Diskusjon:Teorien om norsk som eit symmetrisk tonespråk/Versjon 2

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Budal er ikkje nøgd med handsaminga dette forslaget fekk, og vil ha alt sletta, jfr. diskusjonssida hans. Eg forslår difor at med frys vidare drøfting her.

Dette er eit så langt steg attende at det er heilt ubrukeleg som leksikonartikkel, etter mi meining. Artikkelen starte med ei innleiing som plasserar teorien innafor rammene av allment akseptert teori om norsk (eller utanfor, om det er slik saka står). Artikkelen må òg nytta faglege termar i den gjengse tydinga av dei. Og at ein ikkje skriv fagartiklar i førsteperson burde vera sjølvsagt.

Når Budal sjølv medhjev at forrige versjon gav ei korrekt bilete av teorien bør me nytta den, som hadde ei leksikalsk form. --Ekko 16:03, 15 september 2007 (CEST)

Eg har omarbeidd artikkelen slik at han ikkje er i fyrsteperson. Om dette pronomenet framleis skulle finnast, kan det omskrivast.
I innleiiinga nemner eg at andre teoriar finst, til dømes den om norsk som eit trykk / tone-språk, men samstundes at mi skildring fylgjer Pike sin definisjon, noko andre teoriar ikkje gjer.
Stuttversjonen de presenterte var for så vidt korrekt, og dømes med "til trua" var bra, men kommentaren knytt til Abrahamsen sin kritikk skapte uballanse, og innheldt dessutan etter mi vurdering klåre feil, og var dessutan ikkje så lite autoritært avvisande. Det finst berre ein måte å vurdera arbeida mine på: Finna ut om døma mine stemmer eller ikkje!
Abrahamsden vurderte eitt av dei ("far min" i sin to versjonar), men vurderinga vart mest ei fastslåing av at trykk skapte skilnaden. Det er ikkje rett. Jostein Budal
Det blir unødvendig tungt å arbeide med artiklane om med skriv ein heilt ny dersom ein finn ein ubalanse.
Elles så trur eg kanskje ikkje me har heilt same synet på kva ein artikkel på Wikipedia skal vera. Wikipedia er ikkje staden for ny forskning eller nye argument. Stoffet er avgrensa til det som tidlegare er publisert. Me skal derfor ikkje vurdera arbeida dine, men referere teoriane dine, slik dei står i bøkene dine og i artiklar du har skrivi i fagtidsskrift, og kritikken av teoriane, slik dei står i artiklar i fagtidsskrift. Det tyder at dersom du er usamd i kritikk kan du ikkje svara på den her, men du kan vise til tilsvar du har kome med i artiklar i fagtidsskrift.
At artikkelen kan verka «autoritært avvisande» trur eg kan vera naturleg, i alle høve bør det komma fram at dette ikkje er det gjengse synet i norske fagmiljø.
Ekko 11:18, 16 september 2007 (CEST)
Ja, eg er samd med Ekko. Sjå t.d. på innleiinga slik det står no:
«Mange har slege fast at norsk er eit tonespråk.» — Dette er ein udokumentert påstand. Dessutan er det ikkje ei setning som kan introdusere teorien din. Til det treng vi ei setning som den som står i versjon 1.
«At så er tilfelle, er grunnlaget for den teorien som no skal skildrast.» — Ja, det er grunnlaget for teorien som skal skildrast, men ikkje om artikkelen som skal skrivast om teorien. Artikkelen skal a. fortelje at det er ein slik teori, b. fortelje kva som er innheldet i han, og c. fortelje at og korfor dette ikkje er det allment aksepterte synet. Dessutan skal artikkelen vise til Budal sin nettstad.
«Framstillinga tek ikkje føre seg teoriar om at norsk skulle vera eit trykk / tone-språk eller liknande.» — Framstillinga må vise at og korfor dette skiljet er viktig.
Wikipedia er ikkje arenaen for å vinne slaget om tone og/eller trykk i norsk. Til det har vi Norsk Lingvistisk Tidsskrift og tilsvarande kanalar. Wikipedia er for å fortelje om og forklare verda rund oss. Lesarar som finn Budal sine teoriar på nettet skal kunne gå til Wikipedia som ei uavhengig kjelde og få teorien sett i ein kontekst: både ei framstilling som JB kan kjenne att, og ei forklaring på korfor teorien ikkje er pensum på universiteta. Trondtr 14:02, 16 september 2007 (CEST).

