Diskusjon:Rettskrivinga av 1917

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

reform av skriftspråk hev konnotasjonar; ein kallar stundom 1938-rettskrivingi målbrigde i staden for rettskrivingsbrigde. Eg hev ikkje høyrt anna ord enn rettskrivingsreform for 1917.

Du skriv "Færre stumme bokstavar". d er stum i bokmål, men ikkje alle målføre; der dei uttalar honom i tid og med, uttalar dei honom i lid og breid. d-en held seg dessutan i jamvektsord, som i trøndsk: tuddur (tidur) og spåddå (spade). Og han lyd i regelen alltid etter -ig (stø, stødig; ikkje sant). Ein bør heller, slik tanken min var, setja upp ein bolk Vedtak med underbolkar - um det er morfologiske eller ortografiske/fonologiske brigde (ikkje alltid like lett å skilja). Dessutan bør ein ikkje hava eit so uviktugt vedtak som aa > å i innleidingi, utan flytja det ned til Vedtak, gjerne fyrst sidan det var sams for riksmål og landsmål.

Innleidingi bør visa det som serkjenner denne rettskrivingi frå andre rettskrivingar (fridomen/formflora/kaos). Eg tykkjer eg var heller nøytral i innleidingi utan å spekulera på grunnar (ja, um ein ser burt frå ironien i siste setningen). Dinæst bolkar som Gjenomføring, Bruk og ettermæle, og sjølve vedtaki og kva dei evt. samsvarar med sist.

Fatagnus 12. januar 2006 kl. 19:27 (UTC)

Einig i at det er ei betre løysing. Eg var mest interessert i å få delt opp artikkelen på eit eller anna vis; han blir lettare både å lesa og endra om han har overskrifter. Set gjerne ut i livet fleire radikale reformar. -- Ranveig 13. januar 2006 kl. 10:09 (UTC)::
Hei. Eg ser for meg: Innleiding, Bakgrunn (kvifor ho kom), Gjenomføring (korleis vart reformi gjord), Ettermæle evt. Mottaking, Bruk (praktiskt bruk), Vedtak. Fatagnus 13. januar 2006 kl. 14:16 (UTC)

Landsmålet etter Hægstad hadde eit ørlite umbrøyte i 1910; um ein vil kalle dette ei eiga rettskriving, tja, kvifor ikkje? Ein kann au kalle det 1901/1910-rettskrivinga. — Våve 19. juni 2006 kl. 13:27 (UTC)


Hægstad-normalen[endre wikiteksten]

Hægstad-normalen, er det reforma frå 1901 eller 1910? Eg stilte stilte dette spørsmålet på nb:Diskusjon:Hægstad-normalen. I artikkelen til den diskusjonssida me er på no verker det som om begge reformene omtalast som Hægstad-normalen. Kanskje nokon her kunne svare på spørsmålet på bokmålwikipediaen? --Oddeivind 31. desember 2009 kl. 16:15 (CET)[svar]

Eg har ikkje så mykje tid no, men vi finn vel svaret i Mållæra hans Hægstad? --Knut 31. desember 2009 kl. 19:11 (CET)[svar]
Fyrst må eg få ynskja godt nytt år. Ut fra den lenka du viser til, så får eg inntrykk av at Hægstad-normalen viser til 1901-reforma, men i artikkelen her omtalast både 1901- og 1910-reforma som Hægstad-normalen. Eg kan ikkje sjå at lenka klargjer dette noko. Er det slik at 1910-reforma gjer så små endringar at ho må sjåast som ein variant av Hægstad-normalen? --Oddeivind 1. januar 2010 kl. 01:08 (CET)[svar]