Diskusjon:Samisk kultur

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Disposisjon[endre wikiteksten]

Artikkelen er sjølvsagt for kort, skisseprega og merka av at han er omsett frå finsk. Det største problemet er likevel disposisjonen: Korleis skal ein artikkel om X-isk kultur blir disponert? Kva er hovuddelane, kva kjem under der? Korleis avgrense, i tid og emne? Trondtr (diskusjon) 14. april 2022 kl. 12:28 (CEST).[svar]

Eg ønskte å byrja med ein kort artikkel som kunne utbetrast med meir stoff etterkvart. en:Sámi har til dømes ein solid bolk om kultur me kan leggja til frå. Når det gjeld oppsett er Russisk kultur den største artikkelen av denne typen me har, som kan gje døme på korleis ein kan gruppera liknande emne. For spørsmålet om tidsrom er kanskje det beste å ta utgangspunkt i korleis ting er no, og gå litt inn på historia for kvar av dei der dette er interessant. --Ranveig (diskusjon) 14. april 2022 kl. 12:56 (CEST)[svar]

Referanse 17 «Saamelainen ruokakulttuuri». Gáldu - Alkuperäiskansojen oikeuksien osaamiskeskus: URL http://galdu.org/web/index.php?artihkkal=99&giella1=spa blir omdirigert til https://jkccs.net/?artihkkal=99&giella1=spa ei side om spelemaskinar på eit språk som ikkje er norsk eller samisk. Ser ikkje bra ut - kan fjernast? --Roar (diskusjon) 17. april 2022 kl. 19:30 (CEST)[svar]

Eg fann han att på archive.org. Referansar bør ikkje fjernast, men erstattast av ein arkivert versjon eller ein ny referanse. --Ranveig (diskusjon) 18. april 2022 kl. 08:16 (CEST)[svar]