Diskusjon:Rule, Britannia!

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg reagerer litt på at ein skal setja hermeteikn i atikkeltittelen til ein song. Med skip går det endå an, sidan dei er med i det offisielle namnet, men det gjeld då ikkje songar? Det er først når tittlen er ein del av ein annan artikkel at hermeteikna skal med... meiner nå eg. -- Ranveig 15. jun 2005 kl. 2001 (UTC)

  1. Ved første gongs bruk av namnet i sin eigen artikkel skal det stå i typografisk korrekt form — det vil seie kursiv for heile verk (bøker, aviser, dramatiske verk, CD-plater o.a.).
  2. I delverk (dikt, musikksatsar, noveller, artiklar o.a.) er korrekt typografisk form namnet i «hermeteikn».
  3. Skipsnamn har hermeteikn berre kring «sjølve» namnet på norsk (norsk: USS «Enterprise»; engelsk: “USS Enterprise”).
For meg verkar det logisk at det typografisk korrekte namnet òg blir bruka som artikkelnamn der dette lèt seg gjera. Ein ekstrabonus ved dette er at diktnamn og boknamn er lett å skilje frå kvarandre. Eit hypotetisk eksempel:
  1. Gytjespretten (roman)
  2. «Gytjespretten» (dikt)
  3. SS «Gytjespretten» (seglskip)
  4. MF «Gytjespretten» (motorferje)
Sjølvsagt med lenkje til Gytjespretten (fleirtyding) øvst i kvar artikkel.
Kva tykkjer du, Ragnhild? (Og andre?) Har dette noko for seg? -- Olve 15. jun 2005 kl. 2017 (UTC)

I dette konkrete tilfellet passar forresten namnet Rule Britannia betre på romanen med det namnet av Daphne Du Maurier. -- Olve 15. jun 2005 kl. 2022 (UTC)

