Diskusjon:Tidsline i Harry Potter-bøkene

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Boktitlar og personar må få originale engelske namn. --Ekko 16:28, 20 august 2006 (UTC)

Dei bør, må ikkje. Det viktigaste er i alle høve at det namnespråket som er valt, må vera konsekvent gjennomført. Tannkrem 19:05, 10 september 2006 (UTC)
Jo, det skal vere slik på Wikipedia, at filmar, bøker o.l. skal ha originaltitlar. --EIRIK\diskusjon 19:09, 10 september 2006 (UTC)
Jaja, då er det vel berre å setja i gong. Men heile artikkelen treng ein grundig språkvask, også der nokon alt har gjort eit forsøk på å omsetja. Tannkrem 19:15, 10 september 2006 (UTC)
"..alt har gjort eit forsøk..."? Skal ikkje ungdommen ha respekt for dei eldre? =:-)
--Ekko 19:28, 10 september 2006 (UTC)
Jo, men dei eldre er menneske dei og. Og omsetjing frå bokmål til nynorsk er vanskeleg. Sjølv om du er gamal. Tannkrem 19:33, 10 september 2006 (UTC)

Eg føreslår at me fjernar avsnittet under "Historiske problem". Forfattaren har ikkje påstått at statsministerane i boka er identiske med dei verkelege statsministerane. Og dei andre to døma i dette avsnittet, Flamel og Playstation, kan flyttast til det førre avsnittet. Einig? (Eg gidd ikkje å endra det berre for å sjå at nokon andre endrar det attende) Tannkrem 19:42, 10 september 2006 (UTC)

Endre i veg du. Me er ein (meg) og ei halv (gjorde litt for ein månad sida) som har gjort noko. Og eg er både raus, vidsynt og beskjeden. --Ekko 19:50, 10 september 2006 (UTC)

Eg er heilt usamd med utfallet i denne diskusjonen frå 2006. Filmar, bøker og fiktive namn som har fått ei godkjend norsk omsetjing, bør ha norsk omsetjing i namna her på Wikipedia. Dette er ein praksis som ein kan sjå tydeleg i andre språk òg, m.a. tysk wikipedia og bokmålswikipedia. Uansett vart ikkje denne originaltittel-praksisen gjort konsekvent, og eg har difor endra namn og titlar til norsk i Harry Potter-bøkene. HallvardLid (talk) 4. mars 2012 kl. 14:00 (CET)[svar]