Djenné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Djenné
Moskéen i Djenné
Moskéen i Djenné
Styresmakter
Land Mali
Geografi
Koordinatar 13°54′20″N 4°33′18″WKoordinatar: 13°54′20″N 4°33′18″W
Plassering
Djenné is located in Mali

Djenné er ein by i det midtre av Mali. Han ligg på ei øy i sideelva Bani, om lag 350 km søraust for Timbuktu. Han skal ha rundt 10 000 innbyggjarar.

Djenné har ein særmerkt moské bygd i 1906-1907 av leire. Saman med gamlebyen med nær 2000 leirhus som er tekne vare på, står moskéen på lista til UNESCO over natur- og kulturarv i verda.

Staden har hatt busetnad sidan 250 f.Kr. Sjølve byen vart grunnlagd i 765 og var ein viktig marknad for slavar og gull og eit sentrum for islamittisk lærdom. Byen vart hærteken av Sunni Ali og lagd under Songhairiket i 1473.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]