Å visa til Norsk Lingvisitisk Tidsskrift og fagmiljø er nyttelaust. Alt då eg på nitti-talet hadde presentert funna mine for ein professor, vart eg truga med at om eg freista å publisera noko av stoffet mitt, ville eg ikkje nå fram, for di "fagmiljøet" ville verta bruka som konsulentar (for å "kvalitetssikra stoffet"), og dei ville venda tommelen ned. Dei anonyme fagkommentarane som førde til dette, var alle usaklege og nedlatande,men det ikkje-fagmanmnen eg måtte meina, tel ikkje. Eit typisk trekk er at ingen av "fagpersonane" har gått inn i døma mine (det finst hopetal av dei), og dei er alle forma som dokumenterte próv ved hjelp av lydfiler. Trugsmålet om å leggja hindringar i vegen for meg, har slått til - både i Noreg og i utlandet. Dette miljøet har så stor makt at det kan stogga alt stoff det ikkje likar - og det gjer det. Berre ein artikkel har eg fått offentleggjort, og det var i 1969 (før stoffet var skikkeleg utvikla, og før fagmiljøet hadde oppdaga sprengstoffet i det). Bøkene mine er publiserte på tvert av dette miljøet. Eg gjer merksam på at nettsidene mine har mellom 30 / 40 og fleire vitjingar kvar dag, og har hatt det i fleire år. Svært mange av dei kjem frå utlandet. Oppmodinga om å skriva for Wikipedia har eg faktisk fått frå Tjekkia. Når det gjeld den "udokumdenterte påstaden" om at norsk er eit tonespråk, viste eg i det fyrste innlegget til Språknytt - legg óg merke til at eg seier "svært mange", det finst altså dei som ikkje gjer det. Men elles spelar det inga rolle for teorien kva andre måtte meina om saka, eg próvar at det er eit tonespråpk i samsvar med Pike sin definisjon (gjer seg bruk av stavingstonar). Forskninga mi (teorien min)er ikkje heilt ny, ho går attende til 1969 då eg fekk publisert ein artikkel i Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap. Eg meiner difor å ha meiningsrett. Framstillinga mi er dessutan objektiv og refererande.

