Diskusjon:The Silmarillion

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ja, eg la ut Silmarillion-artikkelen med tilvising til Quentaen særskild, ikkje nett heile den utgjevne Silnarillion-boka. Hadde eg gjort det, ville eg ha vurdert forstild artikkel "the". Når dette ikkje skjedde, var det av di eg reknar Silmarillion-teksta som kanonisk og uferdig, og Christopher Tolkien si utgåve som eit ekstrakt. Jamfør tillegga i dag.

Så kjem eg attende til dette med originale eller omsette namn: Det er i røynda berre Ringdrotten som vert avvikande på nynorsk. Både Silmarillion og Hobbiten vert ståande med dei same titlane, skulle dei kome på nynorsk. Eg tilrår nok ein gong å nytte norske/nynorske boktitlar i artikkeloverskriftene, både med omsyn til hobbiten og Silmarillion. Dette gjeld óg delartiklar om emne som Midgard og så bortetter. Noko anna ville verke noko unaturleg ettersom bokmålsutgåva nyttar dei bokmålsnamna som er innarbeidd - og no er altså Ringdrotten utgjeve. (skreiv Eilev G. Myhren i eit usignert innlegg)

Så vidt eg kan sjå er det einaste argumentet ditt at Noko anna ville verke noko unaturleg ettersom bokmålsutgåva nyttar dei bokmålsnamna som er innarbeidd. Altså at me utan nærare argumentasjon skal gjera som dei gjer i bokmålsutgåva, fordi dei gjerdet i bokmålsutgåva. Ei tynn argumentasjonsrekke i mine auger. --Ekko 21:39, 10 mars 2007 (CET)
No har Ekko prata seg heilt bort frå grunnargumentet mitt. Quenta Silmarillion er ikkje det same som The Silmarillion. Om Ekko kjenner dårlegare til Tolkien enn eg gjer, skulle han og vera varsam med å rette på artikkelen. Dette har ikkje noko å gjera med engelske eller norske titlar - tittelen er alvisk... Dette usignerte innlegget vart skrive av Eilev G. Myhren (diskusjon · bidrag) 14. januar 2009 kl. 10:19
Det er snart to år sidan Ekko sa dette, i mellomtida har vi med knapt fleirtal vetdteke å bruke norske namn. Knut 14. januar 2009 kl. 10:22
Som Knut seier er diskusjonen avslutta, og norske namn skal det vera. Forøvrig er argumentet «Om Ekko kjenner dårlegare til Tolkien enn eg gjer, skulle han og vera varsam med å rette på artikkelen» så grunnleggjande arrogant, nedlatande og avslørande for avsendarens innskrenka samarbeidsevne at vidare argumentasjon er totalt overflødig. --Ekko 14. januar 2009 kl. 12:30 (CET)[svar]
Kva er argumenta for å bruka utanlandske titlar, igjen? Eg synest det kling svært unaturleg å bruka «The» og «Middle-Earth» midt i ein norsk tekst når omgrepa det er snakk om finst på godt norsk. --Ranveig 22:46, 10 mars 2007 (CET)


Det er ikkje noko system på nn:wik- når det gjeld originale eller omsette namn. Fantomet er på norsk, Ole, Dole og Doffen Duck vert omdidrigert til engelsk tittel, Sniff finn vi ikkje om vi ikkje leitar på Snoopy, sjølv om Knøttene er lagt inn på norsk. Eg har sett eitt argument for originale namn, og det er at dei norske oftast er på bokmål. Sjølv har eg eit (betre?) argument for norske namn og titlar, og det er at dette er eventyrfigurar, og i mi eventyrverd snakkar og tenkjer vi norsk. Og eg sett pris på at det enno finst forleggjarar som vil at omsetjarane skal leite fram til norske namn på eventyrfigurane (slik som i Harry Potter-bøkene). MEN - om det ikkje er noko system, og det heller ikkje er semje om noko system, så er det òg ei ordning å leve med : ) -Knut 00:00, 11 mars 2007 (CET)
Vi hadde ei avstemming (her])Fog det skal vera norske namn der dei finst. Me som var for dei opphavelege gjer vel ikke eit alt for stort arbeide med å spore opp artiklar som skal flyttast til norsk tittel, men det kan altså godt gjerast om ein kjenner for det. --Ekko 14. januar 2009 kl. 12:44 (CET)[svar]