Diskusjon:Tussa Energi AS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Etter som energi ikkje kan produserast gjev det ikkje meining å skriva at Tussa Energi har ein «eigenproduksjon» på 625 GWh. Energi vert omset frå ei form til ei anna i kraftverk (kraftverk er eit anna missvisande omgrep). Det Tusse gjer er å omsetta statisk energi, lagra i demningar, til elektrisk enegi, som vert overført til kundane. (Kundane omset så energien frå elektrisk energi til andre energiformer.) At journalistar ofte talar og skriv om «energiproduksjon» vitnar om at dei ikkje fylgde med i fysikktimane. --Sigmundg 6. mars 2010 kl. 23:57 (CET)

Det kan så vere, at energi etter naturlovene eigenleg ikkje kan «produserast». Men det er dette ordet som blir nytta i vanleg norsk språkbruk, om det som artikkelen handlar om, til dømes i Energilova: [1], som altså heiter: Lov om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. (energiloven). I energilova heiter det til dømes i § 3-1: (Konsesjon på anlegg): Anlegg for produksjon, omforming, overføring og fordeling av elektrisk energi, kan ikke bygges, eies eller drives uten konsesjon. Så i mangel på betre ord til å beskrive kva eit vasskraftverk gjer - slik at folk flest skjønar det - er produksjon eit greitt ord. Energi kan i vanleg språkbruk også kjøpast og seljast, jfr ordet omsetning i tittelen på lova. Litt morosamt er det også at Straffelova frå 1902 har denne definisjonen, jfr reglar om underslag og tjuveri som kjem seinare i lova: § 6. Under Udtrykket Løsøregjenstand indbefattes i denne Lov ogsaa enhver til Frembringelse af Lys, Varme eller Bevægelse fremstillet eller opbevaret Kraft. I denne samanhengen: Ein kan altså i vanleg språkbruk også stele og underslå energi. --Egil Arne 7. mars 2010 kl. 11:23 (CET)
At dei folkevelgde, som vedtek lover, ikkje skjønar elementær fysikk kan så vera, men no er det slik at naturen ikkje bryr seg det spytt om kva lovgjevarar og juristar meiner. Naturen har sine eigne lover. Oppgåva til eit leksikon er å opplysa om ting slik dei er og ikkje slik dei vert omtala av journalistar og juristar. WP vert ofte nytta av skuleungdom og difor er det viktig at det som står her er rett. Om det er det vil kanskje neste generasjon journalistar og lovgjevarar skjøna at det ikkje nyttar å vedta naturlover. Det fører skjeldan til noko godt: Did a state legislature once pass a law saying pi equals 3? --Sigmundg 7. mars 2010 kl. 12:27 (CET)
Ein kan kanskje ikkje produsere energi, men for å få strøm i linene kan ein produsere elktrisitet. Løysinga vert vel å skrive noko slikt som «Tussa Energi har ein eigenproduksjon på 625 GWh elektrisitet»? -Knut 7. mars 2010 kl. 16:30 (CET)
Kva meiner du med å produsera elektrisitet? Tenkjer du på elektrisk ladning? Ladning kan heller ikkje produserast. Elektrisk straum er elektrisk ladning per tidseining [Column per sekund], elektrisk effekt [Watt] er elektrisk straum [Ampere] multipisert med elektrisk spenning [Volt], elektrisk energi [Joule] er elektrisk effekt multiplisert med tid. Everket sender rekning på elektrisk energi [Joule = Watt x sekund]. Kvifor instistera på å skriva svada, når det er like enkelt å skriva det rett? --Sigmundg 7. mars 2010 kl. 16:39 (CET)
Kva vil det vere rett å skrive? - Knut 7. mars 2010 kl. 16:56 (CET)
Det eit energiverk gjer er å omforma energi frå ei form til ei anna, så eg ville helst skriva at Tussa omformar så eg så mykje energi per år. Men om ein skriv at Tussa leverer så og så mykje energi per år har ein ikkje sagt noko som er direkte feil (noko som er viktig i eit leksikon). --Sigmundg 7. mars 2010 kl. 17:38 (CET)
«Produsere» treng ikkje berre tyde «skape». Det kan bety «handsame» eller «prosessere». Ein kan handsame energien i eit fossefall, og slik sett er vel «produksjon av energi» eit heilt kurant uttrykk som ikkje er i strid med naturlovene? --Frokor 7. mars 2010 kl. 17:44 (CET)
Nynorskordboaka nemner 1) «lage, tilverke, framstille», 2) "foredle, prosessere". Eit energiverk korkje produserer, lagar, eller framstiller energi. Eg kan heller ikkje sjå at dei foredlar energien (dei omformar han). Å omforma energi frå ei form til ei anna er kanskje ei skalgs handsaming, men kvifor ikkje skriva rett ut at dei omformar erergi. Det dei fleste forstår med å produsera er at ein lagar noko. Etter mi oppfatning er det viktig at det som står i eit leksikon er lett å forstå og at meininga er klår (ikkje tvetyding). --Sigmundg 7. mars 2010 kl. 18:50 (CET)
«Energiproduksjon» vert nytta i alle ledd, frå lovverk til energiselskapa sjølve (og dei er 100 % klar over at dei omformar energi). Mi meining er at «energiproduksjon» er så innarbeidd i språket at det er dette uttrykket me bør bruke. Når dei som har dette som fagfeltet sitt (energiselskapa t.d.) endrar praksis får me gjere det same. --Frokor 7. mars 2010 kl. 20:42 (CET)
(red. konflikt, men eg lagrar:) Eg vil gjerne at vi skal gjere ting rett. Men som ikkje-fysikar er eg ikkje overbevist om at språkbruken i artikkelen er feil. To grunnar til det: Produserer eit jernverk jern? På eit vis ja og eit anna vis nei, men vi kallar det produksjon. Produserer elverket elektrisk energi? Ja, dei seier det sjølv, i alle fall: [2] Å levere strøm er det marknadsavdelinga. ikkje produksjonsavdelinga som gjer. Og om journalistar, juristar og kraftlagsingeniørar er samde om språkbruken - kven skal vi då stø oss til for å meine noko anna? --Knut 7. mars 2010 kl. 20:46 (CET)

Å levera straum er enda eit meiningslaust omgrep. Straum kan vera til dømes liter vatn per sekund, eller elektrisk ladning per sekund. I staden for å leita etter naturvitskaplege omgrep i ordbøker vil eg gjera med framlegg om å investera i ei fysikkbok. Eg er sterkt usamt med metrologen (som eg veit forstår fysikk) om at WP skal nytta meiningslause omgrep berre av di resten av Noregsveldet gjer det. Det er ikkje alltid at fleirtalet har rett. Hadde dei det ville ikkje nye idear slege rot og samfunnet ville stagnert i ei bakevje. --Sigmundg 7. mars 2010 kl. 23:43 (CET)