Klart du har meiningsrett, men dette er kanskje ikkje staden for alle meiningar. Wikipedia si rolle er å spegle, eller gjengi, gjengs kunnskap. Altså; berre det som er allment godtatt som sant får plass her, det er det me legg i «ikkje ny forskning». Det tyder ikkje at me tar stilling til teorien din (eg er ikkje kompetent til det), men at me er nøye på at me berre skriv det som er dokumenterbart sant: At Jostein Budal har skrivi bøker og om kva som står i dei. Om det som står i bøkene er rett eller ikkje, meiner me ikkje noko om. Og fordi me likar å ha fleire sidar av same saka i same artikkelen: at Budal har fått kritikk i tidsskriftartiklar og kva som stod der skal også med. Døme på korleis dette slår ut: dersom ein kjend forfattar skriv ein artikkel om seg sjølv, ville me ha sletta det som ikkje kunne dokumenterast i skriftlege kjelder, som biografiar og avisartiklar.
I tillegg legg du stoffet ditt ut til allmenn handsaming når du legg det her. Kven som helst kan ha synspunkt på det, og korleis det blir lagt fram, og endre det.
Ekko 09:54, 17 september 2007 (CEST)
Men takhøgd for avvikande teoriar må vi ha, vi har tradsisjon for det, jfr. til dømes 11. september-teorien som ikkje er interessant som forklaring, men som fenomen. Elles er heller ikkje eg kompetent til å vurdere tonespråket, men på generelt grunnlag meiner eg meir en fagfolk si meining kan komme med, så lenge det kjem fram at teorien er omstridd. - Knut 12:34, 17 september 2007 (CEST)
Ikkje uenig i noko av dette, men:
Roar la ned eit stort arbeide i å skrive eit stort stykke tekst om til ein leksikonartikkel til nettbruk. Førsteforfattaren har megjeve at denne nye versjonen var stort sett grei. Då synest eg ikkje han legg godvilja til når han kjem og vil ha heile artikkelen skrive om og vurdert på nytt. Vil han legge ut mykje tekst, og etter eige hovud, får han nytte sin eigen nettstad, som det er lenka til frå artikkelen.
--Ekko 14:23, 17 september 2007 (CEST)
Eit anna alternativ for førsteforfattaren kunne vere å rette på nokre detaljar slik at «stort sett grei» kan byttast ut med «grei». Eg vil gje Budal 100 % støtte i at han har meiningsrett, og han har same rett som oss andre til å ha meiningar om det som skal stå i artikkelen. Korleis han til slutt vert utforma, er resultatet av ein prosess. Her trur eg ikkje Ekko heller er usamd, eg gjer berre eit forsøk på å forklare Budal at artiklar det er stor interesse for ikkje er ein manns verk, men eit resultat av innsats frå mange. Min parole til Budal og andre som vil skrive vert då berre å hugse på at ein nettartikkel ikkje bør vere for lang. -Knut 16:52, 17 september 2007 (CEST)
Eg har lagt stort arbeid i å ikkje få artikkelen for lang. Men når ei heil bok skal styttast ned, kan det halda hardt. For å få heilskapen fram, må eg ha med både ordbyggjing, setningsbyggjing, bruk av glidetonar, symmetribyggjing og intonasjon. Omtalen av kvart av desse emna har eg gjort så knapp som eg tykkjer forsvarleg. Mellom anna har eg utelate både próvføringar og døme + tilhøve som tonesprang, toneretningar, halvsirkelmønster og liknande. Ein annan måte kunne vera å ramsa dei opp og visa kopling til sider som omtalar dei meir utførleg. Eller å skriva spesialartiklar om kvart emne. Jostein Budal
Etter mitt syn er spesialartiklar om kvart emne ikkje noko dårleg alternativ. Det er enkelt å lage lenkjer frå hovudartikkelen til spesialartiklane. Legg dei gjerne i ein eigen Kategori:Teorien om norsk som symmetrisk tonespråk. - Knut 10:22, 18 september 2007 (CEST)
Der er eg heilt ueinig. Denne artikkelen er allereie ganske «spesiell». Me kan ikkje gå endå lenger inn på detaljane i eit generelt oppslagsverk. Det er derimot fritt fram å peika til sider med døme under Bakgrunnsstoff. --Ranveig 10:36, 18 september 2007 (CEST)
Einig. På eit punkt (og det trur eg er nådd), må forfattaren nytte sine eigne internettsider skal han gå djupare i stoffet. Som Ranveig skriv, dette er eit generelt leksikon, ikkje ei fagbok. --Ekko 10:43, 18 september 2007 (CEST)
Her er fleire omsyn å ta. Det viktigaste er omsynet til nn-wikipedia sitt truverde som oppslagsverk. Det neste er omsynet til allmenn meiningsrett. Det tredje er omsynet til ein høveleg struktur på artiklane. På dette tredje punktet er vi usamde. Eg likar best å lese korte artiklar, og heller klikke inn på ei lenkje med utfyllande informasjon om emnet interesserer meg. Eit fjerde omsyn er å ikkje gå for langt i detaljane. Kor grensa går her, får dei som forstår teorien avgjere. I staden for å diskutere her, meiner eg Budal heller bør bruke energien på å finne ei høveleg form på artikkelen. Men her er truleg fleirtalet usamde med meg, og denne diskusjonen kjem vi sikkert attende til.-Knut 13:18, 18 september 2007 (CEST)
Sjå kva eg i dag har skrive under den andre versjonen. Abrahamsen sin negative (og i stor mon udokumenterte og misvisdande) kommentar, vert hovudsak. Den som les framstillinga i den samanhangen må sitja att med inntryukk av at eg fer med tull! Det er korkje truverdig eller objektivt. Artikkelen slik han står nedanfor her, er derimot ei objektiv frmstilling.

Versjon av 14. september 2007[endre wikiteksten]

Kopi av Teorien om norsk som eit symmetrisk tonespråk. formatert for å fjerne 'boksar'. Roar 09:35, 15 september 2007 (CEST)


TEORIEN OM NORSK SOM EIT SYMMETRISK TONESPRÅK.

Mange har slege fast at norsk er eit tonespråk. At så er tilfelle, er grunnlaget for den teorien som no skal skildrast. Framstillinga tek ikkje føre seg teoriar om at norsk skulle vera eit trykk / tone-språk eller liknande. Ho byggjer på boka ”Fem tonar” (Jostein Budal 2002). Den ligg ute på nett med adresse: http://www.symmetritonespraak.no. Próvføringar og grunngjevne forklåringar finst der. Framstillinga er ei samordning av stoffet. Den amerikanske lingvisten Kenneth L. Pike gav fylgjande definisjon av eit tonespråk (her i norsk omsetjing): ”Eit språk som for kvar staving gjer seg bruk av meiningsskapande, relative kontrasttonar.” Bruken av omgrepet relativ går på at det er den relative tonebruken som er avgjerande, ikkje den fysiske. I prinsippet er toneskalaen for tale lik i alle tonespråk, men nokre ting kan variera: Talet på tonar som er i bruk (frå to og oppover – sjeldan svært mange), og om dei brukar jamne tonar eller glidetonar (som kan ymsa i retning for glid og i utforming). Pike skilde mellom nivåtonespråk og glidetonespråk, men i den omtala boka vert det hevda at norsk brukar begge slag tonar på ein systematisk måte. Ei fylgje av at eit språk er eit tonespråk, er at dei tonane og melodiane som det brukar, er like avgjerande for meininga som dei språklydane (det alfabetet) det gjer seg nytte av.

