Diskusjon:Skolebibliotek

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bør ikkje denne artikkelen flyttast til Skulebibliotek. Eg veit det er lov å skrive skole, men dei fleste som nyttar Nynorsk Wikipedia vil nok skrive skulebibliotek i søkjefeltet. --Cato 15:34, 29 januar 2008 (CET)

Så einig med Cato som eg kan bli her. (Ja då, eg veit vi har noko som heiter omdirigering.) Skole er eit av dei mest forferdelege «nynorsk»-orda vi har. Det riv i auga kvar gong eg ser det i ein skriven nynorsk tekst (Nynorske offentlege dokument og skulebøker er spesielt flinke til å bruke denne skrivemåten!) --EIRIK\diskusjon 15:46, 29 januar 2008 (CET)

Sjå kva Nynorskordboka har å seie om saka. Det er ikkje rett å flytte frå éi hovudform til den andre basert på personleg smak og utan å tilføre noko som helst til artikkelen. Dette har vi politikk på allereie. Om de vil at oppslagsforma skal vera skule- heller enn skole-, så vent til fleire enn to personar har uttalt seg før eventuell flytting. Eg flyttar derfor artikkelen til skolebibliotek att no, og så tek vi heller denne saka på reglementert vis. -- Olve 18:36, 29 januar 2008 (CET)

Når det er sagt: Både skúli og skóli er vanlege norrøne former av ordet. Det er ikkje noko som helst som seier at det eine av desse er mindre norsk enn det andre. Om nokon synest den eine forma skjer i auga, så er det berre å utvide artikkelen vesentleg, så er det opp til denne personen att å avgjera språkforma, så lenge oppslagsforma er ei hovudform etter Nynorskordboka og språkforma i sjølve artikkelen følgjer Nynorskordboka, inkludert sideformer om han/ho vil. -- Olve 18:44, 29 januar 2008 (CET)

Eg er heilt einig med dei som synest skule er rettare enn skole på nynorsk. Men Språkrådet er usamde med meg i det, og når det gjeld artikkelnamn på Wikipedia, er eg samd med Olve i at ei hovudform er ei hovudform. Det er ikkje utan grunn at samnorskfolk føretrekk vår wikipedia framføre den på riksmål, der ein nærmast vert lynsja om ein skriv noko anna enn riksmål... Og hurra for at eg får bruka den dialektnære favorittklammeforma mi i artiklane! --Tannkrem 20:32, 29 januar 2008 (CET)