Varg Vikernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Varg Vikernes
Varg Vikernes-2.jpg
Fødd 11. februar 1973
Bergen
Yrke songar, komponist, musikar, bloggar, trommeslagar, skribent, gitarist, youtuber
Varg Vikernes på Commons

Louis Cachet, best kjend som Varg Vikernes (fødd Kristian Vikernes11. februar 1973), tidlegare kjend under artistnamnet Count Grishnáckh, er ein musikar som gjorde seg kjend innan svartmetallen tidleg på 1990-talet, og for å ha blitt dømd for drap og tre kirkebrannar.[1][2]

Vikernes er òg mannen bak einmannsprosjektet Burzum, i tillegg til at han var bassist i Mayhem og gitarist i Old Funeral (med medlemmar som seinare stifta Immortal). Seinare vart han òg kjend som uttalt nasjonalsosialist med trekk til norrøn mytologi og ideologi. Han er kjend i media under kallenamnet «Greven».

Vikernes vart fødd i Bergen. Vikernes vart dømd til ein dom på 21 år for drapØystein Aarseth og brannstifting. Han slapp ut i 2009 etter nærare 16 års soning.[1] Han har i dag teke namnet Louis Cachet og flytte i 2012 til Frankrike saman med kona Marie Cachet og dei tre borna deira. Han har òg ei vaksen dotter frå eit tidlegare forhold.

16. juli 2013 vart Vikernes og Cachet arrestert på garden sin i Corrèze i Frankrike, mistenkt for å ha planlagt terrorhandlingar.[1] I 2014 vart Vikernes dømd i straffedomstolen i Paris mellom anna for å ha oppfordra til rasehat via Internett.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Svendsen, Roy Hilmar (16. juli 2013), «Dette er Varg Vikernes», NRK (på bokmål), henta 23. mars 2019, Han drepte bandkompisen sin med 23 knivstikk og er dømt for tre kirkebranner. I 2003 stakk han av fra soning og ranet til seg en bil. I tillegg er han en kritikerrost metal-musiker. Nå mener fransk politi at Varg Vikernes planla en massakre. 
  2. Galtung, Anders Tesdal (6. juni 2017), «– Ingen snakka saman. Det var ein heilt uverkeleg situasjon», NRK, henta 23. mars 2019, Brannen på Fantoft stavkirke var den første av kyrkjebrannane som herja Noreg på byrjinga av 90-talet. Varg Vikernes blei dømt for tre slike brannar. Han var også mistenkt for å ha sett fyr på Fantoft stavkirke, men blei frifunnen i retten under dissens. 
  3. «Vikernes dømt i Paris», www.vg.no (på norsk), 8. juli 2014, henta 23. mars 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]