Diskusjon:Scandic Sunnfjord Hotel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg kjem frå Sogndal, ein god times køyretur frå Førde, og har aldri høyrt gjeteord om denne frukosten på dette hotellet. Dette minner om reklame. --Bep 14:11, 21 januar 2008 (CET)

Kom på andreplass i kåringa av landets beste hotellfrukost i 2006. Kvifor skulle eg ha interesse i av å skrive reklame for RICA-kjeda? --Cato 14:13, 21 januar 2008 (CET)

Det var no i alle fall ein udokumentert påståand, og det er det framleis utan kjeldetilvisning. --Bep 14:28, 21 januar 2008 (CET)

Ser ingen dokumenterte, men heller ingen udokumenterte påstandar i denne artikkelen. Artikkelen består utelukkande av faktaopplysningar. --Cato 14:33, 21 januar 2008 (CET)

Fakta eller ikkje fakta, er dei ikkje dokumenterte så er dei udokumenterte. Kva er problemet med å leggja inn ein referanse når du seier at du har ei kjelda? --Tannkrem 15:43, 21 januar 2008 (CET)

Nøgd? Eg kan leggje inn fleire kjelder også. Dersom det skulle verte nødvendig. --Cato - administrator 16:19, 21 januar 2008 (CET)

Betre no, ja. Utan nokre kjeldetilvisingar framstod denne artikkelen som litt subjektiv. No kan lesaren drive litt kjeldekritikk, kva for kåring er det snakk om her? Kor uavhengig er ho. Hmm, «Det er fagpersoner fra Twinings og Haugen-gruppen som har besøkt landets hoteller for å finne Norges beste hotellfrokost.»[1] Hotella sine kjøken er viktige kundar hjå Haugen-Gruppen. Eg nemner dette berre som ein del av diskusjonen rundt kjelder og kjeldekritikk. Eg har ete på restauranten til Sunnfjord Hotell fleire gonger, og kan skrive under på at maten er framifrå.--Bep 17:17, 21 januar 2008 (CET)

Twinings og Haugen-Gruppen er vel leverandørar til ganske mange av desse hotella. Så då stiller vel alle nokolunde likt. Ingen slike undersøkingar kan sjølvsagt vere heilt objektive. Det er fleire faktorar som kan vippe det eine hotellet høgre opp enn eit anna. Testarane sin geografiske tilhøyrighet for eksempel. Likevel trur eg denne testen kan godkjennast som objektiv. --Administrator Cato 17:21, 21 januar 2008 (CET)

Cato, eg registrer at du har vore temmeleg bastant i høve artiklar om heimbygda di Førde, både her og om sideartiklar om Førde. Kan hende er eg ikkje alltid like objektiv når eg skriv om ting som eg tykkjer om. Men eg meiner måten du argumenterer på ikkje heng på ei greip. ...«men heller ingen udokumenterte påstandar i denne artikkelen», noko som utvilsamt var feil, det blir litt som om "får eg ikkje det som eg vil, kan det vere det same". Samt at du legg til "administrator" i signaturen seinare i diskusjonen, som for å heve deg over meg. Det blir for dumt. --Bep 21:40, 22 januar 2008 (CET)