inneber at me ikkje har mange ulike artiklar om omtrent same omgrepet berre fordi det finst mange synonym for det). Spørsmålet er om det er veldefinert og forskjellig nok frå praktikant til at det treng eigen artikkel. --Ranveig 14. september 2008 kl. 21:00 (CEST)[svar]
Det norske ordet for trainee er «opplæringskandidat» (jfr Studentorget). Følgjeleg kan ein leggje artikkelen under den overskrifta, dersom ein vil vere språkleg purist. Praktikant, lærling, trainee og stipendiat kan alle vere opplæringsstillingar, og dei vert bruka om ulike typar stillingar, og følgjeleg er ikkje orda synonym. Men sjølvsagt er det eit krav at omgrepet er veldefinert.
Til samanlikning har vi orda elev og student, som tyder nesten det same, men som òg etter mi meining fortener kvar sin artikkel. - Knut 14. september 2008 kl. 22:17 (CEST)[svar]
Stipendiat er ein person som lever av eit stipend. Ein stipendiat treng ikkje vera under opplæring, sjølv om dei ofte er det. Ein kunstnar kan til døme leva av eit stipend medan han/ho arbeider med kunst. --Sigmundg 26. juni 2011 kl. 12:41 (CEST)[svar]
Eg er samd med Trondtr i at artikkelen bør flyttast til praktikant. --Sigmundg (diskusjon) 2. april 2012 kl. 17:55 (CEST)[svar]