Diskusjon:Statsvitskap

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg strauk referansen til Arne Næss. Ikkje fordi han er uviktig for etableringa av samfunnsvitskap i Noreg, som inspirator og lærar for Aubert og Rokkan, men innverknaden hans avgrensa seg til eit tidleg stadium og ikkje minst med tanke på etableringa av Institutt for Samfunnsforsking. Næss var først og fremst professor i filosofi og lite engasjert i statsvitskapen som sådan. Det blir eit spørsmål om grensedragingar her og slike grensedragingar kan vere problematiske. RoarH 28. des. 2005 kl. 11:02 (UTC)

Det er heilt i orden. Eg tok han inn berre av di eg hadde nemnt at han var aktiv i føregangsarbeidet saman med Rokkan, og tenkte det ville vera ei meir heilskapleg og samanhangande framstilling å nemna han her òg. Men det er klårt, det er filosof han fyrst og fremst er (endå han er no referert til i nokre statsvitskaplege bøker eg har lese òg). --Berre ei sleggje 28. des. 2005 kl. 12:03 (UTC)