Russisk kultur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vasilijkatedralen ved Den raude plassen i Moskva

Russisk kultur er kulturen til folkegruppa russarar og dei mange andre folkegruppene i Russland. Kulturen har rike tradisjonar på ei rekkje område,[1] som litteratur,[2] filosofi, musikk,[3][4] folkedans,[5] ballett,[6] arkitektur, biletkunst, film[7] og animasjon. Innan alle desse områda har Russland hatt betydeleg påverknad på global kultur. Russland har også ein rik materiell kultur og ein lang tradisjon innan vitskap og teknologi.

Nasjonalsymbol[endre | endre wikiteksten]

Emblemet til det russiske kulturdepartementet. Bildet viser ei krona dobbeltørn der krona i midten er knytt til to andre kroner. Dette er ofte brukt som eit biletdøme på naturen til russisk kultur. Eit hovud ser mot Europa og speglar det vesteuropeiske elementet i russisk kultur, det andre ser mot Asia og symboliser det austlege elementet i Russland.[8]

Statssymbol[endre | endre wikiteksten]

Russiske statssymbol er mellom anna den austromerske dobbeltørna, kombinert med St. Georg av Moskva i Det russiske riksvåpenet; desse symbola stammar frå tida for Storhertugdømet Moskva. Det russiske flagget dukka opp seint i tsar-tida, og blei mykje brukt i Det russiske imperiet. Den noverande russiske nasjonalsongen har same melodi som den tidlegare sovjetiske nasjonalsongen, men ikkje same tekst, sjølv om mange russarar frå eldre generasjonar ikkje kjenner til dei nye tekstane og syng dei gamle. Mottoet til Det russiske imperiet, «Gud er med oss», og Sovjetunionen sitt motto «Proletarar i alle land, samein dykk!» er no forelda, og landet har ikkje offisielt innført noko nytt motto for å erstatta dei. Hammar og sigd og det fulle sovjetvåpenet er framleis til stades i russiske byar som ein del av gamle arkitektoniske dekorasjonar. Sovjetiske raude stjerner ser ein òg, ofte på militært utstyr og krigsminnesmerke. Det sovjetiske raude banneret er framleis æra, særleg sigersbanneret frå 1945.

Opna matrjosjkadokke.

Uoffisielle symbol[endre | endre wikiteksten]

Matrjosjkadokka er eit gjenkjenneleg symbol på Russland, medan tårna til Kreml i Moskva og Vasilijkatedralen i Moskva er dei viktigaste arkitektoniske symbola på landet. Jomfru Maria, heilage Nikolas, apostelen Andreas, heilage Jørgen, heilage Aleksandr Nevskij, heilage Sergius av Radonezj og heilage Serafim av Sarov er vernehelgenar for Russland. Den russiske nasjonale personifiseringa er kvinna Moderlandet (Родина мать), kallar Moder Russland i Vesten, som er avbilda i ein kjend statue på Mamajev Kurgan ved Volgograd (tidlegare Stalingrad). Kamille er ein blome som russarar ofte forbind med moderlandet sitt, medan bjørk er eit nasjonaltre. Den russiske bjørnen er eit dyr ein ofte knyter til Russland, sjølv om dette bildet har vestleg opphav, og russarane sjølv ikkje ser på det ikkje som eit spesielt symbol. Tsjeburasjka er ein maskot for det russiske OL-landslaget.

Språk og litteratur[endre | endre wikiteksten]

Dei 160 folkegruppene i Russland snakkar rundt 100 språk.[1] Ifølgje folketeljinga frå 2002 snakka 142,6 millionar menneske i landet russisk, følgd av tatarisk med 5,3 millionar talarar og ukrainsk med 1,8 millionar talarar.[9] Russisk er det einaste offisielle statsspråket, men grunnloven gjev einskilde republikkar retten til å gjera sine lokale språk offisielle i lag med russisk (jf. Sovjetisk språkpolitikk for ei framstilling av bakgrunnen for denne politikken).[10] Sjølv om språket er spreidd over eit stort område, er russisk relativt homogent gjennom heile Russland. Russisk er det mest geografisk utbreidde språket i Eurasia og det mest utbreidde slaviske språket.[11] Russisk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien og er eit av dei levande medlemmane av austslaviske språk, saman med kviterussisk og ukrainsk (og kanskje rusinsk). Det finst skriftlege døme på gammalaustslavisk (gammalrussisk) frå 900-talet av.[12]

Over ein fjerdedel av den vitskaplege litteraturen i verda er gjeven ut på russisk. Russisk blir også brukt til å lagra universell kunnskap — 60–70 % av all informasjonen i verda er gjeven ut på engelsk og russisk.[13] Russisk er eit av dei seks offisielle språka til Dei sameinte nasjonane.

Folkeminne[endre | endre wikiteksten]

Bogatyrar av Viktor Vasnetsov. Tre heltar frå russisk mytologi: Dobrynja Nikititsj, Ilja Muromets og Aljosja Popovitsj.
Palekh-miniatyr av eventyrfiguren Vasilisa den vene.
For meir om dette emnet, sjå russisk folkeminne.

Nyare russisk folkeminne byggjer på den heidenske trua til gamle slaviske folk, som har halde seg ved like i russiske tradisjonar. Episke russiske bylina-verk er også ein viktig del av slavisk mytologi. Dei eldste bylinaene frå Kiev-syklusen blei i røynda for det meste skrivne ned i Nord-Russland, særleg i Karelen, der mykje av det finske nasjonaleposet Kalevala også blei skrive ned.

Mange russiske eventyr og bylinaer er filmatiserte som animasjonar eller spelefilmar av kjende regissørar som Aleksandr Ptusjko (Ilja Muromets, Sadko) og Aleksandr Rou (Morozko, Vasilisa den vene). Ein del russiske diktarar, som Pjotr Jersjov og Leonid Filatov, laga fleire kjende poetiske fortolkingar av klassiske russiske eventyr, og nokre høve, som med Aleksandr Pusjkin, skapte dei også eigne kunsteventyr-dikt som blei særs populære.

Folkloristar i dag reknar Sovjetunionen på 1920-talet som ein gullalder for folklore. Dei nye styresmaktene, som hadde hendene fulle med å skipa eit nytt system for administrasjon og fornya den gammaldagse økonomien til landet, hadde fyrst ikkje tid til å kontrollera litteraturen, så studiar av folklore blømde fritt. Etter at Josef Stalin kom til makta og innførte sin fyrste femårsplan i 1928, byrja dei sovjetiske styresmaktene å kritisera og sensurera folklorestudiar. Stalin og sovjetregimet undertrykte folklore, som dei meinte støtta opp om det gamle tsar-styre og ein kapitalistisk økonomi. Dei såg på det som minne om eit gammaldags samfunn som bolsjevikane prøvde hardt å avvikla og erstatta med sitt eige system.[14] For å halda folklorestudiar i sjakk og hindra at «upassande» idear spreier seg blant massane, oppretta regjeringa den russiske foreininga for proletariske forfattarar. Foreininga fokuserte spesifikt på å sensurera eventyr og barnelitteratur, og meinte at fantasi og «borgarleg tullskap» skadde utviklinga av gode sovjetiske borgarar. Eventyr blei tekne vekk frå bokhyller og ungar blei oppmuntra til å lesa bøker om natur og vitskap.[15] Den russiske foreininga for proletariske forfattarar utvida etterkvart graden av sensur, og blei til Den sovjetiske forfattarforeininga i 1934.

Bortsett frå å sirkulera regjeringsgodkjente eventyr og bylinaer som allereie eksisterte, skreiv forfattarar som følgde godkjend sovjetisk ideologi under Stalin sitt styre kommunistiske eventyr og introduserte dei for befolkninga. Desse moderne eventyra kombinerte strukturane og motiva til den gamle bylinaen med det moderne livet i Sovjetunionen. Dei nye historiene blei kalla noviny, og blei haldne fram som ein renessanse av det russiske eposet.[16] Folkloristar blei bedne om å læra moderne folkesongarar den konvensjonelle stilen og strukturen til tradisjonelle bylinaer. Dei forklarte òg utøvarane dei rette typane kommunistisk ideologi som skulle vera representerte i dei nye historiene og songane.[17] Sidan utøvarar på den tida ofte var dårleg utdanna, trong dei å få ei grundig forståing av marxistisk ideologi før dei kunne forventast å formidla folkeeventyr til publikum på ein måte som passa den sovjetiske regjeringa. I tillegg til å ha gjennomgått ei omfattande opplæring, reiste mange folkekunstnarar gjennom heile landet for å få innsikt i livet til arbeidarklassen, og dermed kommunisera historiene sine meir effektivt.[18] På grunn av den avgjerande rolla si med å spreia kommunistiske ideal i heile Sovjetunionen, blei nokre av desse utøvarane til slutt høgt verdsette medlemmer av det sovjetiske samfunnet. Ei rekke av dei blei, sjølv om dei kunne vera analfabetar, valde som medlemmer av Den sovjetiske forfattarforeininga.[19]

Dei nye sovjetiske eventyra og folkesongane la hovudsakleg vekt på skilnaden mellom eit hardt liv i det gamle Tsar-Russland og eit betra liv under leiarskapen til Stalin.[20] Karakterane deira representerte identitetar som sovjetiske borgarar skulle streva etter, og eksemplifiserte eigenskapane til «den nye sovjetiske mannen.»[21] Heltane til sovjetiske historier var meinte å skildra ein transformert og forbetra versjon av den gjennomsnittlege borgaren, noko som gav lesaren eit klart mål for eit ideelt samfunnsorientert sjølv som framtida han eller ho var meint å bli. Desse nye folkeeventyra erstatta magi med teknologi, og overnaturlege krefter med Stalin.[22] I staden for å få viktige råd frå eit mytisk vesen, kunne hovudpersonen få råd frå ein allvitande Stalin. Om han følgde råda til Stalin, kunne han vera sikra suksess i alle prøvingane sine og ein fullstendig transformasjon til «den nye sovjetiske mannen.»[23] Skurkane i desse moderne eventyra var «dei kvite» og leiaren deira Idolisce, som tilsvarte tsaren. Skildringar av dei kvite i nyheita speglar dei av tartarane i bylinaer.[24] I desse nye historiene var dei kvite inkompetente, stilleståande kapitalistar, medan dei sovjetiske innbyggarane blei uovervinnelege heltar.[25]

Etter at Stalin døydde i mars 1953, forlét folkloristane raskt dei nye eventyra. Noviny var skrivne av einskilde forfattarar og utøvarar, og kom ikkje frå den munnlege tradisjonen til arbeidarklassen. I dag er dei rekna som pseudo-folklore, heller enn verkeleg sovjetisk (eller russisk) folklore.[26]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Russisk litteratur.
Lev Tolstoj er ein viktig figur innan russisk litteratur.

