Sperregrense

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sperregrense er ei ordning ved val som regulerer kva parti som får ta del i fordelinga av plassar i forsamlinga det er val til. Sperregrensa er som regel oppgitt i ein prosentdel av røystene. Noreg har ei sperregrense for fordeling av utjamningsmandat ved stortingsval på 4 %. Det vil seie at for å ta del i fordelinga av utjamningsmandat må eit parti få meir enn 4 % av røystene. For dei direktevalde mandata frå kvart fylke er det ikkje ei sperregrense. Difor var til dømes Venstre og Raud Valallianse representert på Stortinget mellom 1993 og 1997 sjølv om dei ikkje nådde sperregrensa på landsbasis. Ved kommune- og fylkestingsval er det inga sperregrense i Noreg.

Sperregrenser er innført i fleire land for å redusera talet parti i nasjonalforsamlinga for å unngå for sterk fragmentering. Ei høg sperregrense vil favorisera etablerte parti, medan ei låg sperregrense vil gjera det lett for småparti å koma inn i parlamentet. Eit ekstremt utslag av ei sperregrense fekk ein i Tyrkia etter valet i 2002. Sperregrensa i Tyrkia er på 10 %. 45 % av røystene ved valet i 2002 gjekk dermed til parti som ikkje vart representerte i nasjonalforsamlinga.

Detaljar i mekanismen til sperregrensa kan variera frå land til land. I nokre land er det slik som i Noreg at sperregrensa berre gjeld fordeling av ekstramandat, som dei norske utjamningsmandata. I andre land er det ikkje mogleg å bli representert i parlamentet utan å nå sperregrensa på landsbasis. I land som har eit valsystem som kombinerer einmannskretsar og listeval, som til dømes i Tyskland, påverkar sperregrensa som oftast ikkje resultata av vala i einmannskretsane. I Tyskland kan eit parti kvalifisera for mandat ved listevalet sjølv om det kjem under sperregrensa på landsbasis dersom det får tre kandidatar valt i einmannskretsane.

Dette er nokre av landa som har sperregrense: