Diskusjon:Raud-grøn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Uttrykket "bonde-"grøne" Senterpartiet"[endre wikiteksten]

Det er ei generell feiloppfatting at Senterpartiet er eit bondeparti. Det er lenge sidan partiet gjekk ut av Norges Bondelag, og utvikla ein heilskapleg politikk. For å samanlikne er det ingen som i dag vil framstille Arbeidarpartiet som eit parti som berre tek vare på interessene til den tradisjonelle arbeidarklassa. Difor fjerna eg "bonde-".

Vidare funderar eg på kvifor artikkelforfattaren har sett uttrykket "grøn" (om Sp) i hermeteikn, men fjerna ikkje hermeteikna då eg går ut i frå at det er ein grunn til det. Senterpartiet marknadsfører seg som eit grønt parti med ein sterk miljøprofil og har m.a. mange støttespelarar i Natur og Ungdom (eg kan ikkje underbygge den påstanden). Partiet sin grøne profil har rett nok vorte problematisert av andre parti som òg reknar seg som grøne (t.d. Sv). På same måte som sosialistar kranglar innbyrdes om korleis sosialismen skal oppnåast kranglar grøne (dei har jo ikkje eit namn...) om korleis ein kan skape eit berekraftig samfunn. Eg meinar at hermeteikna bør fjernast. kurtber 29. mar 2005 kl. 1554 (UTC)

Orsakar... Eg las litt vel kjapt gjennom artikkelen... kurtber 29. mar 2005 kl. 1602 (UTC)
Mens eg skreiv, kom strykinga og ei orsaking...Eg set inn svaret mitt likevel, for det er ikkje polemisk, berre ei forklaring, også på det med bonde-grønt: Det var slett ikkje meininga å fornærme nokon. Det er hermeteikn for dei raude også i det avsnittet der. Poenget for både dei raude og det grøne i avsnittet om dei tre partia, er at Ap og SV tradisjonelt er rekna som raude, sjølv om Ap idag kanskje ikkje er det lenger (rosa?), og SV sjølv kallar seg raudgrønt, og at Sp såvidt eg veit var grønt før det grøne betydde miljøvennleg. Eg har ikkje meint å stille spørsmålsteikn ved kor grønt i tydinga miljøvennleg Sp er idag, men sia vi talar om eit eldre parti, går eg ut frå grønfargen betydde noko anna før i tida, før den moderne miljørørsla oppstod? Derfor foreslo eg bonde-grønt, og bonde er ikkje noko fyord for meg, tvert om. Men om du vil ha vekk ordet bonde-, så er det greitt for meg. Når det gjeld hermeteikna må vi vel fjerne alle viss vi fjernar eitt? --Erling 29. mar 2005 kl. 1617 (UTC)
Hermeteikna held vi på :) Bonde er sjølvsagt ikkje på nokon måte eit fyord for min del heller! Eg berre såg på det som problematisk å jamstille bonde med Senterpartiet. Hadde eg faktisk lese artikkelen skikkeleg hadde det truleg ikkje vore nokon diskusjon :) kurtber 29. mar 2005 kl. 1655 (UTC)
Heilt i orden, det. Eg skjønner kva du meiner, og det er rett at vi tar opp ting vi reagerer på og hjelper kvarandre til å uttrykke oss best muleg. Vi droppar bonde- framfor grønt slik du har ordna, men held på hermeteikna. --Erling 29. mar 2005 kl. 1705 (UTC)

Miljøpartiet Dei Grøne[endre wikiteksten]

Miljøpartiet Dei Grøne hev so vidt eg kjenner til aldri skildra seg som eit raudgrønt parti, og gjer det i alle fall ikkje no. Partiprogrammet syner til både sosialisme, liberalisme og konservativisme som grunnlag for ein politikk som eintydig er skildra som grøn. Partiet er med i det raudgrøne samarbeidet i Trondheim, men vert vel ikkje meir «raudgrønt» enn t.d. Senterpartiet av det. Jarle 12. oktober 2008 kl. 17:11 (CEST)[svar]