Russisk litteratur omfattar nokre av dei mest kjende litterære verka i verda.[27] Russisk litteraturhistorie kan førast tilbake til 900-talet. På 1700-talet blir utviklinga styrka av verka til Mikhail Lomonosov og Denis Fonvizin, og på byrjinga av 1800-talet hadde det oppstått ein moderne innfødd tradisjon som hadde produsert nokre av dei største forfattarane gjennom tidene. Denne perioden og gullalderen for russisk poesi byrja med Aleksandr Pusjkin, rekna som grunnleggjaren av moderne russisk litteratur og ofte omtalt som «den russiske Shakespeare» eller «den russiske Goethe».[28] Utviklinga fortsette på 1800-talet med dikta til Mikhail Lermontov og Nikolaj Nekrasov, skodespela til Aleksandr Ostrovskij og Anton Tsjekhov og prosaen til Nikolaj Gogol, Ivan Turgenjev, Lev Tolstoj, Fjodor Dostojevskij, Mikhail Saltykov-Sjtsjedrin, Ivan Gontsjarov, Aleksej Pisemskij og Nikolaj Leskov. Tolstoj og Dostojevskij var særskild viktige figurar, slik at mange litteraturkritikarar har skildra den eine eller den andre av dei som den største forfattaren nokosinne.[29][30] Eit viktig tema i russisk litteratur har alltid vore den russiske sjela.

På 1880-talet hadde russisk litteratur byrja å endra seg. Tida til dei store romanforfattarane var over og kort fiksjon og poesi blei dei dominerande sjangrane i russisk litteratur dei neste tiåra, som seinare blei kjente som sølvalderen for russisk poesi. Russisk litteratur hadde tidlegare vore dominert av realisme, men blei sterkt prega av symbolisme i åra mellom 1893 og 1914. Leiande forfattarar frå denne tida er mellom anna Valerij Brjusov, Andrej Belyj, Vjatsjeslav Ivanov, Aleksandr Blok, Nikolaj Gumiljov, Dmitrij Merezjkovskij, Fjodor Sologub, Anna Akhmatova, Osip Mandelstam, Marina Tsvetajeva, Leonid Andrejev, Ivan Bunin og Maksim Gorkij.

Etter Den russiske revolusjonen i 1917 og den påfølgjande borgarkrigen var russisk kulturliv i kaos. Nokre framståande forfattarar, som Ivan Bunin og Vladimir Nabokov, forlet landet. Andre gjekk saman i ulike organisasjonar med mål om å skapa ein ny og særmerkt arbeidarklassekultur som passa til den nye staten, Sovjetunionen. På 1920-talet møtte forfattarane brei toleranse. På 1930-talet blei sensuren over litteraturen stramma inn i tråd med Josef Stalin sin politikk om sosialistisk realisme. Etter at Stalin døydde blei avgrensingane for litteraturen letta, og på 1970- og 1980-talet ignorerte forfattarar i aukande grad offisielle retningslinjer. Dei leiande forfattarane i sovjettida var mellom anna Jevgenij Zamjatin, Isaac Babel, Vladimir Majakovskij, Ilf og Petrov, Jurij Olesja, Mikhail Bulgakov, Boris Pasternak, Mikhail Sjolokhov, Aleksandr Solzjenitsyn, Jevgenij Jevtusjenko, Vasilij Grossman og Andrej Voznesenskij.

Sovjettida var òg ein gullalder for russisk science fiction, som opphavleg var inspirert av vestlege forfattarar og som blei entusiastisk utvikla i samband med suksessen til det sovjetiske romprogrammet. Forfattarar som Arkadij og Boris Strugatskij, Kir Bulytsjev, Ivan Jefremov og Aleksandr Beljajev blei populære på denne tida.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Nokre russiske forfattarar, som Tolstoj og Dostojevskij, er òg kjende som filosofar, medan mange fleire forfattarar først og fremst er kjende for dei filosofiske verka sine. Russisk filosofi bløma frå 1800-talet, då han opphavleg var definert av opposisjonen frå folk som ønska vestleggjering, og meinte at Russland burde følgja dei vestlege politiske og økonomiske modellane, og slavofilar, som insisterte på å utvikla Russland som ein unik sivilisasjon. Den sistnemnde gruppa inkluderer Nikolaj Danilevskij og Konstantin Leontiev, dei første grunnleggarane av eurasianismen.

I den vidare utviklinga si var russisk filosofi alltid prega av ei djup tilknyting til litteratur og interesse for kreativitet, samfunn, politikk og nasjonalisme; kosmos og religion var andre hovudemne. Nokre viktige filosofar på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet var Vladimir Solovjov, Sergej Bulgakov, Pavel Florenskij, Nikolaj Berdjajev, Vladimir Losskij og Vladimir Vernadskij. På 1900-talet blei russisk filosofi dominert av marxisme.

Humor[endre | endre wikiteksten]

Russland skylder mykje av humoren sin til den store fleksibiliteten og rikdommen i det russiske språket, noko som gjev ordspel og uventa assosiasjonar. Som med alle andre nasjonar, spenner det enorme omfanget frå vulgære vitsar og tøysete ordspel til politisk satire.

Russiske vitsar, den mest populære forma for russisk humor, er korte fiktive historier eller dialogar med eit poeng til slutt. Russisk vitsekultur har ei rekkje kategoriar med faste og svært kjente situasjonar og karakterar. Ein oppnår overraskande effektar ved eit uendeleg utval av plott.

Tsjastusjka er ei form for tradisjonelt russisk dikt av eit enkelt vers med eit rimskjema som følgjer «abab» eller «abcb». Slike dikt kan ofte syngast, vanlegvis akkompagnert av balalaika eller trekkspel.

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Russisk kunst har mykje stilmessig likskap med den frå andre austslaviske land, som Ukraina og Kviterussland.

Allereie på 1100- og 1200-talet hadde Russland nasjonale meistrar som var uavhengige av utanlandsk innverknad, dvs. frå grekarane på den eine sida, og på den andre sida av dei lombardiske meistrane som var blitt henta for å bygga Uspenskijkatedralen i Vladimir. Russland sitt forhold til den greske verda blei avbrote av den mongolske invasjonen, og det er frå isolasjonen som følgjer av dette at ein kan spora originaliteten til den slavisk-russiske ornamentikken, som har sin eigen karakter, ganske ulik den bysantinske stilen og den avleidde romanske.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Russisk arkitektur byrja med trebygningane til dei gamle slavarane. Nokre karakteristikkar henta frå dei slaviske heidenske templa er dei utvendige galleria og bruken av fleire tårn. Sidan kristninga av Kievriket var russisk arkitektur i fleire hundreår hovudsakleg påverka av bysantinsk arkitektur, fram til Konstantinopel fall. I tillegg til festningsverk (kreml), var dei viktigaste steinbygningane til dei gamle rusarane ortodokse kyrkjer med mange kuplar som kunne vera forgylla eller måla i sterke fargar. Aristotele Fioravanti og andre italienske arkitektar førte med seg tendensar frå renessansen til Russland. 1500-talet såg utviklinga av unike kyrkjer med telttak, med Vasilijkatedralen som eit høgdepunkt. På den tida var laukkuppelkonstruksjonen òg fullt utvikla. På 1600-talet blomstra den «brennande stilen» av ornamentikk i Moskva og Jaroslavl, og bana gradvis veg for Narysjkin-barokk på 1690-talet. Etter at reformene til Peter den store hadde ført Russland mykje nærare den vestlege kulturen, følgde endringa av arkitektoniske stilar i landet generelt den i Vest-Europa.

På 1700-talet førte smaken for rokokkoarkitektur til dei fantastiske verka til Bartolomeo Rastrelli og etterfølgjarane hans. Under Katarina den store og barnebarnet hennar Aleksander I blei Saint Petersburg omdanna til eit utandørsmuseum av neoklassisk arkitektur. Andre halvdel av 1800-talet blei dominert av den bysantinske og russiske vekkingsstilen (dette tilsvarer nygotikk i Vest-Europa). Viktige stilar på 1900-talet var art nouveau (Fjodor Sjekhtel), konstruktivisme (Moisej Ginzburg og Viktor Vesnin), og staliniststil (Boris Iofan). Etter at Stalin døydde fordømde den nye sovjetiske leiaren, Nikita Khrusjtsjov, dei tidligere «overdrivne» arkitektoniske stilane, og i slutten av sovjettida blei arkitekturen i landet dominert av enkel funksjonalisme. Dette hjelpte noko med å løysa bustadproblemet, men skapte dei store massiva av bygningar med låg arkitektonisk kvalitet, mykje i motsetnad til den førre lyse arkitekturen. Etter fallet til Sovjetunionen betra situasjonen seg. Mange kyrkjer som var blitt rivne i sovjettida blei bygde oppatt, og denne prosessen heldt fram saman med restaureringa av forskjellige historiske bygningar som var blitt øydelagde i andre verdskrigen. Når det gjeld den opphavlege arkitekturen, er det ikkje lenger nokon vanleg stil i det moderne Russland, sjølv om internasjonal stil har hatt stor innverknad.

