Diskusjon:Warfog

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er dette stort nok til å ha allmen interesse? Provet bør komma frå dei som vil ha artikkelen. --Ekko 09:13, 31 desember 2006 (CET)

På tide med sletting? --KRISTAGAα-ω 23:31, 9 januar 2007 (CET)
Eg oppretta artikkelen igjen med utgangspunkt i bokmålsartikkelen. Kan dette vera noko å halde på? --Anders 15:03, 14 oktober 2007 (CEST)
Det synest eg, ja. Finst det noko godt norsk ord for "non-profit"? Det bør det jo, men eg har lurt på dette før, utan å finna noko. --Ranveig 15:35, 14 oktober 2007 (CEST)
Kva med sjølvkost? --Erling 15:47, 14 oktober 2007 (CEST)
Eller skrive om setningen slik at ein kan nytte "utan forteneste" eller "som ikkje arbeidar for økonomisk vinning"--Frokor 17:33, 14 oktober 2007 (CEST)

«Ideell organisasjon»? -- Olve 17:35, 14 oktober 2007 (CEST)

Eg strevde litt med orda «anna skarp offentleg teneste». Det ser ikkje ut til å vere direkte sitat frå Warfog - eg reknar med at det tyder «anna væpna offentleg teneste» - og i så fall er det kanskje betre å skrive det? - Knut 17:54, 14 oktober 2007 (CEST)
"Non-profit" kan kanskje omsettast med "ikkjekommersiell", men eg fann det ikkje i nynorskorboka.--Sigmundg 18:10, 14 oktober 2007 (CEST)
Eg trur faktisk «ideell (organisasjon)» er den juridisk parallelle termen... Ein non-profit organization og ein ideell organisasjon har til felles at hovudfokuset er idé heller enn profitt og at dei under visse føresetnader nyt godt av skatte- og/eller avgiftslette (eller -fritak) frå staten. -- Olve 01:45, 15 oktober 2007 (CEST)