Tidsline i Harry Potter-bøkene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Handlinga i Harry Potter-serien spinn seg ut i tida frå 1991, då Harry Potter fyller elleve, til 1998. Serien inneheld òg referansar og tilbakeblikk til ting som skjedde før denne tida. Ved hjelp av informasjon frå bøkene har lesarar laga ei tidsline som viser kva handlingar som skjedde på kva tidspunkt. Det finst fleire sjølvmotseiingar i tidslina, men Rowling har sjølv innrømma at ho har vanskar med matematikk, så perfekt kronologi kan ein ikkje rekna med.

Utgangspunkt[endre | endre wikiteksten]

Lesarane har laga ei tidsline for Harry Potter-litteraturen ut frå ein liten informasjonsbit. I Harry Potter og Mysteriekammeret får lesarane vite at spøkjelset Nesten-Hodeløse Nikk døydde den 31. oktober 1492. I den same boka feirar Nesten-Hodeløse Nikk den 500. «dødsdagen» sin. Denne feiringa må difor finne stad den 31. oktober 1992. Sjølv om Nesten-Hodeløse Nikk fortel Harry at han har vore daud i «nesten 400 år» i kapittel 7 i Harry Potter og De vises stein, er dette truleg ein feil frå forfattaren si side, og difor har fans valt datoane ut frå dødsdagen til Nikk. Ein kan også finne ut av tidslina frå å lese på gravene til faren (Jakob) og mora (Lilly) til Harry då dei var i Gudriksdal i Harry Potter og dødstalismanene.

Sjølvmotseiingar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det er enkelte problem med denne tidslina, blir ho brukt av fans og av Warner Bros. si tidslinje av serien (eit innslag i DVD-versjonen av Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret og Filmen Harry Potter og fangen fra Azkaban inneheld datoar som er interpolert frå dette datosystemet, slik som at Harry Potter sin bursdag er sett til 31. juli 1980, og at den første sigeren over Voldemort er 31. oktober 1981).

Problem med tida[endre | endre wikiteksten]

Ofte når datoar blir gjevne, er dei gjevne med ein dag i veka som ikkje stemmer ilag med den faktiske datoen i historia. Eit enkelt slikt døme kjem fram i Harry Potter og fangen fra AzkabanRakel Rummefiold refererer til 16. oktober 1993 som ein fredag, sjølv om 16. oktober 1993 faktisk er ein laurdag. Dette blir vanlegvis forklart med kunstnarisk fridom.

Det er òg sjølvmotseiingar i bøkene på dette området. Til dømes i Harry Potter og ildbegeret er både 1. og 2. september oppgjevne som måndagar, og i Harry Potter og fangen fra Azkaban er Bukknebb si rettssak sett til 20. april, sjølv om fans etter nøye lesing av teksten har komme fram til at rettsaka ikkje kan vere seinare enn i februar.

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Det er òg eksempel på at tilbakeblikk eller minne ikkje gjev meining i tidsperioden dei ser attende på. Til dømes seier Horation E.F. Snilehorn i sitt umodifiserte minne i Harry Potter og Halvblodsprinsen til Tom Venster at malacruxar «er eit forbode fagemne ved Galtvort, du veit... Humlesnurr er spesielt streng på det...». Under denne perioden var ikkje Albus Humlesnurr rektor, og ville ikkje hatt nokon autoritet over kva fag som er forbodne ved Galtvort. Rektor på Galtvort under Tom Venster si tid ved skulen var Armando Duppel. Dette kan vere ei følgje av at Humlesnurr overtalte Duppel til å forby emnet, sidan han sannsynlegvis var ein av dei politisk mektigaste professorane ved skulen.

Eitt problem i høve til den verkelege verda involverer den historiske personen Nicolas Flamel. Flamel blir nemnt å vere 665 år gamal i den første boka, medan den verkelege Nicolas Flamel ikkje ville ha nådd denne alderen før i 1996. Eit svar på dette er at datoen då den «verkelege» Nicolas Flamel blei fødd ikkje har nokon samanheng med Nicolas Flamel i Harry Potter.

Det er minst éin anakronisme i bøkene. Dette oppstår når Harry skriv eit brev i Harry Potter og ildbegeret. Brevet inneheld ein referanse til at Dudleif Dumling eig ein PlayStation. Ifølgje tidslina ville dette finne stad sommaren 1994, medan PlayStation ikkje blei sleppt før i desember 1994 i Japan, og i september 1995 i Europa. Boka blei sleppt i 2000, så dette er sannsynlegvis ein feil frå forfattaren si side.

Tidsline i Harry Potter-serien[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Venster tok namnet «Fyrst Voldemort» og starta jakta si på makt og udøyelegdom.
  • 1969: Arthur Wiltersen og Molly Prunk rømde vekk og gifta seg.
  • ca. 1979 (vinteren 1979-80): Rakel Rummelfiold spådde Voldemort sitt fall og blei tilsett som spådomslærar.
  • 1981:
    • 31. oktober: Fyrst Voldemort drap Jakob og Lily Potter. Spedbarnet Harry Potter fekk eit arr i panna og blei sendt for å bu hos familien Dumling.
    • 1. november: Sirius Svaart blei arrestert for å ha drepe Petter Pittelpytt og 12 gompar.
  • 1991: Harry Potter, Ronny Wiltersen Hermine Grang byrja ved Galtvort.
  • 1992: Harry hindra Fyrst Voldemort i å stele dei vises stein. Gulla Wiltersen opna Mysteriekammeret under påverknad av den magiske dagboka til Tom Venster.
  • 1993: Harry redda Gulla og vann over minnet etter Tom Venster. Samstundes øydela han den første malacruxen til Fyrst Voldemort. Sirius Svaart rømde frå Azkaban.
  • 1994: Professor Rummelfiold fekk sitt andre syn. Harry skjøna kva side Sirius stod på og Petter Pittelpytt blei funnen og stakk av. Fyrst Voldemort tok livet av Frank Brask. Tretrollmannsturneringa blei halden for første gong på over hundre år.
  • 1995: Fyrst Voldemort kom til kreftene etter ein magisk rite. Fredrik Djervell blei drepen.
  • 1996: Fyrst Voldemort fekk ikkje tak i profetiej om seg sjølv då Harry og venene hans stoppa eit innbrot i magidepartementet. Harry fekk vite kva den første spådommen til professor Rummelfiold var, og den magiske verda blei merksam på at Fyrst Voldemort er attende. Sirius Svaart blei drepen i magidepartementet.
  • 1997: Albus Humlesnurr blei drepen av Severus Slur. Harry Potter la ut på jakt etter dei fire siste malacruxane som Fyrst Voldemort hadde gøymt delar av sjela si i.

Fødslar[endre | endre wikiteksten]

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]