Handverk[endre | endre wikiteksten]

Matrjosjka er ei kjend russisk tredokke der hole, større dokker skjular mindre dokker. Ein har vanlegvis seks eller fleire lag med dokker. Forma på dokkene er stort sett sylindrisk, avrunda øvst for hovudet og konisk mot botnen, men lite anna. Dokkene har ingen armar eller føter, bortsett frå dei som er måla på. Kvar dokke kan vera ekstremt forseggjort. Motivet er vanlegvis bondejenter i tradisjonelle klede, men kan vera nesten kva som helst; til dømes eventyrfigurar eller sovjetiske leiarar.

Andre former for russisk handverk er khokhloma- og Zjostovo-måleri, Palekh-miniatyrar, Dymkovo- og Filimonovo-leiker, Gzjel-keramikk, pisanka (påskeegg), treskorne lykkefuglar, Pavlovo Posad-sjal og rusjnik-klede.

Ikon[endre | endre wikiteksten]

Russiske ikon er vanlegvis måleri på tre, ofte små, sjølv om nokon i kyrkjer og kloster kan vera like store som ei bordplate. Mange religiøse heimar i Russland har ikon som heng på veggen i krasny ugol, det «raude» eller «vakre» hjørnet (ikonhjørnet). Det er ei rik historie og forseggjort religiøs symbolikk knytt til ikon. I russiske kyrkjer er skipet vanlegvis skild frå alterrommet av ein ikonostas danna av ikon. Ikonmåleri i Russland har hatt som føremål å hjelpa folk med bønnene sine utan å idolisera figuren i måleriet. Den mest omfattande samlinga av ikonkunst finst ved Tretjakovgalleriet.[31]

Bruk og måling av ikon kom til Kievriket i samband med at det gjekk over til den ortodokse kristendommen som kom frå Austromarriket i år 988. Som ein generell regel følgde desse ikona strenge modellar og formlar gjort heilage gjennom bruk, nokre av dei med opphav i Konstantinopel. Etter kvart som tida gjekk utvida russarane - spesielt Andrej Rubljov og Dionisij — vokabularet til ikoniske typar og stilar langt utover alt som finst andre stader. Dei personlege, improvisatoriske og kreative tradisjonane frå vesteuropeisk religiøs kunst manglar stort sett i Russland før 1600-talet, då Simon Usjakov sine måleri blei sterkt påverka av religiøse måleri og graveringer frå både protestantiske og katolske delar av Europa.

På midten av 1600-talet førte endringar i liturgi og praksis innført av patriark Nikon til ei splitting i den russisk-ortodokse kyrkja. Tradisjonalistane, dei forfølgde «gammalritualistane» eller dei «gammaltruande», fortsette den tradisjonelle stiliseringa av ikon, medan den russiske statskyrkja modifiserte praksisen sin. Frå denne tida byrja ikon å bli måla ikkje berre i den tradisjonelle stiliserte og ikkje-realistiske modusen, men også i ei blanding av russisk stilisering og vesteuropeisk realisme, og på ein vesteuropeisk måte veldig lik den til katolsk religiøs kunst frå den tida. Stroganov-skulen og ikona frå Nevjansk er nokre av dei siste viktige skulane for russisk ikonmåling.

Lubok[endre | endre wikiteksten]

Ein lubok (fleirtal lubki, russisk лубо́к, лубо́чная картинка) er ein russisk trykksak kjenneteikna av enkel grafikk og forteljingar henta frå litteratur, religiøse historier og populære soger. Lubok-trykk blei brukte som dekor i hus og vertshus. Tidlege døme frå slutten av 1600- og byrjinga av 1700-talet var tresnitt, deretter var graveringar eller etsingar vanlege, og frå midten av 1800-talet nytta ein litografi. Dei kunne opptre i seriar, som kan reknast som forgjengarar for den moderne teikneserien. Billege og enkle bøker som for det meste bestod av bilete, blir kalla lubok-litteratur.[32] Det russiske ordet lubok stammar frå lub - ein særskild type brett som bilete blei trykte på.

Klassisk måleri[endre | endre wikiteksten]

Det russiske kunstakademiet blei oppretta i 1757 med sikte på å gje russiske kunstnarar ei internasjonal rolle og status. Viktige portrettmålarar frå akademiet inkluderer Ivan Argunov, Fjodor Rokotov, Dmitrij Levitzkij og Vladimir Borovikovskij.

Tidleg på 1800-talet, då nyklassisismen og romantikken blomstra, fokuserte berømte akademiske kunstnarar på mytologiske og bibelske tema, som Karl Brjullov og Aleksandr Ivanov.

Realistisk måleri[endre | endre wikiteksten]

Zaporog-kosakkar skriv brev til den tyrkiske sultanen av Ilja Repin

Realismen fekk ein dominans på 1800-talet. Realistane fanga russisk identitet i landskap med breie elvar, skogar og bjørkelysningar, så vel som kraftige sjangerscener og robuste portrett av samtida si. Andre kunstnarar fokuserte på sosial kritikk, og viste forholda til dei fattige og karikerte autoriteten; sosialrealismen blomstra under Aleksander II, så vel som kraftige sjangerscener og robuste portrett av deira samtid. Andre kunstnarar fokuserte på sosial kritikk, og viste forholda til den fattige og karikaturiserande autoriteten. Peredvizjniki var ei gruppe kunstnarar som braut med akademiet og skipa ein skule fri frå akademiske restriksjonar. Leiande realistar var Ivan Sjisjkin, Arkhip Kuindzji, Ivan Kramskoj, Vasilij Polenov, Isaak Levitan, Vasilij Surikov, Viktor Vasnetsov og Ilja Repin.

Ved byrjinga av 1900-talet og seinare utvikla mange russiske kunstnarar sine særeigne stilar, som verken var realistiske eller avantgardistiske. Desse inkluderer Boris Kustodijev, Kuzma Petrov-Vodkin, Mikhail Vrubel og Nicholas Roerich. Mange verk frå Peredvizjniki-gruppa er blitt svært ettertrakta av samlarar dei siste åra. Russiske kunstauksjonar under Russian Art Week i London har auka etterspurnaden, og verk er blitt selde for rekordhøge prisar.

Russisk avantgarde[endre | endre wikiteksten]

Russisk avantgarde er eit samleomgrep som blir brukt til å definera den store, innverknadsrike bølgja av modernistisk kunst som blomstra i Russland frå omtrent 1890 til 1930. Omgrepet dekker mange separate, men uløyseleg relaterte, kunstrørsler som fanst på denne tida; nemleg nyprimitivisme, suprematisme, konstruktivisme, rayonisme og futurisme. Kjende kunstnarar frå denne tida er mellom anna El Lisitskij, Kasimir Malevitsj, Vasilij Kandinskij, Vladimir Tatlin, Aleksandr Rodtsjenko, Pavel Filonov og Marc Chagall. Den russiske avantgarden nådde den kreative og populære høgda si i perioden mellom Den russiske revolusjonen i 1917 og 1932, då dei revolusjonære ideane til avantgarden kolliderte med den nyleg oppståtte konservative retninga sosialistisk realisme.

På 1900-talet gjorde mange russiske kunstnarar karriere i Vest-Europa, etter at dei var blitt nøydde til å emigrera på grunn av revolusjonen. Vasilij Kandinskij, Marc Chagall, Naum Gabo og andre spreidde arbeid, idear og påverknaden frå russisk kunst globalt.

Sovjetisk kunst[endre | endre wikiteksten]

Under Oktoberrevolusjonen blei det byrja ei rørsle for å leggja all kunst under «diktaturet til proletariatet». Organisasjonen som skulle stå for dette blei skipa dagar før revolusjonen som Proletkult, ei forkorting for Proletarskije kulturno-prosvetitelnje organizatsi. Ein leiande teoretikar for denne rørsla var Aleksandr Bogdanov. I fyrstninga støtta Narkompros (Utdanningsdepartementet), som også hadde ansvar for kultur, Proletkult. Sjølv om ho var marxistisk i karakter, blei Proletkult mislikt av fleire partileiarar, og i 1922 hadde rørsla gått kraftig tilbake. Ho blei oppløyst av Stalin i 1932.

Seint i sovjettida kombinerte likevel mange kunstnarar sosialistisk realisme med oppfinnsamheit, mellom anna Ernst Neizvestnij, Ilja Kabakov, Mikhail Sjemjakin, Igor Novikov, Erik Bulatov og Vera Mukhina. Dei brukte teknikkar så varierte som primitivisme, hyperrealisme, det groteske og abstraksjon.

Utøvande kunst[endre | endre wikiteksten]

Russisk folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Kvinner i tradisjonelle klede syng og speler tresjtsjotka, tamburin og skeier i Belgorod oblast i 2010.

Russarar har særeigne tradisjonar innan folkemusikk. Typiske etniske russiske musikkinstrument er gusli, balalaika, zjalejka, balalaika-kontrabass, bajan-trekkspel, sigøynargitar og garmosjka. Folkemusikk hadde stor innverknad på russiske klassiske komponistar, og i nyare tid har han vore ei inspirasjonskjelde for ei rekkje populære musikkgrupper, som Zolotoje Koltso og Ljudmila Zykina. Russiske folkesongar og patriotiske songar frå sovjettida utgjer hovudtyngda av repertoaret til det verdskjende Raude Hær-koret og andre populære russiske ensemble.