Skalaen har fem tonar, eller tonelag.

Omgrepet tonelag har i moderne omtale av norsk språk fått den same meining som ordet ordpar har i andre samanhangar. I tonesamanhang vil ordet ordpar gå på at eit skriftleg ord kan ha to ulike meiningar alt etter kva tonar eller melodiar som vert bruka. Norsk har hundrevis av døme på slik ordpar, og ikkje berre det, i den ovan nemnde boka finst det óg døme på trillingar, firlingar og femlingar. I framstillinga som kjem her, tyder tonelag tonar i lag på lag. Det er den mest naturlege tolkinga av sjølve ordet, noko som atter tyder på at dette kan ha vore den opphavelege nordiske meininga av det. Omgrepet fortel då at det ikkje berre er tale om nivåtonar (jamne tonar som glid som etter ein strek), men at tonane er organiserte i lag der einskildtonane har høve til å gli eller elles variera si utforming inne i eit visst tiletla toneområde – eit tonelag. Av slike er det fem:

Høgtone(lag)
Plusstone(lag)
Grunntone(lag)
Minustone(lag)
Lågtone(lag)

Skalaen har ei symmetrisk utforming ved at grunntonen fungerer som symmetriakse. Dei andre tonane høyrer saman to og to i ein meiningsakse. Høgtonen (den høgaste tonen i bruk) og lågtonen (den lægste tonen i bruk), kan seiast å vera yttertonar som ikkje skaper hovudmeiningsskilnader seg i mellom. Det same gjeld for plusstonen og minustonen. Dei går under samlenamnet mellomtonar. I prinsippet har difor språket eigenleg berre tre tonar for skaping av hovudmeining: yttertone, mellomtone og grunntone. Kvart ord kan ha både ei hovudmeining og ei nyansert meining. Det heng saman med at kvar stavingstone kan velja mellom tre toneplasseringar: Som grunntone - med tone over symmetriaksen (grunntonen) - og med tone under denne. Dette gjev grunnlag for toneomrokkeringar, men dette skjer ikkje på slump. Dei er knytte opp til tydelege meiningsnyanseringar. Ein slik systematisk bruk av symmetriske tonar er førebels ikkje skildra for andre tonespråk.

Leksikalske tonar og einstavingsord.

Det vert rekna med at mange tonespråk brukar mest berre einstavingsord. Kvart av desse har sin leksikalske tone (sin meiningsskapande tone). For norsk er tilhøvet litt annleis, sidan våre einstavingsord kan velja mellom tre toneplasseringar. Det hindrar likevel ikkje at einstavingsorda våre har ein hovudtone, ein grunnleggjande tone som kan kallast den leksikalske tonen for ordet. Den heiter anten yttertone, mellomtone eller grunntone. Ingen norske einstavingsord brukar mellomtonen som sin grunnleggjande tone , men både yttertonen og grunntonen vert bruka til det føremålet. Døme: Meiningskilnaden mellom talord og artikkel i utsegna ”ein mann”. (Sjå bolken ”Einstavingsord to og to” i den ovan nemnde boka.) Grunntonen fungerer som symmetriakse i systemet. Ei fylgje av det er at når ord eller stavingar brukar grunntonen, får dei ei meiningsnøytral oppgåve i talen. Sidan tonen dessutan kan fungera som grunnmønster for ord, tyder det at han har ei dobbeltrolle. Dei ord som brukar tonen som sitt grunnmønster, er i prinsippet meiningsnøytrale (infintivsmerke, ikkje-peiknade artiklar, konjunksjonar, preposisjonar, modale hjelpeverb).

Ord med fleire stavingar.

