Diskusjon:Valais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Er mogleg eg gjer om infoboksmalen seinare. Delstatsmalen er ikkje eit supert alternativ heller (ser han er brukt på to andre kantonar), sidan t.d. «grunnlagt» ikkje passar så bra. --Erlend 17:04, 6 juli 2007 (CEST)

Uavhengig av problemet med kartet, som det står om nedanfor, trur eg at eg vil foreslå bruk av delstatsinfoboksen for dei sveitsiske kantonane òg. Det har ein viss verdi å ha uniformitet i infoboksane. "Grunnlagd" passar kanskje ikkje så bra, men det er betre å løysa ved å gjera til ein variabel i den eksisterande infoboksmalen, slik at ein får moglegheit til å setja inn "tatt opp i unionen" eller andre ting i staden. Uansett bør iallfall alle sveitsiske kantonar ha same infoboks.--Barend 16:59, 30 oktober 2007 (CET)

Kartet[endre wikiteksten]

Eg syns kantonkarta av denne typen er ganske ubehjelpelege - det er altfor liten kontrast mellom kantonen og resten av Sveits. Eg prøvde å erstatta kartet med eit kart av same typen som på kantonen Solothurn og Graubünden, men fekk det rett og slett ikkje til. Eg veit ikkje om eg likar heilt at malen er laga slik at det er så godt som umogleg å redigera på ting. Uansett, dette er kartet eg heller vil ha inn: Swiss Canton Map VS.png
Kan malen endrast slik at det blir lettare for alle brukarar å redigera på ting?--Barend 16:53, 30 oktober 2007 (CET)

Infoboks[endre wikiteksten]

Valais/Wallis
Tysk: Wallis
Fransk: Valais
Italiensk: Vallese
Retroromansk: Vallais
Valais-coat of arms.svg
Våpenet til Valais/Wallis
Swiss Canton Map VS.png
Kart som viser kor i Sveits Valais/Wallis ligg.

Hovudstad Sion
Språk fransk (63 %), tysk (28 %)
Folketal 292 000 (2005)
Areal 5 224 km²
Folketettleik 56/km²
Forkorting VS
Kanton sidan 1815
Høgaste topp 4634 m (Dufourspitze/Pointe Dufour)

Eg laga eit forslag til ein litt slankare boks, der ein kan nytte det kartet ein vil. Folketal og areal vert formatert automatisk, og folketettleiken vert rekna ut automatisk. I tillegg er alle felt no valfrie (om dei ikkje var det før). --Frokor 17:44, 30 oktober 2007 (CET)

Den er jo fin. Det viktigaste for meg er eigentleg å få skifta kart. Å ha ein eigen infoboks for sveitsiske kantonar uavhengig av infoboks delstat kan det nok òg argumenterast for - russiske føderasjonssubjekt, t.d., har jo sin eigen infoboks.--Barend 21:25, 31 oktober 2007 (CET)
Kjempeflott boks! Eg tek han inn i artikkelen - trur neppe dette kan vera særleg omstridt. Det er eit godt poeng at det bør stå «kanton sidan» i staden for til dømes «teke opp i unionen». Grunnen er at Jura i si tid vart splitta ut frå kantonen Bern. --Erlend 20:44, 8 november 2007 (CET)