Folketettleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Folketettleik er eit mål på kor stor befolkninga i eit gitt område er i høve til storleiken på området. Det viser kor tettbygd eit område er. Folketettleik vert oftast oppgitt i innbyggjarar per kvadratkilometer.

Folketettleiken i Noreg er om lag 14,2 innbyggjarar per kvadratkilometer. I verdsmålestokk er dette lite. Det tettast befolka landet i verda er bystaten Monaco, med ein folketettleik på 16 620. Det tettast befolka større landet i Europa, Nederland, har ein folketettleik på 395. I den andre ytterkanten har Grønland ein folketettleik på 0,03. Sjå òg lista over Verdas land etter folketettleik.

Mal:Samfunnspire

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.