Diskusjon:Varg Vikernes

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Me treng ei kjelde for påstanden om at Vikernes er ein framståande talsmann for norrøn mytologi. Korleis kan ein vera ein talsmann for eit historisk fenomen? Kva gjer han framståande? --Ekko 08:53, 26 mars 2007 (CEST)

Heile imaget til Varg og musikken hans dreier seg om det norrøne og førkristne. Men han er nok ikkje meir framståande enn for eksempel Enslaved.--Taakeheimen 20:24, 26 mars 2007 (CEST)

Første setninga er grei nok. Men framståande tydar at han står framom andre, gjer han det? representerar han andre enn seg sjølv? Om ikkje, kan han vel ikkje vera talsmann? --Ekko 21:55, 26 mars 2007 (CEST)

Varg er nok ikkje talsmann for andre enn seg sjølv(sikkert like greit). Fjern det som ikkje passer i artikkelen..--Taakeheimen 22:05, 26 mars 2007 (CEST)