Sidan definisjonen for tonespråk reknar med stavingstonar, har tostavings- og fleirstavingsorda fleire leksikalske tonar. Desse går automatisk saman i melodiar eller mønster. For slike ord er det desse mønstera som er leksikalske. Når to likeskrivne ord kan uttalast på minst to måtar, og kvar uttale får fram ei eiga meining (døme: tanken av ein tanke eller av ein tank), må det tyda at det er tale om to melodiar som skaper kvar si meining. Slike melodiar vert kalla grunnmønster, og orda kan klassifiserast etter kva for eitt av desse som vert bruka. Av slik har me minst sju:

  1. Grunntonemønsteret byrjar med ein eller fleire grunntonar, og endar med ein eller fleire yttertonar. Døme: Sosial, betala.
  2. Yttertonemønsteret har berre yttertonar. Døme: vegen, traktoren.
  3. Mellomtonemønsteret endar på to mellomtonar og kan ha ein eller fleire grunntonar i forkant av desse. Døme: Karantene, (å) slita.
  4. Troppemønsteret byrjar med ein mellomtone som kan ha ein eller fleire grunntonar i forkant av seg. Mellomtonen vert etterfylgd av ein eller fleire yttertonar. Døme: Stortinget, skyskrapar.
  5. Framtoningtsmønsteret byrjar med ein eller fleire yttertonar og endar med ein eller fleire grunntonar. Døme: B-gjengen, gåstolen, ein mann (ein er talord).
  6. Pyramidemønster med yttertone på toppen byrjar og endar med grunntone eller tonar, og har på pyramidetoppen minst ei staving på yttertonenivå. Døme: Sosialdepartementet, kvadraturen.
  7. Pyramidemønster med mellomtone på toppen byrjar og endar med grunntone eller tonar, og har oftast to mellomtonar på pyramidetoppen. Døme: Morenelag, gå-innpå-leiken.

Teoretisk er andre mønster enn desse tenkjelege (men lite trulege).

Ordbyggjing.

Tonemønsterbruken gjer at det er mogeleg å forklåra omgrepet ord. Dersom ordet klasse (med mellomtonemønster) og ordet bilete (med troppemønster), står ved sida av kvarandre, vert dei oppfata som sjølvstendige einingar: klasse, bilete. Men let me dei gå saman i eit samla mønster – klassebilete -, vert dei oppfata som eit nytt ord med ei ny meining. I skrift kjem dette fram ved at me skriv dei saman i eitt ord, i talen er det melodien + stavingane som gjer det. Ved hjelp av denne metoden kan me byggja opp mest kor lange ord me vil utan at det kjem til mistyding. Studer til dømes ordet mellomtonemønster i det førre avsnittet. Vil me dela dette ordet i mindre einingar, er det fullt mogeleg: – mellom / tone / mønster. Men fylgja av det vil verta at den samla meininga for det lange utgangsordet fell bort. Kvart av dei nye og stuttare orda må skifta til tonemønster som gjer dei sjølvstendige både i melodi og meining.

Stavingane er med andre ord tonale byggjesteinar for ord, og ved hjelp av tonemønster kan ord definerast.

Setningsbyggjing:

Orda med sine grunnmønster er atter byggjesteinar i setningar. Dei er med på å skapa setningsmusikken, og den er ikkje bygd opp vilkårleg. Han har som sentralt prinsipp at det kan skapast tale ved hjelp av motsetnader. Systemet virkar ved at når tonar legg seg på gunntoneaksen (symmetritoneaksen) vert dei stadfestande eller meiningsnøytrale, når dei derimot brukar grunnmønsteret sitt vert dei tydelege og viktige. Eit ord som står åleine (i isolasjon) brukar difor alltid grunnmønsteret sitt – for di det då skal vera tydeleg. I ein setning treng det derimot ikkje å vera tydeleg på den same måten, det bør rett og slett ikkje vera det. Der står det i ein samanhang der ei samla meining for fleire ord skal fram. Ovanfor gav eg døme på skaping av nye ord ved at einskildord gjekk saman i nye mønster og slik skapte nye meiningar. I ein setning skal orda derimot ha sine opphaveleg meiningar og samstundes gå inn i ei samla setningsmeining. Ordet si eigameining er ikkje lenger hovudsak, det er nok at den vart stadfesta som ein del av eit heile. Då er det at grunntonelaget kjem til sin rett. Eit ord kan leggja seg der med sine stavingar utan å missa meining, og når det gjer det, kan det samstundes gje eit anna ord høve til å spela hovudrolle – eller ei viktigare rolle – ved å få grunnmønsteret sitt framheva. Tre hovudslag av setningar kan då skapast: 1) dei med framtoning (i litteraturen ofte kalla fokusering), 2) dei med skildring og 3) dei som er fastslåande..

