Rule, Britannia!
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Refrenget til «Rule, Britannia!»
|
|
|||||
Problem med å høyra denne fila? Sjå mediahjelp. |
«Rule, Britannia!» er ein song basert på diktet «Rule, Britannia!» av James Thomson og tonesett av Thomas Augustine Arne i 1740. Han har fått ei stilling som ein uoffisiell britisk nasjonalsong, særleg knytt til den britiske marinen og i noko mindre grad den britiske hæren.
Opphav
[endre | endre wikiteksten]Songen var inkludert i eit maskespel, Alfred, skrive av Thomson og David Mallet og uroppført ved Cliveden, landstaden åt kronprins Frederick for å feire kroninga av George I og geburtsdagen åt prinsesse Augusta. Denne mest populære av alle engelske nasjonalmelodiar vart første gong framført i London i 1745 og vart straks ei landeplage. Så velkjend var songen at Händel endatil siterte han i sitt Occasional Oratorio året etter, der melodien vart bruka til orda «War shall cease, welcome peace!». Ikkje uventande vart «Rule, Britannia!» òg teken i bruk av jakobinarane med relevante endringar av teksta åt James Thomson.
I samtida var songen ikkje sett som ei feiring av den faktiske stoda i sjøfarten, ettersom Storbritannia ikkje «regjerte bårene» enno. Men i løpet av dei neste to århundra kom den britiske Royal Navy til å bli ein dominerande maktfaktor på verdshava og kom til å forsvara Storbritannia mot mange som av britane kunne bli sett på som «haughty tyrants» (hovmodige tyrannar) og «foreign strokes» (utanlandske slag). Den spøkefulle teksten frå midten av 1700-talet oppnådde dermed ei sentral rolle som ei realistisk patriotisk skildring fram mot slutten av 1800-talet.
Bruk i annan musikk og framføringar
[endre | endre wikiteksten]Melodien vart bruka som basis for eit sett med variasjonar for piano av Ludwig van Beethoven (WoO 79) og er òg bruka i Wellington’s Sieg (Wellingtons siger, opus 91) av same komponist. Richard Wagner skreiv ein konsertovertyre basert på temaet i songen i 1836. Johann Strauss d.e. tok med heile melodien i ein vals frå 1838 som heitte «Huldigung der Königin Victoria von Grossbritannien» (Hylling av dronning Viktoria av Storbritannia), Op. 103, der han også bruka den britiske nasjonalsongen «God Save the Queen» til avslutting.
«Rule, Britannia!» vert tradisjonelt framført under BBC-konserten Last Night of the Proms, oftast med ein gjestesolist (av tidlegare gjestesolistar kan nemnast Bryn Terfel, Thomas Hampton og Felicity Lott). Walisaren Terfel song andre og tredje verset på walisisk. I seinare år har den sentrale rolle denne og andre patriotiske songar spelar vorte mykje kritisert, mellom anna av Leonard Slatkin, og framføringa har vorte noko endra.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Rule Britannia er også tittelen på ein roman av Daphne du Maurier.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]When Britain first at Heav’n’s command
Arose from out the azure main;
This was the charter of the land,
And guardian angels sang this strain;
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Britons never will be slaves.
The nations not so blest as thee,
Shall in their turns to tyrants fall;
While thou shalt flourish great and free,
The dread and envy of them all.
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Britons never will be slaves.
Still more majestic shalt thou rise,
More dreadful from each foreign stroke;
As the loud blast that tears the skies,
Serves but to root thy native oak.
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Britons never will be slaves.
Thee haughty tyrants ne’er shall tame,
All their attempts to bend thee down
Will but arouse thy generous flame;
But work their woe, and thy renown.
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Britons never will be slaves.
To thee belongs the rural reign;
Thy cities shall with commerce shine;
All thine shall be the subject main,
And every shore it circles thine.
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Britons never will be slaves.
The Muses, still with freedom found,
Shall to thy happy coast repair;
Blest Isle! With matchless beauty crowned,
And manly hearts to guide the fair.
Rule, Britannia! Britannia, rule the waves:
Britons never will be slaves.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Pianoversion (9KB, Midi-Datei)
- Orchesterversion (121KB, MP3-Datei)
- BBC Symphony Orchestra, Last Night of the Proms, Live 2000, (4:27min, ca 4MB, MP3-Datei)
- Beethoven Haus Bonn, Variationen über das englische Volkslied "Rule Britannia" für Klavier (D-Dur) WoO 79 Arkivert 2006-08-21 ved Wayback Machine.