Diskusjon:Sørfjorden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vi har jo ein del andre Sørfjorden i Noreg óg, om enn av ymse kaliber. Korleis skal vi gjera det? Eg foreslår fleirtydingsliste på Sørfjorden-sida og så Sørfjorden (Hardanger), Sørfjorden (Finnmark), osb. Ein bør vel prøve å lage ei så lokal spesifisering som mogleg i og med at t.d. Nordland fylke har minst 3 Sørfjordar.--Kristian Haraldson 6. feb 2005 kl. 2105 (UTC)

Ja, du har eit poeng der... Eg føreslår at denne Sørfjorden blir flytt til Sørfjorden i Hardanger — eller eventuelt at vi beheld denne hovudartikkelen med kursivlenkje til Sørfjorden (fleirtyding). -- Olve 7. feb 2005 kl. 0045 (UTC)

Oops — litt seint ute der... :) -- Olve 7. feb 2005 kl. 0048 (UTC)

Eg ser at Sørfjorden i Rana er tenkt å handle om Sørfjorden i Sjona, i Rana kommune. Eg ville gjetta på at Sørfjorden i Rana var Sørfjorden i Ranfjorden - i Hemnes kommune. Men kanskje vi unngjekk misforståingar om vi skreiv Sørfjorden i Ranfjorden. Kva er hovudlina - fleirtydingsnamn i hovudfjord eller fleirtydingsnamn i kommune? - Knut 00:08, 1 mars 2008 (CET)
Eg har stort sett gått for «fjord i fylke» eller «fjord i kommune». Nokre fjordar er jo delt mellom fleire kommunar og då har eg stort sett gått for fylke, landskap eller hovudfjord. --Frokor 00:18, 1 mars 2008 (CET)
8 fjordar i same fylke (Nordland) vitnar kanskje om liten kreativitet :-) Eller berre veldig mange fjordar. --Frokor 00:20, 1 mars 2008 (CET)
Eg trur Sørfjorden i Vefsnfjorden, Sørfjorden i Sjona, Sørfjorden i Ranfjorden osv er mest oversiktleg, i alle fall i Nordland. Fjordane er ofte delt mellom fleire kommunar. - Knut 00:28, 1 mars 2008 (CET)
Då er det berre å endre. Lettast no før dei er oppretta (eg er på veg nordover) --Frokor 00:40, 1 mars 2008 (CET)
Eg endra for Nordland. Ikkje så lett alltid, slik landet er skapt, å sjå kva som er hovudfjorder og kva som er greiner. Eit anna spørsmål er kva for fjorder som er verd ein eigen artikkel. Det er nokre Sørfjorder som ikkje er med på 1:250 000-kart; dei har eg ikkje teke med. - -Knut 10:58, 1 mars 2008 (CET)