Dolina Śmierci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesmerke for drepne i Dødsdalen

Dolina Śmierci (Dødsdalen) i Fordon i Bydgoszcz nord i Polen, er ein stad der Nazi-Tyskland utførte massemord på 5 000-6 000 polakkar, mellom anna jødar og intelektuelle, i oktober og november 1939. Drapa vart utført av lokale tyskarar (Selbstschutz) og Gestapo. Alle dei drepne vart gravlagd i massegraver her.

Offera, som hovudsakleg var polske intellektuelle, som lærarar, prestar og kontorarbeidarar, vart ført opp på såkalla Fahndungsbuch (ei liste av folk som skulle avrettast, laga av funksjonærar i Det tredje riket før den andre verdskrigen) og ei anna liste laga av Gestapo under krigen.

Etterforsking viste at Ludolf von Alvensleben og Jakub Löllgen var dei viktigaste personane bak massemordet. Andre involverte var

Andre massemordstader i Bydgoszcz-området er landsbyane Tryszczyn og Borówno.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dolina Śmierci