  1. Ein setning med framtoning tyder at berre eitt av orda i han brukar grunnmønsteret sitt. Meininga vert då: Det dette ordet seier i motsetnad til noko anna. I setningen ”mannen et fisk” kan ein laga minst tre framtoningar. Framtonar ein mannen” med grunnmønsteret sitt, tyder det: Mannen, og ikkje til dømes kvinna, et fisk. Framtonar ein ”et” tyder det anten a) han et verkeleg fisk, eller b) han et fisk, han sløyer til dømes ikkje fisk. Framtonar ein ”fisk” tyder det: han et fisk, men ikkje til dømes kjøt.
  2. Ein setning med skildring er ein som let minst to ord (av fleire enn to) verta ståande der med grunnmønstera sine. Meiningsfylgja av det er at setningen får ei større presisering (vert tydelegare) enn i ein setning med berre framtoning. I døma nedanfor får to av orda i setningen ovanfor få lov å bruka grunnmønstera sine:
- mannen et fisk – (den omtala mannen et verkeleg fisk, eller: ”men sløyer til dømes ikkje fisk”) –
- mannen et fisk, - kan vera eit tilsvar til einkvan som har sagt at han ikkje veit kva den omtala mannen et. Svaret er at han et fisk, men ikkje tildømes kjøt.
- mannen et fisk: - (”det er sant at den omtala mannen et fisk”).
- Totalmeininga i setningen vert med andre ord ulik i dei tre døma. Meininga ”mannen i motsetnad til kvinna” fell til dømes heilt bort i alle døma og vert i staden til ”den omtala mannen”, ”den mannen de veit”.
  1. Men fyrst når alle tre orda i setningen står der med grunnmønstera sine, vert han fastslåande og eintydig. Alle orda i han vert då tydeleggjorde, det kan det ikkje lenger – iallfall i fylgje den som talar - stillast spursmål ved det sagde.

Symmetri sett i system.

Einskildord og stavingar i ord kan skifta toneplasseringar symmetrisk. Men dei kan ikkje bryta med sine plasseringar som mellomtonar eller yttertonar i ordmønster. Ein plusstone kan difor skifta med ein minustone, men ikkje med ein høgtone eller ein lågtone. Og ein høgtone kan skifta over til å verta lågtone eller omvendt, men ikkje til å verta plusstone eller minustone. Stavingar som brukar grunntone kan i prinsippet ikkje skifta tone (om dei då ikkje av ein eller annan grunn skal framtonast). Alle toneskiftingar vil føra til meiningsendringar. Det er føremålstenleg å kunna omtala symmetriske former på ein meir noggrann måte. Dei som har tonar på og over grunntoneaksen, kan seiast å vera i opptone. Dei med tonar den motsette vegen, kan seiast å vera i nedtone. Her vert nokre meiningsfylgjer av symmetrisk toneplassering skissert opp:

  • Grunntoneplassering av heile ordmønster tyder stadfesting eller nøytralisering av noko. Dette ordet skal spela ei underordna rolle i setningsmeininga. Slik nøytralisering kan berre skje i setningar.
  • Når heile ordmønster skifter over til sin symmetriske motpart, vert hovudmeinga vinkla annleis. Me kan tala om positiv og negativ vinkling. I setningen ”eg myrda” kan det liggja eit: ”og det ynskte eg å gjera”, eller eit: ”diverre gjorde eg det”. (Andre motsetnader er tenkjelege. Den samanhangen som talen går føre seg i, avgjer det.) Den som talar kan få dette fram utan å måtte ty til lange forklåringar. Symmetrisk tonebruk er med andre ord endå ein måte å utnytta kontrast på. Seiemåtane om ”undertonar” og ”overtonar” i talen er difor ikkje tekne heilt ut or lufta. Men kontrastane gjeld noko anna enn dei som ovanfor er omtala i samband med setningsbyggjing. Dei gjeld våre innstillingar eller våre kjensler i samband med ei hending eller ein tilburd, ikkje sjølve det konkrete innhaldet i det sagde.
  • Einskildstavingar som brukar mellomtonar eller yttertonar, kan kvar for seg skifta tone symmetrisk. Dette kan skapa tonesprang inne i ord, og desse kan klassifiserast etter som dei har retning opp eller ned, eller om dei – i ord med mange stavingar – får fram halvsirkelmønster. Dette har og meiningsfylgjer i form av talenyansering på endå eit plan. Dei kan kallast personlege meldingar mellom dei som talar saman. Retning ned har som regel i seg eit fastslåande basta, retning opp ei motseiing, i halvsirklane ligg det som regel eit (eventuelt forsonande) ”på den eine sida slik, og på den andre sida slik”. Tonesprang mellom heile ord i setningar, har som regel den same verknaden (men med litt andre nyansar).
  • Legg merke til at tonesprang ikkje endrar på om eit ord er framtona eller ikkje, eller om ein setning er skildrande eller fastslåande. Det vert ei framtoning eller ei skildring kombinert med ei melding av eit av dei slaga som er nemnde ovanfor.

