Statsvitskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statsvitskap er studiet av politikk og politiske prosessar. Det har ei rekkje ulike fagdisplinar som ofte har utydelege grenser, til dømes samanliknande politikk, offentleg politikk, organisasjonsteori, politisk åtferd, internasjonal politikk og politisk teori. Samtidig ligg statsvitskap nær andre samfunnsvitskapelege fagfelt, som sosiologi, særleg historisk og politisk sosiologi, politisk økonomi og politisk geografi. Fagskila kan her vere små.

I faghistorien vert ofte klassiske forfattarar som Platon og Aristoteles, og seinare filosofar som Machiavelli, Hobbes og Locke trekt fram. I tillegg til filosofi, har statsvitskapen henta mykje inspirasjon frå statslære, sosiologi og historie. Faget har, slik vi ser det i dag, vokse fram i tradisjonen frå tysk Staatswissenschaft, franske sciences politiques og britisk og amerikansk political science.

I Noreg vart faget etablert i tida etter andre verdskrigen, og mellom anna var Frede Castberg, Jens Arup Seip, Stein Rokkan og Knut Dahl Jacobsen sentrale i utviklinga dei første tiåra.

Vitskapsteoretisk grunnlag[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje ei einheitleg vitskapsteoretisk tilnærming innan statsvitskapen. Dette fører til eit metododologisk mangfald, slik ein også kan finne innanfor andre samfunnsvitskapar. Opphavleg var faget tett knytt til historiske og filosofiske framgangsmåtar. Som ei fylgje av den «behavioristiske revolusjonen» i 1950- og 60-åra kom statsvitskapen nærare andre samfunnsvitskaplege disiplinar, og i denne tida vart mellom anna statistiske metodar vanlegare i bruk. Som i andre samfunnsvitskapar vart denne positivistiske trenden møtt av motreaksjonar. Mange hevda fortolkande tilnærmingar og kvalitative metodar var eit betre alternativ for å granske politiske prosessar. Dei ulike metodologiske, epistemologiske og ontologiske skiljelinene gjer at ein i dag har ei rekkje ulike tilnærmingar som eksisterer side om side, blant anna institusjonalisme, teorien om rasjonelle val, marxisme, feminisme, konstruktivisme og postmodernisme.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Østerud, Øyvind (2002): Statsvitenskap: Innføring i politisk analyse. Oslo: Universitetsforlaget ([1])
    Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.