Folkedans[endre | endre wikiteksten]

Russisk knebøyedans, prisiádka

Russisk folkedans kan vanlegvis delast opp i to hovudtypar av dansar: Khorovod (russisk Хоровод), ein sirkulær leiketypedans der deltakarane held hender, syng, og handlinga vanlegvis skjer i midten av sirkelen, og pljaska (russisk Пляска eller Плясовый), ein sirkeldans for menn og kvinner som aukar i mangfald og tempo. Andre former for russisk folkedans inkluderer pereplyjs (Перепляс), ein konkurransedans for menn, massedans (Массовый пляс), ein upara scenedans utan avgrensingar på alder eller talet på deltakarar, gruppedans (Групповая пляска), ein type massedans med enkle runddanspassasjar og improvisasjon, og kvadriljar (Кадриль), opphavleg ein fransk dans som kom til Russland på 1700-talet

Etniske russiske dansar inkluderer også barynja (Барыня), kamarinskaja (Камаринская), kazatsjok (Казачок) og tsjetsjotka (Чечётка) (ein steppedans i bastsko og med ein bajan).[33] Trojka (Тройка) er ein dans med ein mann og to kvinner med namn etter den tradisjonelle russiske vogna som blir dregen av tre hestar. Bjørnedans eller dans med bjørn (Танец С Медведем) kan førast tilbake til 907 då den russiske prinsen Oleg, i feiringa av sigeren over grekarane i Kiev, hadde 16 mannlege dansarar kledde ut som bjørnar og fire bjørnar utkledde som dansarar som underhaldning.[34] Eit vanleg trekk ved heftige russiske dansar er knebøyelement.[35][36]

Klassisk musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikk i Russland på 1800-talet vart definert av spenninga mellom den klassiske komponisten Mikhail Glinka saman med dei andre medlemmene av Dei Fem, som omfamna russisk nasjonal identitet og la religiøse og folkelege element til komposisjonane sine, og det russiske musikalske samfunnet leidd av komponistane Anton og Nikolaj Rubinstein, som var musikalsk konservativt. Den seinare romantiske tradisjonen til Pjotr Iljitsj Tsjaikovskij, som var ein av dei mest populære komponistane i den romantiske tida, blei ført inn i 1900-talet av Sergej Rakhmaninov, som var ein av dei siste store meistrane for den romantiske stilen innan europeisk klassisk musikk.

Verdskjende komponistar på 1900-talet inkluderte Aleksandr Skrjabin, Igor Stravinskij, Sergej Rakhmaninov, Sergej Prokofjev, Dmitrij Sjostakovitsj og Georgij Sviridov. Under det meste av sovjettida blei musikk nøye saumfaren og halden innanfor konservative, lettfattelege rammer som følgde den sosialistiske realismen.

Sovjetiske og russiske konservatorium har gjeve frå seg generasjonar av verdskjende solistar. Blant dei mest kjente er fiolinistane David Ojstrakh og Gidon Kremer, cellisten Mstislav Rostropovitsj, pianistane Vladimir Horowitz, Svjatoslav Richter og Emil Gilels og songarane Fjodor Sjaljapin, Galina Visjnevskaja, Anna Netrebko og Dmitrij Hvorostovskij.[3]

Ballett[endre | endre wikiteksten]

Anna Pavlova

Det opphavlege formålet med ballett i Russland var å underhalda ved keisarhoffet. Det første ballettselskapet var Den keisarlege ballettskulen i St. Petersburg, som blei skipa på 1740-talet. Ballets Russes var eit ballettselskap grunnlagt i 1909 av Sergej Djagilev, ein særs viktig figur på den russiske ballettscena. Diaghilev og utanlandsreisene hans med Ballets Russes påverka utviklinga av dans over heile verda.[6] Hovudkvarteret til ballettselskapet hans låg i Paris. Ein protesjé av Diaghilev, George Balanchine, grunnla New York City Ballet Company i 1948.

Tidleg på 1900-talet oppnådde dei russiske ballettdansarane Anna Pavlova og Vatslav Nizjinskij stort ry. Sovjetisk ballett bevarte dei perfeksjonerte 1800-talstradisjonane,[37] og sovjetiske danseskular kom med den eine internasjonale stjerna etter den andre, som Maja Plisetskaja, Rudolf Nurejev og Mikhail Barysjnikov. Bolsjoj-balletten i Moskva og Mariinskijballetten i St. Petersburg er framleis kjende over heile verda.[4]

Opera[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste kjende operaen laga i Russland var 'Livet for tsaren' av Mikhail Glinka frå 1836. Denne blei følgd av fleire andre, som 'Ruslan og Ljudmila' frå 1842. Russisk opera var frå byrjinga ein kombinasjon av russisk folkemusikk og italiensk opera. Etter Oktoberrevolusjonen drog mange operakomponistar frå landet. Nokre av dei mest populære russiske operaene er Boris Godunov, Eugen Onegin, 'Den gylne hanen', 'Prins Igor' og 'Spar dame'.

Moderne musikkstilar[endre | endre wikiteksten]

Sidan slutten av sovjettida har Russland opplevd ei ny bølgje av vestleg kulturell innverknad, noko som førte til utviklinga av mange tidlegare ukjente fenomen i den russiske kulturen. Det mest levande dømet er kanskje den russiske rockemusikken, som har røtene sine både i den vestlege rock'n'rollen og heavy metal, og i tradisjonane til dei russiske songarane frå sovjettida, som Vladimir Vysotskij og Bulat Okudzjava. St. Petersburg, Jekaterinburg og Omsk var dei viktigaste utviklingssentera for rockemusikken. Populære russiske rockegrupper er mellom anna Masjina Vremeni, Slot, DDT, Akvarium, Alisa, Kino, Nautilus Pompilius, Aria, Grazjdanskaja Oborona, Splean og Korol i Sjut. Samtidig utvikla russisk popmusikk seg frå det som i sovjettida var kjent som estrada til ein fullverdig industri, med nokre artistar som blei internasjonalt kjende, som t.A.T.u. i Vesten, eller Vitas i Kina.

Film[endre | endre wikiteksten]

Oktober (1928) av Sergej Eisenstein

Mens film i vestlege industrialiserte land fyrst blei rekna som ei form for billeg underhaldning og tidtrøyte for arbeidarklassen, voks russisk filmproduksjon fram etter revolusjonen i 1917 som eit viktig propagandamiddel. Han utforska særleg bruk av redigering som den primære modusen for filmuttrykk.[38] Nyvinningar innan film førte til verdskjende filmar som 'Panserkryssaren Potemkin'.[7] Kjende filmmakarar frå sovjettida var Sergej Eisenstein og Andrej Tarkovskij, begge innovative og innverknadsrike regissørar. Eisenstein var student av filmskaparen og teoretikaren Lev Kulesjov, som utvikla den banebrytande sovjetiske montasje-teorien om filmredigering ved den første filmskulen i verda, All-union-instituttet for Kinematografi. Dziga Vertov hadde med sin teori om kino-glaz ('film-auge'), om at kameraet, som det menneskelege auget, er best brukt til å utforska det verkelege livet - hadde ein enorm innverknad på utviklinga av dokumentarfilmskaping og filmrealisme. I 1932 gjorde Stalin sosialistisk realisme til statspolitikk; denne avgrensa kreativiteten noko, men mange sovjetiske filmar i denne stilen var kunstnarisk vellykka, som Tsjapajev, 'Tranane flyg' og 'Soldatballade'.[7]

1960- og 1970-talet såg ein større variasjon av kunstnariske stilar i den sovjetiske kinoen. Eldar Rjazanov og Leonid Gajdaj sine komediar frå denne tida var enormt populære, og fleire sitat frå filmane blir framleis brukte. I 1961–1967 regisserte Sergej Bondartsj ei Oscar-vinnande filmatisering av Tolstoj sitt episke Krig og fred, som var den dyraste sovjetfilmen som var blitt laga.[39] I 1969 kom Vladimir Motyl sin 'Kvit sol i ørkenen' utgitt, ein svært populær film i ein sjanger kjend som ostern, til motsetnad frå westernfilmar.[40]

Slutten av 1980-talet og 1990-talet var ein kriseperiode for russisk film og animasjon. Sjølv om russiske filmskaparar var blitt frie til å uttrykka seg, blei statlege subsidiar drastisk reduserte, noko som førte til færre produserte filmar. Dei første åra av 2000-tale førte med seg auka sjåartal og følgjande velstand til industrien på grunn av den raske utviklinga i økonomien, og produksjonsnivået blei høgare enn i Storbritannia og Tyskland.[41]

Animasjon[endre | endre wikiteksten]

Russland har òg ein lang og rik tradisjon for animasjon, som starta allereie mot slutten av tsar-tida. Det meste av russisk teikneserieproduksjon for kino og fjernsyn blei til under sovjettida, då Sojuzmultfilm-studioet var den største animasjonsprodusenten. Sovjetiske animatørar utvikla eit stort og eineståande utval av banebrytande teknikkar og estetiske stilar, med framtredande regissørar inkludert Ivan Ivanov-Vano, Fjodor Khitruk og Aleksandr Tatarskij. Sovjetiske teikneseriar er framleis ei kjelde til mange populære sitat, medan slike teikneserieheltar som den russiske Ole Brumm, søte vesle Tsjeburasjka, ulven og haren frå Nu, Pogodi! er blitt ikoniske bilde i Russland og mange land rundt. Tradisjonane med sovjetisk animasjon er blitt utvikla vidare av regissørar som Aleksandr Petrov og studio som Melnitsa, saman med Ivan Maksimov.

Vitskap og teknologi[endre | endre wikiteksten]

Radio og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

President Vladimir Putin vitjar Russia Today.