Glidetonar.

Dei fleste tonane utanom grunntoneaksen er glidetonar. Unntaket er ein einsleg mellomtone som innleier eit troppemønster – den er jamn . Glidingane ser ut til å tena fylgjande føremål:

  • For å syna kva plassering ei staving har i det symmetriske tonesystemet. For eit einstavingsord tyder glid oppetter høgtone, glid nedetter lågtone. Ingen einstavingsord har mellomtone som sin grunnmønstertone.
  • Å skilja mellom stavingar i ord. Dersom fyrstestavinga i eit tostavingsord glid oppetter, glid den neste nedetter og omvendt. Har ordet fleire enn to stavingar, gjeld glideretningane den fyrste og den siste stavinga i yttertonelag, dei imellom – om slike finst – går saman i ein jamn tone.
  • Gidetonane med sine retningar er stort sett førutseielege. I opptone lagar dei eit hustak-opp-mønster, i nedtone eit hustak-ned-mønster. Ved tonesprang held kvar staving på si glideretning.
  • Glidetonane kan i visse høve skiftast ut med jamne tonar når føremålet er å skapa visse former for toning eller intonasjon. (Sjå seinare om samtoning.)

Dialektar og tonar.

Dialektar brukar ulike seiemåtar og ord og har ulik grammatikk, men endå meir karakteristisk er dialektmusikken. Svært mange dialektar kan kjennast att på den. Det tyder ikkje at dei difor brukar kvar sitt sett av leksikalske språktonar. Tvert om er ordmelodiane i sin grunn dei same, og mest alle norske dialektar har dei same sju slag grunnmønster. Glideretningane for tonar er óg dei same. Det som ser ut til å skilja dialekttonane frå kvarandre, ser ut til å vera utformingar av toneglid. For ved sida av å ha retning, kan gliden óg ha ei eiga utforming. Han kan vera bratt eller slak, byrja slakt og enda bratt eller omvendt, ha ein krok på seg eller liknande. Det kan gjera gliden karakteristisk for ein viss dialekt utan at dette endrar gliden si ålmenne oppgåve i språket. Nokre norske dialektar er sagde å ikkje ha tonelagsskilje, men det tyder ikkje at dei ikkje har tonar. Skulle til dømes ein dialekt vanta ein av dei leksikalske språktonane som gjeld for norsk reint ålment, ville han likevel ha att to tonar å bruka. Han ville i så fall missa den viktige nyanseringsfaktoren for talen som tre tonar gjev, men det fist alltid måtar – også tonemåtar – å kompensera for dette på. Det heiter at mange språk må greia seg med berre to tonar, men det heiter óg at det finst dei som har mange fleire enn oss. Hjå oss fører dei tre tonane til at me tilsynelatande greier oss med ferre ord (stavingar) enn til dømes engelsk. På den andre sida: Når me skal telja kor mange ord språket vårt har (til dømes atter i samanlikning med engelsk), må me rekna med dei ord som tonane våre skaper (+ den større evna til nyansering av talen som dette skaper).

Språktonar og toning (intonasjon).

Språktonane er dei tonane som vert kalla leksikalske, for di dei er knytte opp til meiningsskaping. No vil me svinta innom endå eit toneslag, det som skaper intonasjonen eller toninga i talen. Definisjonen av omgrepet intonasjon er ikkje eintydig innanfor lingvistikken. Med toning eller intonasjon skal det i dette oppsettet tenkjast på det faktum at me kan føra inn kjensler som glede, tristleik, gråt, oppgløding og kva det elles måtte vera i talen, og det utan at dette skiplar bruken av korkje meiningsgjevande språktonar eller dialekttonar. Ein slik ”intonasjonspåverknad” av talen kan – i fylgje teorien - vera av mange slag. Her er nokre av dei:

