Diskusjon:Redokstitrering

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Utrekning av jodometri[endre wikiteksten]

Eg sette opp ein reaksjonsserie for jodometrisk titrering av resorcinol, og mengdeformelen R = B - T/6, der B, R og T er mengdene (mol) av bromat, resorcinol og tiosulfat. Så vart eg usikker på om formelen var rett. No har eg rekna på nytt og kome fram til det same:

    Generelt:
  1. bromat:start brom = 1:3
  2. resorcinol:forbrukt brom = 1:3
    overskot brom = start brom - forbrukt brom
  3. overskot brom:jod = 1:1
  4. jod:tiosulfat = 1:2
  5. Døme (a) der B=0,2 og R=0,08:
  6. bromat:start brom = 1:3 = 0,2:0,6
  7. resorcinol:forbrukt brom = 1:3 = 0,08:0,24
    overskot brom = 0,6 - 0,24 = 0,36
  8. og iv. forbrukt brom:tiosulfat = 1:2 = 0,36:0,72
    Her vart T=0,72. R = B - T/6 = 0,2 - 0,72/6 = 0,2 - 0,12 = 0,08 — OK
  9. Døme (b) der B=0,2 og R=0,03:
  10. bromat:start brom = 1:3 = 0,2:0,6
  11. resorcinol:forbrukt brom = 1:3 = 0,03:0,09
    overskot brom = 0,6 - 0,09 = 0,51
  12. og iv. forbrukt brom:tiosulfat = 1:2 = 0,51:1,02
    Her vart T=1,02. R = B - T/6 = 0,2 - 1,02/6 = 0,2 - 0,17 = 0,03 — OK

Quod erad demonstrandum. Eg vart nok forvirra av at R såg ut til å vera proporsjonal med B, men gløymde ei stund at T også er proporsjonal med overskotet av brom, som jo aukar når B aukar. Det positive bidraget av B i formelen blir dermed utjamna av det negative T-leddet. --Eddi (Snakk) 9. april 2006 kl. 01:59 (UTC)