Diskusjon:Universitetet i Stavanger

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen var utvald som vekas artikkel i 2005.

Sjå òg Presentasjon eller Kategorioversyn av vekesartiklar i 2005

Eg synest at nokre av formuleringane i denne artikkelen er upresise, unøytrale og/ eller skulestilaktige.

  • "Den nye statusen til Høgskolen i Stavanger (HiS) kom etter førti års venting og mykje hardt arbeid frå høgskolen si side." Korleis skal me kunna dokumentera hardt arbeid? Det hadde vore betre å ta utgangspunkt i den opprinnelege innleiinga til Gunnernett, synest eg. Hardt arbeid og målretta innsats bør heller dokumenterast ved å fortelja kva dei gjorde. Og det er jo gjort lenger nede i artikkelen.
  • "bidro utan tvil til å utvikla oljemiljøet i byen" Om det ikkje er tvil, treng vel ikkje orda "utan tvil" skrivast, som om det var ei argumentativ framstilling?
  • "Bygningane til institusjonen er komne til i rykk og napp." Dette er ikkje viktig, men bør me ikkje bruka meir leksikonaktige formuleringar?

Nokon som er veldig usamde? --Tannkrem 11:42, 12 desember 2006 (CET)