  • Trykk. Jamvel om sjølve ovringa er kjend, finst det framleis ikkje nokon definisjon som heilt ut forklårar kva det kan vera. I litteraturen har mange vorte ståande ved at stavingslengjing kan vera ein av faktorane som skaper det. Ei staving som vert lengd, vert understrekande med eit slag innhald av at det som vert sagt, skal leggjast merke til. Den talande kan ved hjelp av det frå fram kva som serleg ligg han på hjarta.
  • Lydtoning. Ikkje så sjeldan synest det som om det vert lagt inn ekstra lydar inn i stavingar, og at desse har til føremål å føra serlege kjensler eller personlege påverknader inn i talen. Nemninga lydtoning freistar å få fram dei to sidene ved saka: ekstralyden og at han er ei form for kjenslemarkør. Det finst truleg ei heil mengd av slike markørar, eg nemner ei for gråt, for opphissing, for intensitet, ei som skaper spursmål osb.. Eit fullstendig oversyn ligg ikkje føre.
  • Toneomforming. Dette er eit slag fargeleggjande herming av talen. Motivet kan vera venleg og humoristisk, fiendsleg, sarkastisk, ironisk eller noko liknande. Iallfall legg det ei ny melding inn i talen.
  • Skifting av toneleie. Me kan tala i fistel eller i sordin, kviskrande eller bråkande. Dette kan utnyttast til å få fram kjensler som oppgløding, entusiasme, fortviling, avmakt, redsle eller liknande.
  • Samtoning. Dette er ein intonasjonsmåte som utnyttar motsetnaden mellom glidetonar og jamne tonar. Når dette hender, synest det å vera viktig å få fram ei samla oppleving av noko, anten det no er på gledesida eller sorgsida, eller det berre rett og slett er tale om sensasjon. Måten eignar seg best for spontane reaksjonar på noko uventa. Av samtoningar finst det to slag: a) Den som vert bruka i setningar ved at nokre eller fleire ord brukar symmetriaksen (vert nøytraliserte på grunntonenivå) for å kunna framtona eller skapa ulike variantar av skildring. Det kan kallast grunntonesamtoning. Den er ikkje det som her vert kalla intonasjon, men er ei normal ovring i vanleg tale. Eller b) yttersamtoning - når stavingane legg bort glidingane sine og samlar seg i yttertonelag. Det kan skapa motsetnadene undring og forskrekking over noko som kjem brått på eller er uventa, av typen: ”Nei seier du det!”, ”Så synd”, ”Nei no lyg du vel!”. Stundom kan berre deler av setningar, eller eit einskild ord, samtonast på denne måten. (Sjå døme 108 i boka ”Fem tonar”.) Dette er ei form for intonasjon.

NOKRE KONKLUSJONAR.

  • Høyrsla vår må vera mykje sterkare utvikla enn me før har tenkt oss. Ho oppfatar, registrerer og tolkar lydar og tonar som me stort sett overlet til undermedvetet å systematisera.
  • Såleis skil ho mellom tonar på minst fire plan: dei for leksikalsk tonebruk, dei som gjev dialektar sersvip, dei som skaper intonasjon, og dei som gjer at me greier å skilja ut kva person me talar med.
  • Talen innheld ikkje berre dei reine meiningane, men óg eit uttal av vinklingar, personlege meldingar og kjensleinnslag.
  • Tonebruken i talen er minst like viktig som (om ikkje viktigare enn) lydbruken.
  • Så prinsipielt viktig er dette i språket vårt at det er rimeleg å sjå på om ikkje andre språk har ein liknande struktur. Fylgjande ting talar for det: a) At ingen språk er monotone. b) At evna til å både vinkla tale og få fram kjensler i det sagde synest å vera sams for alle menneske.
  • I den nyleg avslutta granskinga som heitte ”Norsk Tonelagstypologi” heitte det om våre tonelag: ”Selv om motsetningen fonetisk manifesterer seg ulikt i ulike deler av Norge og Sverige, er det mange argumenter for at systemet i sine grunnleggende trekk er det samme over alle dialekter der tonelagsmotsetningen finnes.” Sjølve denne granskinga fann ikkje fram til dette eit slikt system, det gjer framstillinga ovanfor
  • Denne umedvetne oppfatningsevna kan lærast og gjerast medveten. Eit godt hjelpemiddel er å plassera taletonane i skala.

LITERATURTILVISINGAR.

  • Gussenhoven, Carlos: The Phonolgy of Tone and Intonation.
  • Kristoffsen, Gjert (leiar), Ove Lorentz og Jan K. Hognestad. stod for granskinga om Norsk Tonelagstypologi. Den er no avslutta og har ført til ei rad med artiklar som gjeld emnet.
  • Budal, Jostein: Fem tonar. Unipub forlag 2002.
  • Budal, Jostein: A symmetrical tone language – Norwegian. Unipub forlag. 2004.
  • Budal, Jostein: Tonar i skandinaviske språk. Unipub forlag, 2007.
  • http://www.symmetritonespraak.no.
  • Pike, Kenneth L.: Tone languages, University of Michigan Press, 1948 og i fleire utgåver seinare.