Diskusjon:Uttale av finsk skriftspråk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva språkreglar er det som ligg til grunn for stavemåten på kvenske vegskilt i Noreg? Er det rettskrivinga til Alf Nilsen-Børsskog? --Sigmundg 11. september 2011 kl. 09:31 (CEST)[svar]

Termen "rettskriving" er her tvetydig:
  1. Reglane for kva lydverdi bokstavane skal ha er lik for kvensk og finsk. Det er norsk politikk at skrivemåten på kvenske namn i Noreg skal følgje finske (dvs. dermed også kvenske) reglar. Så snart vi veit kva form vi skal velje veit vi dermed også korleis ho skal skrivast. Det som står i denne artikkelen (reglar for skriving av lange og korte lydar, for å skrive t.d. lydane [u, o, æ, ŋ]) gjeld like mykje for kvensk som for finsk. Ein parallell til andre språk er at portugisisk, kastillansk og katalansk skriv palatal n ulikt (nh, ñ, ny), slike skilnader finst ikkje mellom finsk og kvensk (eller mellom nynorsk og bokmål for den del)
  2. Så er spørsmålet formval. Her er det skilnader. På vegskilt (tradisjonelle ord i nominativ) vil det likevel som oftast ikkje vere nokon skilnad.
Rettskrivinga til Alf Nilsen-Børsskog har i seg sjølv ikkje offisiell status, men Kvensk språkting tar absolutt omsyn til språkbruken hans når dei normerer kvensk. Trondtr 11. september 2011 kl. 14:41 (CEST).[svar]