Russland var eit av dei første landa som introduserte radio og fjernsyn. På grunn av den enorme storleiken til landet leier Russland an i talet på fjernsyns-sendestasjonar og repeatarar. Det fanst få kanalar i sovjettida, men dei siste to tiåra har det dukka opp mange nye statlege og privateigde radiostasjonar og TV-kanalar. I 2005 byrja ein statleg engelskspråkleg tv-kanal kalla Russia Today eller RT,[42] følgd av spesialkanalar og versjonar på arabisk og spansk.[43]

Internett[endre | endre wikiteksten]

Frimerke for Runet

Med opphav i det russiske vitskaplege miljøet og IT-industrien blei det danna ein særskild russisk kultur for bruk av Internett sidan tidleg på 1990-talet. Frå andre halvdel av 1990-talet har omgrepet Runet blitt brukt for å omtala den delen av Internett som blir skriven eller oppfatta på russisk. Sidan Internett ikkje har direkte grenser, kan ikkje «Russisk Internett» (nettkommunikasjon på russisk) plasserast utelukkande blant brukarar som er busette i Russland, ettersom det inkluderer russisktalande menneske frå heile verda. Dette segmentet inkluderer millionar av brukarar i andre land frå det tidlegare Sovjetunionen, Israel og andre diasporaer i utlandet.[44]

Med introduksjonen av Verdsveven byrja mange sosiale og kulturelle hendingar også å opptre i det russiske internett-samfunnet. Det blei danna ulike nettsamfunn, og den mest populære voks ut av russisktalande brukarar av den California-baserte bloggplattformen LiveJournal (som blei kjøpt opp i desember 2007 av det russiske firmaet SUP Fabrik).[45] I januar 2008 hadde det dukka opp ein LiveJournal-blogg av den «3. statsmannen» i Russland, Sergej Mironov, og han blei kort tid etter følgd av den nye presidenten Dmitrij Medvedev, som opna ein personleg videoblogg som seinare òg blei utvida med ein Livejournal-versjon.

I nyare tid er det mange nettstader som tilbyr russisk språkinnhald, inkludert massemedium, e-handel, søkemotorar og så vidare. Særskild berykta er dei «russiske hackarane» blitt.[46] Russiske webdesignstudio, programvare og webhotellverksemder tilbyr ei rekkje tenester, og resultata dannar ein slags nasjonal digital kultur. Netthandelgigantar som Google and Microsoft har russiske dotterselskap; den russiske søkemotoren Yandex er svært populær[47] og har i fylgje Search Engine Journal[48] rundt 44 % av marknaden. Grunnen til dette er truleg at Yandex er svært godt tilpassa det russiske språket. I september 2007 passerte det nasjonale domenet .ru ein million domenenamn.[49] Ved slutten av 2000-åra var det sosiale nettverket VKontakte det mest brukte i Runet.

Vitskap og nyvinningar[endre | endre wikiteksten]

Luftakrobatikk-laga Dei russiske riddarane (Russkije Vitjazi) og Svalene (Strizji) opptrer med Su-27s- og MiG-29-fly.

På byrjinga av 1700-talet gav reformene til Peter den store (grunnleggaren av Det russiske vitskapsakademiet og Statsuniversitetet i St. Petersburg) og verksemda til person som polyhistoren Mikhail Lomonosov (grunnleggaren av Statsuniversitetet i Moskva) gav eit stort løft for utvikling av vitskap, ingeniørfag og innovasjon i Russland. På 1800- og 1900-talet produserte Russland eit stort tal viktige forskarar og oppfinnarar.

Nikolaj Lobatsjevskij, ein Kopernikus for geometri, utvikla ikkje-evklidsk geometri. Dmitrij Mendelejev fann opp periodesystemet, det grunnleggjande rammeverket for moderne kjemi. Nikolaj Benardos innnførte bogesveising, som blei vidare utvikla av Nikolaj Slavjanov, Konstantin Khrenov og andre russiske ingeniørar. Gleb Kotelnikov fann opp ryggsekk-fallskjermen, medan Jevgenij Tsjertovskij innførte trykkdrakta. Pavel Jablotsjkov og Aleksandr Lodygin var pionerar innan elektrofag og oppfinnar for tidlege elektriske lamper.

Aleksandr Popov var ein av oppfinnarane av radio, medan Nikolaj G. Basov og Aleksandr Prokhorov var medoppfinnarar av laser og maser. Igor Tamm, Andrej Sakharov og Lev Artsimovitsj utvikla ideen om tokamak for kontrollert kjernefusjon og skapte den fyrste prototypen for dette, som førte fram til det moderne ITER-prosjektet. Fleire kjende russiske vitskapsfolk og oppfinnarar slo seg ned i utlandet, som Igor Sikorskij og Vladimir Zworykin, og fleire utlendingar arbeidde i Russland i lang tid, som Leonhard Euler og Alfred Nobel.

Dei største russiske vitskapssuksessane har vore innan romteknologi og romforskning. Konstantin Tsiolkovskij var far til teoretisk astronautikk.[50] Arbeidet hans inspirerte leiande sovjetiske rakettingeniørar som Sergej Korolev, Valentin Glusjko og mange andre som bidrog til suksessen til det sovjetiske romprogrammet i dei tidlege stadia av romkappløpet og seinare.

I 1957 blei den første kunstige satellitten, Sputnik 1, send opp og 12. april 1961 blei den første menneskelege ferda til verdsrommet gjennomført av Jurij Gagarin. I 1963 blei Valentina Teresjkova send opp som den fyrste kvinna. Mange andre sovjetiske og russiske nyvinningar i romforskning følgde, inkludert den første romvandringa utført av Aleksej Leonov, den første romfartsroveren Lunokhod-1 og den første romstasjonen Saljut 1. I dag er Russland den største satellittoppsendaren i verda.[51][52]

Andre teknologiar der Russland historisk har hatt ei leiande rolle inkluderer atomteknologi, flyproduksjon og våpenindustri. Skipinga av det første kjernekraftverket saman med dei første kjernereaktorane for ubåtar og overflateskip blei leidde av Igor Kurtsjatov. NS «Lenin» var verdas første atomdrivne overflateskip så vel som det første atomdrivne sivile fartøyet, og NS «Arktika» var det første overflateskipet som nådde Nordpolen.

Fleire framtredande sovjetiske luftfartsingeniørar, inspirert av dei teoretiske verka til Nikolaj Zjukovskij, stod for etableringa av fleire dusin modellar av militære og sivile fly og grunnla ei rekke KB ('Konstruksjonsbyrå') som no utgjer hovedtyngden av føretaket United Aircraft Corporation. Nokre russiske fly er det første supersoniske passasjerflyet Tupolev Tu-144 av Aleksej Tupolev, Mig-jagarfly-serien av Artem Mikojan og Mikhail Gurevitsj, og Su-serien av Pavel Sukhoj og etterfølgjarane hans. MiG-15 er verdas mest produserte jetfly i historia, medan MiG-21 er det mest produserte supersoniske flyet. Under andre verdskrigen blei Bereznjak-Isajev BI-1 introdusert som det første rakettdrivne jagarflyet, og Iljusjin Il-2-bombeflyet blei det mest produserte militærflyet i historia. Polikarpov Po-2 Kukuruznik er verdas mest produserte biplan, og Mil Mi-8 er det mest produserte helikopteret.

Kjende russiske stridsvogner inkluderer T-34, den beste utforminga frå andre verdskrigen, og andre stridsvogner i T-serien, inkludert T-54/55, den mest produserte stridsvogna i historia,[53] den fyrste gassturbin-stridsvogna T-80 og den mest moderne russiske stridsvogna T-90. Geværslaga AK-47 og AK-74 utforma av Mikhail Kalasjnikov utgjer den mest brukte typen angrepsgevær over heile verda - så mykje at det er produsert fleire rifler av AK-typen enn alle andre angrepsrifler til saman.[54]

Det tidlege, særs populære dataspelet Tetris blei funne opp av den russiske matematikaren Aleksej Pazjitnov i 1984.[55] Seinare versjonar av spelet har ein russisk folkemelodi, «Korobejniki», som bakgrunnsmusikk.[56]

Daglegliv[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelle klede[endre | endre wikiteksten]

Maslenitsa-marknad måla i 1873.

Ikkje berre minoritetane i Russland, men den russiske kulturen som heilskap har i dei forskjellige regionane i landet som i Nordvest-Russland, Sentral-Russland, Sør-Russland, Sibir-Russland, Volga Russland, Ural, Den fjerne austen i Russland og det russiske Nord-Kaukasus og deira oblaster eigne lokale tradisjonar og eigenskapar som er blitt utvikla over lang tid gjennom sterke etnokulturelle interaksjonar i dei forskjellige gruppene og samfunna, som slavarar, tatarar og finsk-ugriske folk.[57]

Tradisjonelle russiske klede inkluderer kaftan, som det gamle Russland hadde til felles med liknande kåper i Det osmanske riket, Skandinavia og Persia.[58] Kosovorotka var i lang tid ein tradisjonell høgtidsbluse brukt av menn.[59] Hovudplagget usjanka blei utvikla på 1600-talet frå ein hatt med øyreklaffar kalla treukh. Sarafan er ein kjole knytt til Midtausten og blei brukt i sentrale og nordlege regionar i gamle Russland. I Sør-Russland er burka og papaha knytte til kosakkar som i sin tur er kulturelt knytte til folk frå Nord-Kaukasus. Kokosjnik for kvinner blei primært brukt i dei nordlege regionane av Russland på 1500- til 1800-talet. Lapti og liknande sko blei for det meste brukt av fattigare medlemmer i det gamle Russland og nordlege regionar der slaviske, baltiske og finsk-ugriske folk heldt til. Valenki er tradisjonelle varme sko av 1700-tals-design som opphavleg stamma frå asiatiske nomadar frå den store steppa. Russiske tradisjonelle klede og element frå dei har framleis høg prioritet i dagens Russland, særleg i nyheidenske slaviske samfunn, folkefestivalar, kosakksamfunn, i moderne mote og i russiske musikkensemble.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Zakuski er ein viktig del av russisk matkultur

Russisk mat bruker mykje fisk, fjørfe, sopp, bær og honning. Avlingar av rug, kveite, bygg og hirse gir ingrediensane til ei mengd brød, pannekaker, grautar, kvass, øl og vodka. Svart brød er relativt meir populært i Russland samanlikna med resten av verda. Supper, lapskaus og fylte mjølbollar er karakteristiske for russisk mat. Dei mest populære suppene inkluderer sjtsji, borsj, ukha, soljanka og okrosjka. Smetana (tjukk rømme) blir ofte tilsett til supper og salatar. Dei mest utbreidde mjølbollane er pirozjki, pelmeni, varenyky og tyrkiske manti. Ein av dei mest populære rettane er blini, kotlety og sjasjlyk. Populære salatar er russisk salat, vinegret og sildesalat. Ein av dei viktigaste særmerka for russisk matkultur er zakuski, eit bugnande koldtbord.

