Diskusjon:Sporvogn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2007.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2007

Dette blir ein flott artikkel, men eg trur at når omsetjinga er ferdig bør avsnitta om sporvogner i ulike land splittast opp i eigne artiklar, med peikarar både frå denne artikkelen og frå dei respektive by- og land(!)-artiklane. Trondtr 28. januar 2006 kl. 08:09 (UTC).

Heilt enig. Eg trur det er få tema som kan forsvara ei lengd på over tre skjermar. Og denne er vel minst det dobbelte. Men no puslar eg meg ferdig med omsettinga (og litt redigering samstundes, det finst grensar for kor detaljert ein norsk artikkel om t.d. australsk sporvognshistorie treng vera) så får me sjå.--Ekko 28. januar 2006 kl. 08:21 (UTC)
Splitting er fint her og i andre artiklar der dette passar med innhaldsstrukturen. Men vi skal no vel ikkje vera redde for å skrive langt og grundig heller — synest dette blir bra, eg! :-) Olve 28. januar 2006 kl. 08:43 (UTC)

Namn på avkappa artiklar[endre wikiteksten]

Namn som "vest-Europa" og liknande ser ikkje heilt rette ut. Eg held føre det skal vera stor bokstav i begge orda når dei står med bindestrek, men kanskje eg tar feil? Eg reagerer òg på "sporvognstrafikk i Australasia" -- her ville eg anten vald "Australia", sidan artikkelen handlar om det, eller "Oseania", sidan det er det me kallar verdsdelen. -- Ranveig 1. februar 2006 kl. 09:40 (UTC)

Eg hadde rett når det gjaldt stor bokstav, sjå Språkrådet. -- Ranveig 1. februar 2006 kl. 12:11 (UTC)
OK. Eg skal òg rette opp Australasia. Medvitslaus omsetting.--Ekko 1. februar 2006 kl. 12:15 (UTC)

Dette vart ein god artikkel. Det einaste eg saknar er ein omtale av pantografen. Kanskje det òg burder nemnast at ein trikk kan ha dårlegare bremseevne på sume typar sumarføre (når det nett har teke litt å regna) enn på vinterføre. Brukar:Sigmundg, 15/9-2006.

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:06 (CEST)[svar]

[daud lenkje]