Dobritsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dobritsj
Horisonten til Dobritsj
Styresmakter
Land
Provins
Bulgaria
Dobritsj
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2005)

115 861
Koordinatar 43°34′″N 27°50′″EKoordinatar: 43°34′″N 27°50′″E
Høgd over havet 225 m
Tidssone EET (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 9300
Telefon-retningsnummer 058
Heimeside: dobrich.org/
Plassering
Plassering i Bulgaria
Plassering i Bulgaria

Dobritsj (bulgarsk Добрич, historiske namn:Hacıoğlu Pazarcıkottomansk tyrkisk, Bazargicrumensk, Tolbuhin under sosialisttida) er ein by nordaust i Bulgaria og det administrative senteret i provinsen Dobritsj. Dobritsj er den åttande største byen i Bulgaria, og senteret i den historiske regionen Sør-Dobruja. Byen ligg 30 km vest for kysten av Svartehavet, ikkje lang frå feriestader som Albena, Baltsjik og Golden Sands.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den noverande byområdet og omgivnadane rundt har på grunn av fruktbar svartjord vore brukt til dyrking av korn sidan førromersk tid, og området kom i fokus på grunn av naboområda sine politiske og økonomiske interesser. Då Bulgaria vart sjølvstendig i 1878, etter å ha vore ein del av Det osmanske riket, vart det avgjort på Berlinkongressen at Dobrudzja skulle delast i to. Den nordlege delen gjekk til Romania, og den sørlege delen til Bulgaria.

Etter slutten av den andre balkankrigen i 1913 vart Dobritsj og den sørlege delen av Dobrudzja ein del av Romania. Under den første verdskrigen, den 3. september 1916, omleira bulgarske troppar den sørlege delen av Dobrudzja. Ved freden i Neuilly 27. november 1919 mista derimot Bulgaria igjen området til Romania. Under den andre verdskrigen, den 25. september 1940, marsjerte igjen den bulgarske hæren inn i byen, og området har sidan den gong vore ein del av Bulgaria. Denne datoen vert framleis feira i byen.

Heile det sørlege Dobrudzja er mykje landleg, og Dobritsj er eit landsbysentrum med maskinbygging, marknad og tekstilindustri. I sentrum av byen ligg eit etnografisk museum der ein kan sjå utviklinga av byen.

I Dobritsj og i området rundt bur det ein stor tyrkisk minoritet, mellom anna mange som høyrer til det tyrkiske folket gagauzerane.

Kjende personar frå Dobritsj[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]