Turkultur[endre | endre wikiteksten]

Å gå tur eller spasera (russisk гулять, gulyat') er svært vanleg i det russiske samfunnet. Ungdommar kan ofte bli einige om å treffast for å gå tur.[60][61] Gonge er så viktig i russisk kultur at gulyat' også kan tyda 'å festa'.[62]

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Høgtider[endre | endre wikiteksten]

Ded Moroz (den russiske julenissen) i «heimen» sin Velikij Ustjug.

Russland har åtte offentlege høgtidsdagar. Det nye året er det første i kalenderen og i popularitet. Russiske nyttårstradisjonar liknar på den vestlege jula, med nyttårstre og gåver, og Ded Moroz (Fader Frost) speler den same rolla som julenissen. Rozjdestvo (ortodoks jul) fell på den 7. januar i den vestlege kalenderen, ettersom Den russisk-ortodokse kyrkja framleis følgjer den julianske kalenderen. To andre viktige kristne høgtider er paskha (påske) og troitsa (Treeiningssundag), men desse er ikkje offentlege høgtidsdagar sidan dei alltid fell på sundagar i alle høve.

Andre russiske heilagdagar inkluderer forsvararen av fedrelandet-dagen (23. februar), som heidrar russiske menn, særleg dei som tener i hæren; Den internasjonale kvinnedagen (8. mars), som også omfattar tradisjonar frå morsdagen og valentinsdagen; arbeidardagen første mai, no kalla Vår- og arbeidsdag; sigersdagen (9. mai); Russland-dagen (12. juni) og Sameiningsdagen (4. november), til minne om oppreisten som kasta ut den polsk-litauiske okkupasjonsmakta frå Moskva i 1612. Sistnemnde erstatta den sovjetiske markeringa av Oktoberrevolusjonen frå 1917. Fyrverkeri og utandørskonsertar er vanlege trekk ved alle russiske heilagdagar.

Sigersdagsparade 9. mai 2008 på Den raude plassen i Moskva.

Sigersdagen blir feira til minne om sigeren over Nazi-Tyskland i andre verdskrigen, og blir feira over heile Russland. Presidenten held kvart år eit stort militæropptog ved Den raude plassen i Moskva. Det blir halde liknande opptog i alle større russiske byar og byar med status helteby eller by med militær ære.

Andre populære høgtider som ikkje er offisielle inkluderer gammalt nyttår (nyttår etter den julianske kalenderen 1. januar), Tatjana-dagen (dagen for russiske studentar 25. januar), maslenitsa (ei gammal heidensk feiring ei veke før den store fasta), Kosmonautikk-dagen (til minne om Jurij Gagarin si første menneskelege reise til rommet 12. april), Ivan Kupala-dagen (endå ei gammal heidensk høgtid 7. juli) og Peter og Fevronia-dagen (finn stad 8. juli og er det russiske svarte på valentinsdagen, men fokuserer på kjærleiken og truskapen til familien). På forskjellige dagar i juni er det store feiringar i slutten av skuleåret, når kandidatar frå skular og universitet tradisjonelt sym i fontener i byen.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Krossprosesjon i Gora i Moskva oblast.

Kristendommen, islam, buddhismen og jødedommen er rekna som dei tradisjonelle religionane i landet, og blei utnemnde som del av Russlan si «historiske arv» i ein lov frå 1997.[63] Estimat over truande er svært forskjellige i ulike kjelder, med nokre anslag av ikkje-truande i Russland på 16–48 %.[64]

Russisk-ortodoks kristendom er den største religionen i landet.[65] 95 % av registrerte ortodokse sokn høyrer til den Den russisk-ortodokse kyrkja, medan det også finst fleire mindre ortodokse kyrkjesamfunn.[66] Det store fleirtalet av ortodokse truande går likevel ikkje jamleg til kyrkja. Kyrkja er likevel vidt respektert som eit symbol på russisk arv og kultur.[67] Mindre kristne retningar som katolikkar, armenske gregorianarar og ulike protestantar finst også.

I følgje ei meiningsmåling frå Russian Public Opinion Research Center rekna 63 % av respondentane seg som russisk-ortodokse, 6 % såg på seg sjølv som muslimar og mindre enn 1 % såg på seg sjølv som anten buddhistiske, katolske, protestantiske eller jødiske. Endå 12 % sa at dei trudde på Gud men ikkje praktiserte nokon religion, og 16 % sa at dei ikkje var truande.[68]

Andre element av russisk samfunn og kultur[endre | endre wikiteksten]

Kosakkultur[endre | endre wikiteksten]

Kosakkbryllaup måla av Józef Brandt.

Steppekulturen til russiske kosakkar stammar frå nomadiske steppefolk som slo seg saman med austslaviske folkegrupper i store samfunn. Dei tidlege kossakk-samfunna oppstod på 1300-talet, der eit av dei fyrste var donkosakkar. Andre kosakksamfunn som har spelt viktige roller i russisk historie og kultur er Ural-kosakkar, Terek-kosakkar, Kuban-kosakkar, Orenburg-kosakkar, Volga-kosakkar, Astrakhan-kosakkar, sibirske kosakkar, Transbajkal-kosakkar, Amur-kosakkar og Ussuri-kosakkar. Kosakkar verna dei russiske grensene og utvida det russiske territoriet. Områda til dei store kosakksamfunna hadde mange fridommar i Tsar-Russland. Kosakk-kulturen blei ein viktig del av russisk kultur, mange russiske songar og ulike element i dansar og russisk kultur generelt blei mykje forma av kosakksamfunna.[69]

Skogkultur[endre | endre wikiteksten]

Skogen speler ei veldig viktig rolle i Russland meir enn 1000 år gammal kultur og historie. Skogen hadde stor innverknad på eigenskapane til det russiske folket og kulturelle tradisjonane deira. Mange mytar om russisk kultur er tett knytte til skogen. Som mange andre tidlege slaviske folk og andre stammar bygde russarar husa sine av tre, slik at skogen påverka stilen til russisk arkitektur mykje. Handverket hohloma, som har utspringet sitt i Volga-regionen er laga av tre og viser mange plantar i skogen, som bær av krossved (Viburnum opulus, russisk Калина, kalina), blomstrar og blad. Mange russiske eventyr utspeler seg i skogen, og fiktive karakterar som Baba Jaga er sterkt knytte til russisk trekultur. Skogen er òg eit viktig tema for mange russiske folkesongar.[70][71][72]

Sopp- og bærsanking

Aktivitetar i skogen der folk plukkar sopp og bær er veldig vanleg i Russland. Sopp (russisk грибы, griby) har vore ein viktig del av russisk folkekultur i det minste sidan 900-talet og ein viktig del av russiske måltid. Det er meir enn 200 typar etande sopp i Russland. Sopp har alltid vore rekna som magiske, og speler ei framståande rolle i russiske eventyr. Evna til å identifisera og laga til etande sopp blir ofte overført frå generasjon til generasjon. Soppsanketradisjonen er spesielt vanleg i slavisk-talande og baltiske land. Bær (russisk ягода, jagoda) speler òg ei viktig rolle i russisk folkekultur og er ofte ein del av russisk handverk, folkesongar og bunader. Tranebær var kjende i Europa i hundreår som «russiske bær». Å plukka sopp og bær i skog er ein slags meditasjon i Russland.[73][74][75][76][77]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Det russiske ishockeylaget møter Sverige i verdsmeisterskapen i 2012.

Russarar har hatt suksess i ei rekke idrettar og hamnar konsekvent på topprangeringa ved dei olympiske leikane og i andre internasjonale konkurransar. Ved å kombinera dei totale medaljane i Sovjetunionen og Russland er landet nummer to blant alle nasjonar etter talet på gullmedaljar både ved sommar-OL og vinter-OL.

I løpet av sovjettida plasserte det olympiske landslaget seg først i det totale talet medaljar vunne på 14 av sine 18 deltakingar; med desse deltakingane var Sovjetunionen den dominerande olympiske makta i si tid. Sidan 1952 Olympic Games har sovjetiske og seinare russiske utøvarar alltid vore ein av dei tre vinnarane av fleste gullmedaljar ved sommar-OL.

Sovjetiske gymnastar, friidrettsutøvarar, vektløftarar, brytarar, boksarar, fektarar, skyttarar, sjakkspelarar, langrennsløparar, skiskyttarar, hurtigløparar og kunstløparar på skeiser var stadig blant dei beste i verda, saman med sovjetiske basketball-, handball-, volleyball- og ishockeyspelarar. Sidan Sovjetunionens samanbrot har russiske idrettsutøvarar framleis å dominera internasjonale konkurransar. Sommar-OL 1980 blei halde i Moskva medan Vinter-OL 2014 og Dei paralympiske vinterleikane 2014 blei haldne i Sotsji.

Sovjetunionen dominerte gymnastikksporten i mange år, med idrettsutøvarar som Larisa Latynina, som fram til 2012 hadde ein rekord med flest OL-medaljar vunne per person og flest gull-OL-medaljar vunne av ei kvinne. I dag er Russland leiande innan rytmisk sportsgymnastikk med stjerner som Alina Kabajeva, Irina Tsjasjtsjina og Jevgenija Kanajeva.

