Djoser
| Djoser | |||
| | |||
| Fødd | 28. hundreåret f.Kr. | ||
|---|---|---|---|
| Død | 27. hundreåret f.Kr. | ||
| Gravstad | Djoserpyramiden | ||
| Gift med | Hetephernebti | ||
| Dynasti | tredje egyptiske dynastiet | ||
| Far | Khasekhemwy | ||
| Mor | Nimaethap | ||
| Born | Inetkaes, Sekhemkhet, Q131844163 | ||
Netjerikhet eller Djoser er den mest kjende faraoen i Det tredje dynastiet i Egypt. Han gav funksjonæren sin Imhotep ordre om å byggje den første av pyramidane, ein stegpyramide i Saqqara. Namnet hans vert òg skrive Zoser, Dzoser, Zozer, Dsr, Djeser, Djésèr, Horus-Netjerikhet og Horus-Netjerichet.
Dateringa av regjeringsperiodane i det gamle kongedømet har vorte mykje omdiskutert, men det tredje dynastiet er som regel plassert på 2600-talet fvt. og regjeringstida til Djoser vert sett til om lag 2635 til 2610 fvt.
Den måla kalksteinsstatuen av Djoser, som i dag står på Egyptisk Museum i Kairo, er den eldste kjende statuen i lekamsstorleik i Egypt. Statuen vart grave fram i 1924-1925.
I inskripsjonar frå tida han levde vert han kalla Netjerikhet, som tyder «lekamen til gudane».

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Djoser» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mai 2009.