Milwaukee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Milwaukee
Milwaukee
Milwaukee sentrum i 2007

Flagg

Grunnlagt31. januar 1846
TidssoneCentral Standard Time
Folketal600,155 (2015)
Høgd over havet188±1 meter
Plassering

Milwaukee
43°3′ N 87°57′ W

Milwaukee er ein by i delstaten Wisconsin i USA. Med sine 594 833 ibuarar er byen den mest folkerike i delstaten. Byen er administrasjonssenter for Milwaukee County. Byen ligg søraust i delstaten ved Michigansjøen, 130 km nord for Chicago.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Området var opphavleg folkesett av urfolka fox, mascouten, potawatomi og winnebago. Bynamnet «Milwaukee» er ei forvansking ab det indianske «Millioke» som tyder 'godt land'. Franske misjonærar og handelsmenn var innom området på 1600- og 1700-talet. I 1818 flytta handelsmannen og politikaren Solomon Juneau inn i området, og i 1833 grunnla han ein by på austsida av Milwaukee-elva. Den byen vart slått saman med Kilbourntown i vest og Walker's Point i sør og danna då Milwaukee.

Mange tyske og nederlandske emigrantar slo seg ned i Milwaukee og deira kulturarv pregar byen også i vår tid.

I løpet av 1800-talet og første halvdelen av 1900-åra voks folketalet mykje, med innflytting av innvandrarar frå Sentral-Europa og svarte frå sørstatane. På 1950-talet budde om lag 750 000 menneske i byen. Tap av industriarbeidsplassar og utflytting til forstadene har gjort at folketalet i sjølv byen er redusert til under &00 000.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrlaget i Milwaukee er sterkt påverka av det innlandsklimaet som råder i heile Midt-Vesten. I den kaldaste månaden januar er middeltemperaturen -3 grader Celsius, trass i at byen ligg på same breiddegrada som det nordlege Hellas og Tyrkia. I juli er middeltemperaturen 28 grader Celsius.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende industriverksemda i Milwaukee er bryggerigiganten Miller Brewing Company, men firmaet sysselse mindre enn ein prosent av arbeidsstokken. Totalt sett står industri for 22% av sysselsettinga, godt over det nasjonale gjennomsnitt i USA.

Media[endre | endre wikiteksten]

Milwaukee Journal Sentinel er einaste dagsavisa i byen og største avisa i Wisconsin. Ho kjem ut sju dagar i veka. Dessutan kjem vekemagasinet Shepherd Express ut.

Sport[endre | endre wikiteksten]

I dei store nord-amerikanske sportsligaene deltar Milwaukee Brewers i Baseball. Milwaukee Bucks i basketball og Milwaukee Admirals i ishockey.

Folk frå Milwaukee[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NFL snur om kneling mot rasisme. (6. juni 2020) nrk.no