Russisk synkronsymjing er den beste i verda, og nesten alle gullmedaljar har blitt vunne av russarar ved OL og verdsmeisterskap i meir enn eit tiår. Kunstløp er ein annan populær idrett i Russland. I 1960 blei Sovjetunionen ei dominerande makt i kunstløp, særleg i parskøyter og isdans, og ved kvart vinter-OL frå 1964 til 2006 har eit sovjetisk eller russisk par vunne gull, noko som ofte blir rekna som den lengste sigersrekka i moderne idrettshistorie. Sidan slutten av sovjettida har tennis auka i popularitet, og Russland har produsert ei rekke kjente tennisspelarar. Sjakk er også svært populært. Sidan 1927 har sovjetiske og russiske stormeistrar vunne verdsmeisterskapen i sjakk nesten utan opphald.

Basketball[endre | endre wikiteksten]

Som Sovjetunionen var Russland tradisjonelt veldig sterke i basketball, og vann OL-turneringar, verdsmeisterskap og Eurobasket. Frå 2009 har dei hatt forskjellige spelarar i NBA, særleg Utah Jazz-spissen Andrej Kirilenko, og blir sett på som ein verdsomspennande basketballstyrke. I 2007 overvann Russland verdsmeistrane Spania i Eurobasket 2007. Russiske basketballklubbar som PBC CSKA Moskva har òg hatt stor suksess i europeiske konkurransar som Euroleague og ULEB Cup.

Ishockey[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ishockey fyrst blei introdusert i sovjettida byrja landslaget snart å dominera sporten internasjonalt og vann gull ved sju av dei ni OL og 19 av dei 30 verdsmeisterskapane dei var med i mellom 1954 og 1991. Dei russiske spelarane Valerij Kharlamov, Sergej Makarov, Vjatsjeslav Fetisov og Vladislav Tretjak hadde fire av dei seks posisjonane ved IIHF sitt Team of the Century.[78] Som med andre idrettar gjekk russisk ishockey tilbake etter samanbrotet til Sovjetunionen, og Russland var utan gullmedalje i 15 år. På den tida fekk mange russiske spelarar karrierer i nordamerikanske National Hockey League (NHL). I seinare år har Russland kome tilbake som ishockeynasjon, og vann gullmedalar i VM i 2008 og 2009, gjekk forbi Team Canada som det øvst rangerte ishockeylaget i verda, men tapte så for Canada i kvartfinalen i OL 2010.[79] Kontinental Hockey League (KHL) blei skipa i 2008 som ein rival til NHL.

Bandy[endre | endre wikiteksten]

Bandy, kjend på russisk som 'hockey med ball' og tidvis uformelt som 'russisk hockey' (til motsetnad frå 'kanadisk hockey' om ishockey), er ein annan tradisjonelt populær isidrett, med nasjonale ligakampar som i gjennomsnitt har rundt 3500 tilskodarar.[80] Han er rekna som ein nasjonalidrett.[81] Det sovjetoske bandy-landslaget vann alle verdsmeisterskap i bandy frå 1957 til 1979. Det russiske laget har sidan blitt verdsmeister i ei rekkje av meisterskapa.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Russiske fotballfans med eit gigantisk Heia Russland!-banner, med den russiske bjørnen avbilda på det russiske flagget.

I den sovjetiske perioden var Russland òg ein konkurransedyktig fotballnasjon. Sjølv om dei hadde legendariske spelarar som keeperen Lev Jasjin, klarte Sovjetunionen aldri å hevda seg som ei av dei viktigaste kreftene i internasjonal fotball, sjølv om laga vann forskjellige meisterskapar (som EM i fotball 1960) og nådde ei rekke finalar (som EM i fotball 1988). Saman med ishockey og basketball er fotball ein av dei mest populære idrettane i det moderne Russland. Dei siste åra har russisk fotball, som gjekk tilbake på 1990-talet, styrka seg. Russiske klubbar (som CSKA Moskva, Zenit St. Petersburg, Lokomotiv Moskva og Spartak Moskva) har blitt stadig meir vellykka på den europeiske scena (CSKA og Zenit vann UEFA Cup i høvesvis 2005 og 2008). Det russiske fotballandslaget nådde semifinalen i EM i fotball 2008, og tapte berre mot dei endelege meistrane Spania. Nasjonen har vore vert for FIFA Confederations Cup 2017 så vel som VM i fotball 2018, der landslaget tapte i kvartfinalen 4–2 på straffespark til Kroatia, den beste avslutninga deira nokosinne som ein uavhengig nasjon.

Kampsport[endre | endre wikiteksten]

Russland har ein omfattande kampsporttradisjon. Nokre av dei mest kjente formene inkluderer russisk boksing, sambo og systema med avleidde variantar. Lettvektaren Khabib Nurmagomedov frå Makhatsjkala hadde tittelen som UFC-meister frå 2018 til 2021, det lengste ein person har halde på denne meistertittelen.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turisme i Russland har hatt rask vekst sidan slutten av Sovjetunionen, først indre turisme og deretter òg internasjonal turisme. Landet har 29 verdsarvstader, og fleire andre stader som forslag til vurdering.[82] Viktige turistruter i Russland inkluderer ei reise rundt den gylne sirkelen av gamle byar, cruise på dei store elvane som Volga, og lange reiser på Den transsibirske jarnvegen. Ulike regionar og etniske kulturar i Russland tilbyr mange forskjellige matvarer og suvenirar, og viser eit stort utval av tradisjonar, som russisk banha, tatarisk sabantuy eller sibirske sjamanistiske ritual.

Kulturell turisme[endre | endre wikiteksten]

Den store kaskaden ved Peterhof-palasset i St. Petersburg, også kalla «det russiske Versailles».

Dei mest populære turistmåla i Russland er Moskva og St. Petersburg, den noverande og tidlegare hovudstaden i landet i tillegg til å vera store kultursenter som er rekna som verdsbyar. Moskva og St. Petersburg husar verdskjente museum som Tretjakovgalleriet og Eremitasjen, teater som Bolsjoj- og Mariinskij-teateret, slåande kyrkjer som Vasilijkatedralen, Frelsaren Kristus-katedralen, Isakskatedralen og Oppstodekyrkja i St. Petersburg, festningsverk som Kreml i Moskva og Peter-Paulus-festningen, vakre plassar som Den raude plassen og Palasstorget, og gater som Tverskaja og Nevskij Prospekt. Det finst vene palass og parkar i dei tidlegare keisarlege bustadene i forstadene til Moskva (Kolomenskoje, Tsaritsyno) og St. Petersburg (Peterhof, Strelna, Oranienbaum, Gattsjinapalasset, Pavlovskpalasset, Tsarskoje Selo). Moskva har eit stort utval av imponerande bygningar frå sovjettida saman med moderne skyskraparar, medan St. Petersburg, med kallenamnet Nordens Venezia, er kjenneteikna av klassisistisk arkitektur og mange elvar, kanalar og bruer.

Kazan, hovudstaden i Tatarstan, syner ei unik blanding av russisk kristen og tatarsk muslimsk kultur. Byen har registrert seg som Den tredje hovudstaden i Russland, sjølv om også ei rekkje andre store russiske byar gjer krav på denne statusen, som Novosibirsk, Jekaterinburg og Nizjnij Novgorod, alle store kultursenter med rik historie og framifrå arkitektur. Novgorod, Pskov og byane i den gylne sirkelen (Vladimir, Jaroslavl, Kostroma og andre) har i beste fall bevart arkitekturen og ånda av gamle og mellomalderske Rus', og er òg blant dei viktigaste turistmåla i landet. Mange gamle festningsverk (typisk kreml), kloster og kyrkjer finst spreidd i heile Russland, og dannar det unike kulturlandskapet sitt både i storbyar og i avsidesliggande område.

Feriestader og naturturisme[endre | endre wikiteksten]

Skianlegget i Dombaj i Vest-Kaukasus.

Den varme subtropiske svartehavskysten av Russland omfattar ei rekkje populære badestader, som Sotsji, som er kjend for strender og vakker natur. Samtidig har Sotsji også ei rekkje store skistader, som Krasnaja Poljana; byen var vert for Vinter-OL 2014 og Dei paralympiske vinterleikane 2014. Fjella i Nord-Kaukasus inneheld mange andre populære skistader, som Dombaj i Karatsjajevo-Tsjerkessia.

Det best kjende naturlege turistmålet i Russland er Bajkalsjøen, kalla Det blå auget i Sibir. Denne unike innsjøen er den eldste og djupaste i verda, og har krystallreint vatn og er omgjeven av taigadekte fjell.

