Djupfrysar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit ope fryseskåp

Ein djupfrysar er eit hushaldningsapparat produsert som ein isolert boks (fryseboks) eller eit skåp (fryseskåp) til å fryse ned og lagre matvarer og liknande ved –18 °C eller lågare temperatur. I nyare tid er det vanleg med såkalla kombiskåp, som fungerer både som kjøleskåp (4 °C) og til djupfrysing.

Oppbevaring ved temperaturar mellom −18 og −20 °C stoppar bakterielle prosessar, enzymverksemd, oksidasjon og andre kjemiske forandringar. Dessutan held strukturen og karakteren til dei frosne varene seg ved like, så lenge temperaturen er stabil og varene er godt emballert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]