Donald Knuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Donald Knuth

Donald Ervin Knuth (fødd 10. januar 1938) i Milwaukee i Wisconsin i USA) er professor emeritus i informatikk ved Stanford University.

Han fekk mastergraden i 1960 ved Case Western Reserve University, og doktorgraden i 1963 ved California Institute of Technology, der han også vart professor. I 1968 vart han professor ved Stanford.

Han er mest kjend for fleirbindsverket The Art of Computer Programming, som han framleis skriv på. Knuth utvikla også programma TeX og Metafont som gjer det mogleg for skribenten å programmere utsjånaden til artikkelen sin, samstundes som sjølve artikkelen framleis er ei rein tekstfil. Dette gjer det også lettare å handsame vitskaplege artiklar i versjonskontrollsystem.

Trivia[endre | endre wikiteksten]

Knuth er kjend for nerdehumoren sin. Han betaler $ 2,56 for kvar feil som blir funne i bøkene hans (256¢ er ein heksadesimal dollar). Versjonsnummereringa til TeX og Metafont følgjer desimaltala til Pi og Nepers tal. Knuth slutta å bruke e-post i 1990, etter å ha fått nok av den kommunikasjonsforma.

The Art of Computer Programming -bøkene[endre | endre wikiteksten]

  • Volume 1: Fundamental Algorithms, 1997. ISBN 0-201-89683-4
  • Volume 2: Seminumerical Algorithms, 1997. ISBN 0-201-89684-2
  • Volume 3: Sorting and Searching, 1998. ISBN 0-201-89685-0
  • Volume 4: Combinatorial Algorithms (under arbeid)
  • Volume 5: Syntactic Algorithms (under arbeid, sannsynlegvis ferdig i 2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]