Dobritsj by

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 43°34′12″N 27°49′44″E
Dobritsj
Добрич
Kommune
Dobicrh-chirch.jpg
Kyrkje i Dobritsj
Våpenskjold
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria
Provins Dobritsj
Koordinatar 43°34′12″N 27°49′44″E
Høgd 225 m
Areal 111,996 km² [1]
Folketal 91 030 (2011) [2]
Folketettleik 812,80 / km²
Tidssone EET (UTC+2)
Postnummer 9300
Retningsnummer 058

Dobritsj
43°33′44″ N 27°49′55″ E
Dobritsj kommune i provinsen Dobritsj
Dobritsj kommune i provinsen Dobritsj
Wikimedia Commons: Dobrich
Nettstad: www.dobrich.bg

Dobritsj (bulgarsk Добрич eller Добрич-град, Dobritsj by, historiske namn:Hacıoğlu Pazarcıkottomansk tyrkisk, Bazargicrumensk, Tolbuhin under sosialisttida) er ein by og ein kommune i provinsen Dobritsj i Bulgaria og hovudstad i provinsen. Kommunen omfattar berre byen Dobritsj, som er heilt omslutta av landkommunen Dobritsjka.

Dobritsj er den åttande største byen i Bulgaria, og senteret i den historiske regionen Sør-Dobruja. Byen ligg 30 km vest for kysten av Svartehavet, ikkje lang frå feriestader som Albena, Baltsjik og Golden Sands.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den noverande byområdet og omgivnadane rundt har på grunn av fruktbar svartjord vore brukt til dyrking av korn sidan førromersk tid, og området kom i fokus på grunn av naboområda sine politiske og økonomiske interesser. Då Bulgaria vart sjølvstendig i 1878, etter å ha vore ein del av Det osmanske riket, vart det avgjort på Berlinkongressen at Dobrudzja skulle delast i to. Den nordlege delen gjekk til Romania, og den sørlege delen til Bulgaria.

Etter slutten av den andre balkankrigen i 1913 vart Dobritsj og den sørlege delen av Dobrudzja ein del av Romania. Under den første verdskrigen, den 3. september 1916, omleira bulgarske troppar den sørlege delen av Dobrudzja. Ved freden i Neuilly 27. november 1919 mista derimot Bulgaria igjen området til Romania. Under den andre verdskrigen, den 25. september 1940, marsjerte igjen den bulgarske hæren inn i byen, og området har sidan den gong vore ein del av Bulgaria. Denne datoen vert framleis feira i byen.

Heile det sørlege Dobrudzja er mykje landleg, og Dobritsj er eit landsbysentrum med maskinbygging, marknad og tekstilindustri. I sentrum av byen ligg eit etnografisk museum der ein kan sjå utviklinga av byen.

I Dobritsj og i området rundt bur det ein stor tyrkisk minoritet, mellom anna mange som høyrer til det tyrkiske folket gagauzerane.

Areal og folketal[endre | endre wikiteksten]

Kommunen har eit areal på 112 km2.[1] Ved folketeljinga i 2011 hadde byen 91 030 innbyggjarar.[2]

Til storbyområdet for Dobritsj blir rekna heile kommunen, saman med landkommunen Dobritsjka.[3] Storbyområdet har i alt 113 111 innbyggjarar.[2]

Den einaste busetnaden i kommunen er:[2]

Busetnad Bulgarsk namn Folketal (2011)
Dobritsj Добрич  91 030

Kjende personar frå Dobritsj[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Regions, districts and municipalities in the Republic of Bulgaria 2018 («Regionar, distrikt og kommunar i Republikken Bulgaria 2018»), Tabell 1: Territorial balance of the Republic of Bulgaria by kind of territory, statistical zone, statistical region and by district and municipality as of 31.12.2011 («Territoriell balanse for Republikken Bulgaria etter type territorium, statistisk sone og etter distrikt og kommune per 31.12.2011»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Население към 01.02.2011 г. по области, общини, населени места и възраст («Befolkning 01.02.2011 i regionar, kommunar og busetnader etter alder»), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»)
  3. Urban Audit – Settlements and Municipalities («Storbyområde – Busetnader og kommunar), Национален статистически институт (Natsionalen statistitsjeski institut, «Det nasjonale statistiske instituttet»