Andre populære naturlege destinasjonar inkluderer Kamtsjatkahalvøya med sine vulkanar og geysirar, Karelen med sine mange innsjøar og granittberg, Altajfjella med dei snødekte fjella sine og Tyva med sine ville stepper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Russia». Encyclopædia Britannica. Henta 31. januar 2008. «The inhabitants of Russia are quite diverse. Most are ethnic Russians, but there also are more than 120 other ethnic groups present, speaking many languages and following disparate religious and cultural traditions. [...] Russia can boast a long tradition of excellence in every aspect of the arts and sciences.» 
  2. Microsoft Encarta Online Encyclopedia 2007. Russian Literature. Arkivert frå originalen 20 August 2009. Henta 7 January 2008. 
  3. 3,0 3,1 «Russia::Music». Encyclopædia Britannica. Henta 5. oktober 2009. 
  4. 4,0 4,1 «A Tale of Two Operas». Petersburg City. Henta 11. januar 2008. 
  5. Compare: Alekseev, Alexander (23. oktober 2015). «Russia's 5 greatest folk song and dance ensembles» (på engelsk). Henta 1. september 2018. «Folk ensembles from Russia tour around the world with great success.» 
  6. 6,0 6,1 Garafola, L (1989). Diaghilev's Ballets Russes. Oxford University Press. s. 576. ISBN 0-19-505701-5. 
  7. 7,0 7,1 7,2 «Russia::Motion pictures». Encyclopædia Britannica. 2007. Henta 27. desember 2007. 
  8. Lukin, Alexander (2003). «Russia between East and West: Perceptions and Reality» (PDF). 
  9. «Russian Census of 2002». 4.3. Population by nationalities and knowledge of Russian; 4.4. Spreading of knowledge of languages (except Russian). Federal State Statistics Service. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 16. januar 2008. 
  10. «The Constitution of the Russian Federation». (Article 68, §2). Henta 27. desember 2007. 
  11. «Russian». University of Toronto. Arkivert frå originalen 6. januar 2007. Henta 27. desember 2007. 
  12. Microsoft Encarta Online Encyclopedia 2007. Russian language. Arkivert frå originalen 16. desember 2007. Henta 27. desember 2007. 
  13. «Russian language course». Russian Language Centre, Moscow State University. Arkivert frå originalen 5. februar 2016. Henta 27. desember 2007. 
  14. Felix J. Oinas, "The Political Uses and Themes of Folklore in the Soviet Union," Journal of the Folklore Institute 12 (1975): 157.
  15. William B. Husband, "’Correcting Nature's Mistakes’: Transforming the Environment and Soviet Children's Literature, 1828–1941," Environmental History 11 (2006): 304.
  16. Oinas, "Political Uses and Themes," 169.
  17. Oinas, "Political Uses and Themes," 161.
  18. Frank J. Miller, «The Image of Stalin in Soviet Russian Folklore,» Russian Review 39 (1980): 54.
  19. Oinas, "Political Uses and Themes," 164.
  20. Felix J. Oinas, "Folklore and Politics in the Soviet Union," Slavic Review 32 (1973): 48.
  21. Farrer, "Ideological Strategy," 57.
  22. Schlauch, "Folklore in the Soviet Union," 220.
  23. Miller, "Image of Stalin," 55.
  24. Oinas, "Political Uses and Themes," 166.
  25. Husband, "Transforming the Environment," 305."
  26. Oinas, "Political Uses and Themes," 172.
  27. Microsoft Encarta Online Encyclopedia 2007. Russian Literature. Arkivert frå originalen 20 August 2009. Henta 7. januar 2008. 
  28. Kelly, C (2001). Russian Literature: A Very Short Introduction (Very Short Introductions) (Paperback). Oxford Paperbacks. ISBN 0-19-280144-9. 
  29. «Russian literature; Leo Tolstoy». Encyclopædia Britannica. Henta 11. april 2008. 
  30. Otto Friedrich (6. september 1971). «Freaking-Out with Fyodor». Time Magazine. Arkivert frå originalen 3. november 2012. Henta 10. april 2008. 
  31. «Art & Architecture of Russia». www.geographia.com. 
  32. Lyons, Martyn. "Books: A Living History". Getty Publishing, 2011, 158.
  33. «Russian chechotka». Arkivert frå originalen 27. august 2011. 
  34. «Welcome to articleswave.com». www.articleswave.com. 
  35. «Traditions of Russian Folk Dance :: Manners, Customs and Traditions :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre». russia-ic.com. Henta 4. mars 2019. 
  36. «Русская пляска: хоровод, кадриль, танок, калинка, барыня, казачок, присядка.». www.culture.ru. Henta 4. mars 2019. 
  37. Cashin, K K. «Alexander Pushkin's Influence on Russian Ballet — Chapter Five: Pushkin, Soviet Ballet, and Afterward» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 2. januar 2008. Henta 27. desember 2007. 
  38. «History of the motion picture: The Soviet Union». Encyclopædia Britannica. Henta 7. januar 2008. 
  39. Birgit Beumers. A History of Russian Cinema. Berg Publishers (2009). ISBN 978-1-84520-215-6. s. 143.
  40. «White Sun of the Desert / Beloe solntse pustyni». Film Society of Lincoln Center. Arkivert frå originalen 5. september 2008. Henta 18. januar 2008. 
  41. Dzieciolowski, Z. «Kinoeye: Russia's reviving film industry». Arkivert frå originalen 21. desember 2007. Henta 27. desember 2007. 
  42. Andrew Osborn, Russia's 'CNN' wants to tell it like it is, The Age, 16. august 2005.
  43. von Twickel, Nikolaus (23. mars 2010). «Russia Today courts viewers with controversy». Russia Beyond. Rossiyskaya Gazeta. Henta 12. desember 2020. 
  44. Henrike Schmidt; Katy Teubener. «"Our RuNet"? Cultural Identity and Media Usage» (PDF). Ruhr University Bochum. Henta 25. januar 2008. 
  45. Russian oligarch invades the blogosphere – Telegraph.co.uk, 06/01/2008
  46. Bullough, Oliver (28. juli 2004). «Police say Russian hackers are increasing threat». USA Today. Reuters. Henta 25. januar 2008. 
  47. V. Zavyalova, «In Russia, you don't need Google: 5 reasons why Yandex is still No. 1», Russia Beyond, 24. sept. 2017.
  48. D. Taylor, «10 Biggest Differences Between Yandex & Google SEO», Search Engine Journal, 26. april 2021.
  49. «Millionth Russian domain name registered». United Press International. Henta 25. januar 2008. 
  50. «American Institute of Aeronautics and Astronautics – Home Page». Aiaa.org. Arkivert frå originalen 4. januar 2012. Henta 2. januar 2010. 
  51. «Space exploration in 2009». www.russianspaceweb.com. 
  52. «Premium content». The Economist. 19. august 2009. Henta 2. januar 2010. 
  53. Halberstadt, Hans. Inside the Great Tanks. The Crowood Press Ltd. Wiltshire, England 1997 94–96 ISBN 1-86126-270-1 "The T-54/T-55 series is the hands down, all-time most popular tank in history."
  54. «Weaponomics: The Economics of Small Arms» (PDF). 
  55. Kohler, Chris (4. juni 2009). «Tetris Turns 25, and It's Still an Addictive Pleasure». Wired. Henta 8. juno 2021. 
  56. Johnson, Bobbie (1. juni 2009). «How Tetris conquered the world, block by block». The Guardian. Arkivert frå originalen 29. mars 2015. 
  57. Kai (17. juli 2014). «Russland verstehen». Kai Ehlers (på tysk). Henta 27. april 2019. 
  58. «Everything You Need to Know about the Russian Kaftan». Nicholas Kotar (på engelsk). 10. mars 2016. Henta 27. april 2019. 
  59. Aleshina, T. S. (Tatʹi︠a︡na Stepanovna) (2013). History of Russian costume from the eleventh to the twentieth century : from the collections of the Arsenal Museum, Leningrad, Hermitage, Leningrad, Historical Museum, Moscow, Kremlin Museums, Moscow, Pavlovsk Museum. Metropolitan Museum of Art (New York, N.Y.) (POD utg.). Charlestown, MA. s. 64. ISBN 9780300200973. OCLC 882932334. 
  60. «The biggest culture shocks Americans face in Russia». Matador Network (på engelsk). Henta 8. august 2019. 
  61. «What Do Russians Like Doing?». Henta 8. august 2019. 
  62. «Russian Word: гулять». seelrc-iis.trinity.duke.edu. Henta 8. august 2019. 
  63. Bell, I. Eastern Europe, Russia and Central Asia. ISBN 9781857431377. Henta 27. desember 2007. 
  64. Zuckerman, P (2005). Atheism: Contemporary Rates and Patterns, chapter in The Cambridge Companion to Atheism, ed. by Michael Martin. Cambridge University Press. 
  65. «Religion In Russia». Embassy of the Russian Federation. Arkivert frå originalen 19. desember 2007. Henta 27. desember 2007. 
  66. Сведения о религиозных организациях, зарегистрированных в Российской Федерации По данным Федеральной регистрационной службы (på russisk). desember 2006. Henta 27. desember 2007. 
  67. Microsoft Encarta Online Encyclopedia 2007. Russia. Arkivert frå originalen 9. januar 2008. Henta 27. desember 2007. 
  68. Опубликована подробная сравнительная статистика религиозности в России и Польше (på russisk). religare.ru. 6 June 2007. Henta 27. desember 2007. 
  69. «Песни русского казачества». gorenka.org. Arkivert frå originalen 26. juni 2019. Henta 26. juni 2019. 
  70. «Splendour of Russian Wooden Architecture :: Museums :: Culture & Arts :: Russia-InfoCentre». www.russia-ic.com. Henta 11. juni 2019. 
  71. Craven, Jackie Craven Jackie; Writing, Doctor of Arts in; Architecture, Has Over 20 Years of Experience Writing About; decor, the arts She is the author of two books on home; Design, Sustainable; Poetry, A. Collection of Art-Themed. «2,000 Years of Russian History Through Photos». ThoughtCo (på engelsk). Henta 11. juni 2019. 
  72. «Роль леса в художественном сознании русского народа в экономике и культуре России». mirznanii.com. Henta 11. juni 2019. 
  73. «Mushroom Picking». www.passportmagazine.ru. Henta 21. august 2019. 
  74. Sharma, Akhil (3. oktober 2013). «If You Are Normal, You Search for Mushrooms». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta 21. august 2019. 
  75. «mushrooms russia and history – Enteogenic Mushrooms – philosophy of cultivation». en.psilosophy.info. Henta 21. august 2019. 
  76. Mityagov, Duc (1. juli 2017). «Silent hunt: Why the woods is best to 'meditate' Russian style». www.rbth.com (på engelsk). Henta 21. august 2019. 
  77. Reporter, Julia Gutova, Russky (28. november 2015). «Vologda Region residents see freedom in cranberries». www.rbth.com (på engelsk). Henta 21. august 2019. 
  78. «IIHF Centennial All-Star Team». 
  79. «Pure gold: Russia repeats!». IIHF. Henta 11 May 2009. 
  80. «XV чемпионат России по хоккею с мячом сезон 2006/07 г.г. (Russian Bandy Championship, 2006–7 season)» (på russisk). bandy.ru. Arkivert frå originalen 30. mai 2008. Henta 30. oktober 2009. 
  81. «Russian bandy players blessed for victory at world championship in Kazan». Arkivert frå originalen 24. april 2012. 
  82. Centre, UNESCO World Heritage. «UNESCO World Heritage Centre - Tentative Lists». UNESCO World Heritage Centre.