Diskusjon:Tønne

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg trur vi òg må nemne halvtynne og kvartel (= ¼ tynne) i denne artikkelen. Roarjo 9. juli 2006 kl. 12:59 (UTC)

Fat og tynne synonyme omgrep?[endre wikiteksten]

I dag blir dei særleg brukte til å lagra alkoholdrikkar for mogning. Dei blir då kalla fat. Dette lyder rett i mine ører. Mange skriv om vinfat og særleg ølfat i staden for øltynne. Men skal vi tru ordlista er det tynner som vert bruka til lagring av øl og vin. Sjå resultat frå søk %fat i ordlista, og søk %tønne i ordlista.

Er vinfat og ølfat nye omgrep i norsk eller var omgrepet fat brukt for lagring av alkoholdrikkar før omgrepet fat kom i tydinga bensinfat/oljefat? Kan det vere at fat i tydinga tynneliknande konteinar er eit nymotens påfunn som kom for å skilje tynner gjort av jern frå ekte tynner av treverk. Roarjo 9. juli 2006 kl. 12:59 (UTC)

«Fat» er så gjennomført brukt om ilåt til å lagra alkohol på at det verker som det har gamle røter. No skal me ikkje berre tru, me skal finna grunnlag for det me trur òg. Ordbog over det danske Sprog fortel at ordet «tønne» finst i «sent oldn.», som eg reknar med er sein-norrønt, og at det muligens kjem frå «oldengelsk» eller «oldfrisisk» [1]. Nynorskordboka fortel at ordet «tønne» truleg kjem frå mellomalderlatin tunna. «Fat», derimot, kjem frå norrønt fat, kan avleiast av fate, og tyder 'noko som fatar om noko' [2]. Dermed ser det ut som om «fat» faktisk er det eldste ordet på norsk — men dei er jo ganske gode og gamle begge to, då.
Eg diskuterte skilnaden mellom tønne, fat og kagge med Arvind, og kom fram til at «tønne» kan visa til alle slags større sylinderforma behaldarar, medan dei andre orda er meir spesialiserte. -- Ranveig 11. juli 2006 kl. 12:41 (UTC)

Denne sida bør verta kløyvd til fleire ulike artiklar. Denne bør handla om kjeraldet, medan det bør verta oppretta fleire ulike artiklar om dei ulike måleiningane. Njardarlogar 19. februar 2012 kl. 12:04 (CET)[svar]

Samd. --Frokor 19. februar 2012 kl. 12:10 (CET)[svar]
Samd. Utkikstønne bør vel òg ha ein eigen artikkel. --Sigmundg 19. februar 2012 kl. 12:20 (CET)[svar]
Flytta måleininga over i måleininga tønne. --Frokor 19. februar 2012 kl. 12:24 (CET)[svar]