For deg verker det kanskje logisk, men for meg verker det tungvint og lite sjølvsagt å døypa om ein tittel bare fordi han skal brukast med hermeteikn i sjølve artikkelen. I teksten høyrer dei heime for å skilja tittelen frå resten av orda, men i overskrifta blir dei særs framtredande og temmeleg forstyrrande. Hugs på at desse teikna er temmeleg ukjende for mange brukarar, i tillegg er dei vanskelege å skriva på ein vanleg datamaskin.
Når det gjeld å bruka typografiske triks for å skilja artiklar frå kvarandre kan det kanskje ha noko for seg, men igjen er det (for) mange som ikkje kjenner reglane, og det fører òg med seg nye problem. Eg vil tru at songen "Rule, Britannia!" er betre kjend enn romanen til Du Maurier, det same gjeld for andre småverk som til dømes bøker og CD-ar er oppkalla etter. Dersom me gjennomfører denne regelen vil den som søker alltid koma først til "storverket". Det blir urettferdig for dei små!
Eg vil òg gjerne høyra kva andre meiner om denne saken! Me bør vel koma fram til det eine eller det andre og gjennomføra ein standard. -- Ranveig 16. jun 2005 kl. 1929 (UTC)
OK, her er det eg meiner om saka. Eg forstår at dette blir ei avveging mellom å vera typografisk korrekt og å vera brukarvenleg, men eg konkluderer med at det ikkje bør vera hermeteikn i artikkelnamna. Grunnen til det er ganske enkel: Det var først i går at eg fann ut korleis eg lagar desse « ... ». Dei finst ikkje på tastaturet mitt, og eg må bruke ein slags kodar for å få dei til. Dessutan kjenner eg ikkje til dei reglane som er skissert ovanfor (sjølv om eg sjølvsagt ikkje tvilar på at dei er rett altså!). Derfor føler eg meg sikker på at den jamne brukaren av Wikipedia, som droppar innom berre no og da, garantert ikkje vil koma på å søkje med hermeteikn, og iallfall ikkje med desse spesielle hermeteikna. Etter mi meining er det beste å laga ei fleirtydingsside kalla Gytjespretten (utan fleirtyding i klammar), og så heller ha Romanen Gytjespretten, Diktet Gytjespretten, som vi brukar elles. Eventuelt kan jo også «Gytjespretten» ha omdirigering direkte til diktet. Dette meiner eg er betre enn at ein på Gytjespretten hamnar på romanen, så må til ei fleirtydingsside, før ein til slutt kan klikke seg til diktet, dersom det er diktet ein leitar etter. --Erlend 16. jun 2005 kl. 2100 (UTC)
Ein enklare måte å laga rette hermeteikn på om du brukar Microsoft Windows er å halde nede alt-tasten mens du skriv 0171 for venstrevinkel og slepp opp att, og tilsvarande 0187 for høgrevinkel. Altså:
  • alt+0171 = «
  • alt+0187 = »
På Mac med norsk tastatur kan desse teikna skrivast slik:
  • alt-shift+V = «
  • alt-skift+B = »
I sjølve artikkelteksten skal det alltid vera «hermeteikn» kring delverk. Spørsmålet blir dermed ikkje om vi skal ha med slike hermeteikn i artikkelteksten, men om dei skal stå utanom eller inni lenkja — altså:
  1. kode: «[[Gytjespretten]]» — utsjånad «Gytjespretten» (artikkelnamn utan hermeteikn); eller
  2. kode: [[«Gytjespretten»]] — utsjånad «Gytjespretten» (artikkelnamn med hermeteikn).
Valet i artikkelteksten står altså ikkje mellom å bruke eller ikkje bruke hermeteikn, men om hermeteikna skal stå utanfor eller inni lenkja.
Når det gjeld faktisk artikkelnamn, så er dette eit anna spørsmål. Der er desse nokre av hovudspørsmåla vi lyt tenkje på (det finst sikkert fleire):
  1. Namnet bør vera kort.
  2. Namnet bør vera mest muleg eintydig
  3. Namnet bør vera typografisk mest muleg korrekt.
  4. Namnet bør helst krevje minst muleg ekstraarbeid for den som skriv artiklar med lenkjer dit.
  5. Både erfarne og nye brukarar bør greie å finne artikkelen.
I praksis er det svært vanskeleg å laga artikkelnamn som oppfyller alle desse idealkrava. Men eg ser ikkje at det å ha med hermeteikna i artikkelnamnet er noko problem så lenge vi alltid har omdirigering eller fleirtydingsside på det «enkle» namnet. -- Olve 17. jun 2005 kl. 0507 (UTC)
Gløymde å presisere dette: Om romanen Gytjespretten ikkje er det naturlege valet for det usamansette namnet, så bør vi kanskje heller ha fleirtydingsside der og romanartikkelen under Romanen Gytjespretten. Anten vi så har «Gytjespretten» eller Diktet Gytjespretten som artikkelnamn, så bør det andre alternativet omdirigere til det alternativet vi vel. Slik sett vil vi fange opp både dei som «kan typografireglane» og dei som kjenner kvalifiseringsordkonvensjonen.
Dei definitive fordelane med hermeteikna er:
  1. Det er typografisk korrekt.
  2. Det er mykje raskare å skrive når du først har lært kvar dei finst på tastaturet.
  3. Folk slepp å lære eit dobbelt (eller trippelt) sett av reglar — hypotetisk sett:
    1. I artiklar skal det vera «hermeteikn» kring delverk.
    2. *I artikkelnamn skal det ikkje vera «hermeteikn» kring delverk.
      1. Men derimot skal det vera hermeteikn kring båtnamn.
Enkelt er bra. Korrekt er bra. At oppslagsverk fører til ny kunnskap for dei som brukar dei er bra. Derfor trur eg at vi har mykje å tena på korrekte (og dermed korte) artikkelnamn med logiske omdirigeringssider for å
  1. ha korrekt typografisk oppsett (og dermed gje eit mykje meir profesjonelt inntrykk);
  2. redusere talet tastetrykk på lengre sikt;
  3. lære folk betre typografi;
  4. unngå å lære folk unødig mange parallelle system der enklare løysingar finst.
-- Olve 17. jun 2005 kl. 0520 (UTC)
Og her er nokre motpunkt:
  1. Eg er ikkje einig i at hermeteikna er typografisk korrekte i tittelen på ein artikkel. Ein finn dei ikkje i overskrifta til eit dikt eller ein song.
  2. Titlar skal ikkje læra opp folk, dei skal hjelpa dei å finna artikkelen. I sjølve artikkelen kan ein læra opp folk. Slik kan til dømes ein artikkel om Mark Twain fortelja at han eigentleg heitte Samuel Clemens - men ein bruker ikkje begge namna i tittelen!
  3. Sjølv om ein veit at visse verk skal ha hermeteikn, og hugser kva for verk dette gjeld, må ein òg kjenna til korleis ein skal skriva dei. Dette er ein ganske høg terskel ein skal over for å laga ein ny artikkel eller ei omdirigering, i eit prosjekt der målet er at det skal vera lett å redigera. Eg kan ikkje tru anna enn at det vil verka hemmande for prosjektet.
  4. Me treng ikkje læra folk eit dobbelt sett reglar; dei kan ganske enkelt bruka namnet på verket som tittel. Om du ser rundt på alle wikipediene, medrekna nynorsk, vil du sjå at ingen song-artiklar har hermeteikn i tittelen. -- Ranveig 18. jun 2005 kl. 0831 (UTC)

Før eg såg på denne diskusjonssida, trudde eg «Rule, Britannia!» var artikkelen om ein båt med det namnet ;-) --Guttorm 17. jun 2005 kl. 0914 (UTC)

Flytte først, lese diskusjon etterpå. Var kanskje litt for kjapp, men eg er heilt samd med Ranveig i denne gamle diskusjonen. Songar og dikt bør ikkje ha hermeteikn i artikkelnamnet. Elles i sjølve teksten bør/skal hermeteikn nyttast. --Frokor 16. september 2008 kl. 00:18 (CEST)[svar]