Rettskrivinga av 1917

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rettskrivinga av 1917 var ei reform av norsk skriftspråk som galdt både bokmål og nynorsk, den gongen riksmål og landsmål. I landsmålet avløyste ho 1901/1910-rettskrivinga (eller «Hægstad-normalen»). I riksmål avløyste ho 1907-rettskrivinga.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

1917-rettskrivinga var den fyrste som hadde til mål å samla bokmål og nynorsk til eitt ved å innføra ortofone prinsipp i nynorsken, noko som hadde til føremål å føra nynorsken nærare talemålet på Austlandet og i Nord-Noreg. På denne måten skulle ein auka dialektgrunnlaget for landsmålet/nynorsken. Kritikarane av denne tilnærmingslina hevda på si side at det var Ivar Aasen sine typeformer, utforma i samsvar med etymologiske prinsipp, som var best eigne til å avspegla dei ulike målføreskilnadene i Noreg. Innanfor målrørsla har dette ordskiftet vara ved heilt fram til i dag.

Reforma tok ikkje bort så mange landsmålsformer frå 1901/1910, men tok i staden inn nye former og jamstilte dei; den nye rettskrivinga opna for større fridom enn nynorsken har hatt, både før og seinare. Alle former var formelt jamstilte; skiljet mellom hovudformer og sideformer (eller «klammeformer») kom fyrst med rettskrivinga av 1938.

Gjennomføring[endre | endre wikiteksten]

Rettskrivingsnemnda vart utpeikt i 1916 av Jørgen Løvland, då kyrkje- og undervisningsminister i Gunnar Knudsen(Venstre) si andre regjering. I nemnda sat mellom andre Knut Liestøl (elev og ven av Moltke Moe) og D.A. Seip, prominent i Østlandsk reisning. På denne tida var Arbeidarpartiet enno språkpolitisk nøytralt, og hadde representantar på Stortinget som gjekk sterkt imot reforma. Men Knudsen-regjeringa stod bak Løvland og truga med å gå av dersom ho fekk fleirtalet mot seg. Den parlamentariske leiaren for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe, Anders Buen, greip inn og sytte for at tilrådinga frå nemnda til ny rettskriving vart godkjend, og regjeringskrise hindra.

Vedtak[endre | endre wikiteksten]

Ortografi[endre | endre wikiteksten]

Det var rettskrivinga av 1917 som innførte bokstaven å for begge målformene, i staden for aa.

Stum r blei fjerna frå bestemt form fleirtal av substantiv i landsmål, slik at det til dømes heitte armane i staden for armarne. Vidare blei det som i norrønt heitte stungen d fjerna frå nokre ord, slik at det blei ei li for ei lid og brei for breid.

Valfridom[endre | endre wikiteksten]

Det blei innført ei mengd valfrie former i landsmål. Såleis infinitiv av verb på e attåt a, pluss kløyvd. Vidare blei a i bestemt form av sterke hokjønnsord i eintal og inkjekjønnsord i bestemt fleirtal (boka, husa) tillatt attåt i (boki, husi). Likeins kom e som valfri attåt o i fleirtal av svake hokjønnsord, altså viser attåt visor, og verbformer som får, gir, slår, tar blei tillatt attåt fær, gjev, slær, tek.

Det blei valfrie former av ei mengd enkeltord, blant dei mellom attåt millom, før likså vel som fyrr, venn attåt ven, høre likså vel som høyre, osv. Den store valfridomen i nynorsken, med høve til å bruka mange «samnorske» former, kom altså med rettskrivinga av 1917.

Vegen vidare[endre | endre wikiteksten]

Rettskrivinga av 1938 gjekk berre vidare på same vegen, med tilnærming mellom målformene og tilnærming til aust- og nordnorske målføre for nynorsken sin del. Det har vore vanleg å hevda at dei største endringane i 1938 kom i bokmålet. Samstundes finst det andre som har argumentert med at det var for nynorsken sin part at den nye rettskrivinga fekk dei mest dramatiske konsekvensane.

Eit anna mål i 1938 var å skjera ned det store talet på valfrie former frå 1917, og resultatet blei systemet med ein læreboknormal som berre omfatta ein del av dei tillatte formene, medan elevar og andre òg kan bruka sideformene.