Diskusjon:Sperregrense

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg fann ikkje dekning for påstanden om at parti som får meir enn 10 % i ein delstat slepp unna sperregrensa i artikkelen på tysk wikipedia. Derimot fann eg den regelen som eg har lagt til i artikkelen. For øvrig vil ikkje CSU ha problem med sperregrensa, ved forrige val til dømes fekk dei 8,2 % på landsbasis. Bayern er stort. (Barend 2. jan. 2006 kl. 23:11 (UTC))

Nei, eg finn ikkje kjelder på det, eg heller, på sitjande bak, men eg meiner å minnast det var noko slikt eg lærde ein gong. Men ser du her http://de.wikipedia.org/wiki/F%C3%BCnf-Prozent-Klausel ser me i minsto at dette er eit meir avansert system enn berre 5 % sperregrensa. Får du inn tre eller fleire kanditatar på fyrsterøyster*, er du òg over sperregrensa, elles står det eitkvart om Schleswig-Holstein...
  • Tysk valordning er både fleirtalsval og proporsjonalt val, og ein røyster på to røystesetlar: Fyrsterøysta er på einmannslister og andrerøysta på partilister, men sidan einmannskandidatane òg er med på partilistene, er systemet i røynda proporsjonalt (innvikla å forklåra betre slik nattartid). --Berre ei sleggje 2. jan. 2006 kl. 23:36 (UTC)
Men dette stod visst i artikkelen. Kanskje eg skulle lese gjennom heile før eg pirkar på han... --Berre ei sleggje 2. jan. 2006 kl. 23:58 (UTC)