Diskusjon:Tampere

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Artiklar om byar med fleire namn[endre wikiteksten]

Hmm, ser ikkje ut at namneproblemet er så lett løyst. For mange andre byar har me ulike artiklar om andre namn, til dømes Kristiania og Stalingrad. Kanskje det kan gjerast for finske byar med to namn óg. Men ein stad må jo hovudartikkelen vera. -- Ranveig 19. januar 2006 kl. 18:41 (UTC)

Nei, det er noko anna. Volgograd og Stalingrad er namn på same språk, russisk, men i ulike periodar. Tammerfors har berre eitt namn på svensk, og det er Tammerfors, og eitt namn på finsk, og det er Tampere. For Oslo og Kristiania er det mogleg å lage ulike artiklar for ulike tidsperiodar. Viss vi vil kan vi jo lage ein artikkel «Tampere» på finsk, sjølvsagt... Det at byar har ulike namn på ulike språk er heilt normalt, jf. Cluj/Kolozsvár/Klausenburg. Eg ser tyskarane er så bleik at dei skriv artikkel under «Cluj» (med referanse frå Klausenburg, men dei har i alle fall artikkel under «Mailand» (og referanse frå «Milano»), slik som eg meiner vi bør ha for Tammerfors, med referanse frå Tampere.Trondtr 19. januar 2006 kl. 19:13 (UTC).
Det med tyskarane var faktisk eit godt argument (for mitt syn :-)). I gamle dagar brukte ein navn som Lettland, Stettin osb. i Noreg òg fordi det var det tyske navnet, og dermed likare på norsk enn desse tøysete slaviske og baltiske språka som dei innfødde dreiv og rota med og ingen forstod likevel. Men no skriv ein Latvia og til og med Szczecin i Noreg og. Sjølv om ingen klarer å uttala dei. Berre Finland gjenstår. Flytt artikkelen til Tampere! (Barend 20. januar 2006 kl. 17:44 (UTC))
No er det slik at tyskarane er fjerna frå Baltikum, og det same er estlandssvenskane. Dermed insisterer eg ikkje på (det gamle svenske namnet) «Reval» for Tallinn. I Finland, derimot, er det to språkgrupper, og den eine av dei snakkar (bortimot) norsk. Det at bruken av dei tyske namna har gått attende er eitt av dei mange konsekvensane av at Tyskland tapte og USA vann krigen. Dermed kan vi ikkje lenger tysk (trur vi), og bruker ikkje lenger tyske namn. Men svensk forstår vi framleis, än så länge. :-) Trondtr 20. januar 2006 kl. 22:07 (UTC).