Dominikanarklosteret i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dominikanarklosteret i Bergen er eit tidlegare kloster i Bergen som låg inne på noverande Bergenhus festning, på nordsida av Håkonshallen. Klosteret er berre kjend frå skriftlege kjelder, og ein har ikkje funne spor av det i moderne tid.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klosteret vart grunnlagt ein gong mellom 1243 og 1247, i regjeringstida til Håkon Håkonsson. Det er fyrste gong omtalt i 1247. Truleg var det opphavleg bygd av tømmer, men i 1500 er det tale om at ei murkyrkje er under oppføring og samstundes fleire murbygningar i klosteret. Eit riksrådmøte vart halde i klosteret i 1524.[1] I 1528 brann klosteret ned til grunnen. Det er sidan ikkje funne restar av anlegget.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. http://www.bergenbyarkiv.no/bergenbyleksikon/arkiv/1420760
  2. http://www.katolsk.no/praksis/klosterliv/artikler/kap_19

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]