Diskusjon:Tettstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein tettstad er eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Det lyt presiserast at dette er ein folkeleg definisjon av omgrepet. SSBs begrept har ingen øvre grense for folketall.

Det står i neste setninga! --Ekko 06:21, 20 september 2007 (CEST)
Nei, det gjør det faktisk ikke. Les sjøl, en gang til.
Eg så gjorde, og såg at den anonyme har rett. Takk for påpeikinga. --Ekko 09:29, 28 april 2008 (CEST)

Død lenke[endre wikiteksten]

Under automatisk robotkøyring blei det oppdaga at følgjande eksterne lenke var øydelagt. Gjer vel og sjekk om lenka faktisk er øydelagt, og fiks eller fjern ho om så er tilfelle. Les meir…


Denne nettsida er lagra i Internet Archive. Vurder om lenka kan endrast til å peike til éin av de arkiverte versjonane: [1]. BepBot 25. august 2008 kl. 03:37 (CEST)

[daud lenkje]

Tettstadar som ikkje er tettstadar[endre wikiteksten]

I ein del artiklar vert bygder nemnde som tettstadar utan att dei er nemnde på SSB lista. (td Hovdebygda, Sæbø i Ørsta). Bør den opplysninga slettast frå artiklane?--Andreasv 13. september 2008 kl. 19:36 (CEST)

Ut i frå diskusjonar siste dagar skulle me kanskje hatt ein diskusjon på kva me skal kalle tettstad og kva som skal heite bygd og grend, eller evt. spreiddbygd strøk. SSB har jo ein klår definisjon for tettstad, og eg trur denne vert brukt dei fleste stader her til lands som t.d. hos Statkart. I Caplex står SSB sin definisjon. SNL har eg ikkje tilgang til.
Det finst derimot òg ein felles nordisk definisjon på tettstad som eg trur vert nytta i Sverige og Danmark, der det minst må bu 200 innbyggjarar (som i SSB sin definisjon) og avstanden mellom husa kan 200 meter (mot 50 meter hos SSB). Forskjellen er sjølvsagt at det vert mange fleire tettstader med den felles nordiske definisjonen. Eg har heller ikkje funne oversikt over kva dei norske tettstadane hadde vorte med denne definisjonen.
Det enklaste for oss vil vel vere å følgje SSB sin definisjon og SSB sine lister for kva som skal heite tettstad. Det er vel kanskje den einaste objektive kjelda me har. I så fall så burde nok dei stadane Andreasv nemener vorte kalla ei bygd eller liknande. --Frokor 13. september 2008 kl. 20:25 (CEST)
Nynorskordboka:
  • grend f1 el. m1 (norr grend, besl med granne)
1 samling av garder som ligger nær hverandre, krets (4)
2 samling av hus, hytter som ligger for seg selv hytteg-
  • bygd f1 (norr bygð; av I *byggje)
1 landområde med meir el. mindre spreidd (gards)busetnad som utgjer ein naturleg heilskap b-a har mange gardar / både by og b- heile landet / sentrum reise ned i b-a / fare på b-a gå heimanfrå / la noko kome på b-a la noko kome på folkemunne / om e forh: kome på b-a kome på fattigkassa
2 styringseining i eit landområde; herad, kommune ordføraren i b-a
3 i bf eint: folket i ei bygd heile b-a veit det
Bokmålsordboka:
  • bygd f1 el. m1 (norr bygð, av bygge)
1 landområde med mer el. mindre spredt (gards)bosetning som utgjør en naturlig el. en administrativ enhet b-a har mange garder / nabob-, flatb-, hjemb- / la noe komme på b-a på folkemunne
2 sentrum i en bygd (1) dra ned i b-a for å handle
3 i bf: folket i en bygd hele b-a vet det
Slik eg forstår skilnaden på bygd og grend kan ei bygd vere mykje større, i areal, enn ei grend. Ei grend er ein huskrull av noko størrelse, medan ei bygd i utgangspunktet er innmark (og utmark?) og gardshus spreidd utover. Men så glir omgrepa over i kvarandre ved tyding nr. 2 i Bokmålsordboka, eit sentrum i ei bygd (i tyding 1). Det gjer det vanskeleg å setje noko fast skilje mellom dei to til vårt bruk, og det som finst av bygde- og grendekategoriar her er nok ei salig røre. Me treng eit samleomgrep for busette stader som ikkje er tettstader. Kanskje det går å ha noko som heiter Kategori:Bygder og grender i X?
Det ein kan misunne svenskane er småort-omgrepet deira og folketalstatistikk på stader med frå 50 til 199 innbyggjarar. Men det har me ikkje, så me må finne ei anna løysing.
Ein del av grunnen til den varierande bruken av omgrepet tettstad er at for mange tyder tettstad ein stad som ikkje er ein by, men som har ymse servicefunksjonar, som butikk, skule, frisør, bensinstasjon, kinarestaurant etc. I denne tankegongen er ein tettstad noko midt mellom by og land. For SSB er Oslo ein tettstad, medan mange bygdesentrum ikkje er det, sjølv om dei kan ha både busstopp med leskur, rundkøyring, butikk, aromaterapeut, kyrkje og eige postnummer.
Tettstadomgrepet til SSB er vanskeleg å ha med å gjere, men eg kan ikkje sjå at me kan unngå det. --Jorunn 14. september 2008 kl. 00:18 (CEST)
Jeg er imponert over nn systematiske oppslag om tettsteder, og de fylkesvise tabellene! Veldig bra!! Men artikkelen om fenomenet trenger litt finpuss, for å fange opp fenomenet i andre språks w. Landsby og tettsted kan se like ut, men har en helt ulike historier. Village er og blir landsby på norsk. Tettsted er egentlig et faggeografisk begrep som gikk inn i folkemålet fordi et godt begrep manglet. Man kunne tenkes å stå overfor et valg i interwiki - enten den lille byen eller avgrensingsmetode for byområder. Tettstedsavgrensinger er ikke et norsk-svensk fenomen, selv om begrepet tettsted er. Urban area er den engelske parallell. Jeg har rettet noen interw, men alt bør kopieres fra Urban area. Krg 14. desember 2008 kl. 22:39 (CET)