Diskusjon:Radioaktiv stråling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diskusjon:Radioaktivitet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Treng denne artikkelen ein gjennomgang?[endre wikiteksten]

Eg har ein mistanke om at interwikipeikarane til engelsk, tysk og truleg fleire er feil. Dei same feila finn ein også i kjelda som er artikkelen på bokmål. Eg var i gang med å prøve å rette det opp men kom til kort på grunn av at eg følte meg utrygg både fagleg og språkleg. Skal prøve på nytt seinare om ikkje andre tek seg av det. Asgeir 5. nov. 2005 kl. 21:20 (UTC)

No har eg ikkje vore borti slikt sidan 2FY på vidaregåande, men det ser vel greitt ut trur eg? Interwikilenkja for en som ligg inne no er vel betre enn den som var i stad. Skulle vore litt meir bokmålsvask ser eg, men blir ikkje i kveld det. --Roger 6. nov. 2005 kl. 00:37 (UTC)
Eg er skjeptisk framleis. Interwikipeikaren til engelsk er vel rett no i høve til overskrifta, radioaktivitet er vel radioactivity på engelsk. Men det er det spørs om ikkje det norske artikkelnavnet er feil. Teksten omhandlar radioaktiv stråling og samsvarar med den engelske artikkelen radiation. Radioaktivitet ser ut til å vere eit vidare omgrep. Så kanskje den norske artikkelen burde heite radioaktiv stråling. Asgeir 6. nov. 2005 kl. 09:16 (UTC)
Hmm... «Radioaktivitet» er definert som «radioaktiv stråling» i Nynorskordboka. No kan det sjølvsagt vera at dei som har skrive dette ikkje kan sin fysikk. -- Ranveig 6. nov. 2005 kl. 09:34 (UTC)
Du meinar at mobiltelefonane våre også er radioaktive? --Guttorm 6. nov. 2005 kl. 10:38 (UTC)

Mitt strålande forslag: Ioniserande stråling som artikkelnamn her. Ein ny artikkel radioaktivitet kan ta for seg omgrepet i meir breidde: historie, kva radioaktive stoff nyttast til, kor ein finn dei i naturen osb., skrive utan for mange referansar til elementærpartiklar, måleeiningar og greske bokstavar. Roarjo 6. nov. 2005 kl. 18:17 (UTC)

Dét synest eg er eit alfa forslag. -- Ranveig 6. nov. 2005 kl. 19:32 (UTC) (hmm. Ordspel blir ikkje det same når ein må leita etter dei.)
Radioaktiv stråling er eit meir allment kjendt ord? Einig at det her kunne vore ei deling ja. I tillegg kunne me hatt ei fleirtydingsside for stråling med linkar til radioaktiv stråing, elektromagnetisk stråling og slikkert meir. -- Roger 6. nov. 2005 kl. 20:45 (UTC)


Radioaktiv stråling Man kan altså ikke google noen verdens ting på norsk uten at...

Nynorskordbok eller ikke, man kan man si "Radioactive radiation" på engelsk? Nei dessverre ville det isåfall være en skrivefeil.
Radioaktiv betyr at noe produserer alfapartikler, betapartikler og gammastråling.
Hvis vi sier radioaktiv stråling (uansett hvilket språk vi sier det på) sier vi "stråling som produserer stråling ved radioaktiv nedbrytning", noe som er litt usannsynlig.
Det finnes allerede en nynorsk artikkel om radioaktivitet, og det finnes allerede en artikkel om ioniserende stråling, denne artikkelen om "radioaktiv stråling" burde bare slettes.
Hvem enn som skrev denne nynorskordboken din var definitivt hverken fysiker eller språklærd. Mobiltelefonen din sender ut stråling, den er ikke radioaktiv.
Beklager min elendige nynorsk.

-- 80.212.69.196 21. januar 2014 kl. 00:12 (CET)