Diskusjon:Synagoge

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2004.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2004

Ein eller ei synagoge?[endre wikiteksten]

Synagoge kan vera hannkjønn eller hokjønn på nynorsk. Ved konsekvent bruk av nynorske hovudformer er det dårleg skikk å redigere bort desse. Noko heilt anna er det sjølvsagt å endre inkonsekvente former — eller òg å endre former under total revidering av artikkelen. -- Olve 14:42, 8 Oct 2004 (UTC)

Dersom nettlesaren er smal, så vert ikkje galleriet smalna etter (iallfall ikkje i min Konqueror). Dette gjer at galleriet i denne artikkelen havnar både bak og framom malen til høgre. Eg veit ikkje heilt kva som er løysinga, men kanskje ikkje galleri og malar (beggje deler er jo tabellar) er ein god kombinasjon. -- Larsivi 5. jun 2005 kl. 2050 (UTC)

Ja, den tingen eg ikkje liker med gallerifunksjonen er at tabellbreidda ser ut til å vera fast. I høg oppløysing får ein òg berre fire bilde i breidda. Kanskje dette kan vera muleg å ordne gjennom stilark eller ved anna endring av funksjonane for gallery-taggen...? Guttorm, kva trur du? -- Olve 5. jun 2005 kl. 2124 (UTC)
Har ikkje peiling, er sikkert mogleg på ein eller annan måte, men eg har ikkje vore borti noko. Men eg likar ikkje galleri i artiklar. --Guttorm 12. jun 2005 kl. 1956 (UTC)

I mellomtida kan me flytta galleriet ned, under malen, ved å bruka <br clear=all>. Det blir rett nok eit tomrom, men det får eg opp med min nettlesar (Linux-Opera) uansett. For at det skal bli heilt bra bør sjølvsagt tomrommet fyllast ut med tekst! -- Ranveig 5. jun 2005 kl. 2130 (UTC)

Ja dér har vi ei god, gammal Nynorsk Wikipedia-løysing... ;-D Jamfør gjerne pesah... Olve 5. jun 2005 kl. 2139 (UTC)