Diskusjon:Torehytten

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Torehytten[endre wikiteksten]

Skriveforma som Turistforeninga nyttar er Torehytten, trass i at mange eller dei fleste hyttenamna hos DNT med -hytte ending i namnet har hokjønnsforma.[1]

I dette tilfellet meiner eg vi skal bruke den 'offisielle' skriveforma, det ligg ei historie bak namnet Torehytten. --Roar (diskusjon) 16. september 2012 kl. 12:35 (CEST)[svar]

Kan du fortelja kva denne historia bak namnet dreier seg om?
I utgangspunktet meiner eg at Torehytta er det beste, fordi hytta ligg i eit gamalt naturområde der fjella og landskapa har gamle dialektnamn, t.d. Hårteigen. Og kva er skilnaden mellom å omsetja Torehytten til Torehytta og å omsetja, t.d. Bergen domkirke til Bergen domkyrkje? Slik omsetjingspraksis av kyrkjenamn er heilt kurant i offisiell nynorsk etter det eg forstår. HallvardLid (diskusjon) 16. september 2012 kl. 13:45 (CEST)[svar]
Kyrkjenamna skal ha jamstelling etter målbrukslova, derfor skal vi skrive Bergen domkirke på bokmål og Bergen domkyrkje på nynorsk. Som regelen er for statlege institusjonar.
Wikipedia-artiklar om personar og private verksemder og organisasjonar får artikkelnamnet som namneberaren eller eigaren har bestemt, det meiner eg er ein praksis som er i bruk her. Og då rettar vi heller ikkje på skrivemåten i namnet, til dømes har vi Norsk Ornitologisk Forening sjølv om Norsk ornitologisk forening eller Norsk ornitologisk samskipnad, eller liknande, er betre rettskriving.
Artikkelnamn for ei privat hytte er ikkje stort å bråke om, men eg meiner det ligg nærast opp til praksisen på Nynorsk Wikipedia å la eigaren sin skrivemåte bestemme artikkelnamnet. --Roar (diskusjon) 16. september 2012 kl. 21:29 (CEST)[svar]
Info hos Kartverket. --Roar (diskusjon) 11. februar 2013 kl. 22:11 (CET)[svar]
Det høyrest rett ut. Har no flytta artikkelen. HallvardLid (diskusjon) 13. februar 2013 kl. 11:59 (CET)[svar]