Diskusjon:Sámi soga lávlla

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Innehaldsliste og fleire versjonar[endre wikiteksten]

Artikkelen kunne gjerne ha trengt ei innehaldsliste, jf. nb-versjonen. Korleis gjer ein det? Elles passar det å leggja til peikarar til den enaresamiske versjonen som finst på fi.wp her http://fi.wikipedia.org/wiki/Säämi_suuvâ_laavlâ og den skoltesamiske, også fi.wp, her http://fi.wikipedia.org/wiki/Sää´msooǥǥ_laull, men kor og korleis tykkjer de? Kanskje ein admin kan ta ei sjefsavgjerd på det punktet. Kanskje finst det tilgjengelege versjonar på sør- og lulesamisk også? Dei bør definitivt vera med i den (ny)norske artikkelen om muleg. ØysteinVangsnes 20. mai 2010 kl. 22:26 (CEST)[svar]

Innhaldslister kjem av seg sjølve ved fire eller fleire bolkar. Ein kan tvinga på plass ei innhaldslista ved å skriva inn «__INNHALDSLISTE__» der ein vil ha ho plassert. Eg trur ikkje me plar ha lenkjer til andre wikipediar anna enn for «kjeldetilvisingar» og interwiki; i staden bør ein vel heller oppretta artikklane det er snakk om lokalt. --Harald Khan Ճ 20. mai 2010 kl. 22:42 (CEST)[svar]
OK, takk! Jau, det er nok den beste løysinga å oppretta eigne sider for enare- og skoltesamisk versjon lokalt. ØysteinVangsnes 20. mai 2010 kl. 22:54 (CEST)[svar]