Donald Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Donald Thomas

Osaka07 D5A Donald Thomas celebrating.jpg

Statsborgarskap Bahamas
Fødd 1. juli 1984 (36 år)
Freeport
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2018, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2010, Panamerikanske leker 2015

Donald Thomas (fødd 1. juli 1984) er ein bahamansk friidrettsutøvar frå Freeport i Bahamas som i 2007 vart verdsmeister i høgdehopp. Seinare vann han høgdetevlinga i samveldeleikane 2010 og dei panamerikanske leikane 2011.

Thomas vann høgdehopptevlinga under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka ved å verte den einaste av fem utøvarar som klarte 2,35 meter i sit fyrste forsøk. Russaren Jaroslav Rybakov og grekaren Kyriakos Ioannou gjekk over same høgda i andre forsøk, men ingen av dei tre makta gå over 2,37 m og dermed fekk Thomas gullmedaljen.

Thomas sette sin personlege rekord på 2,37 meter ved eit stemne i Székesfehérvár i Ungarn den 18. juli 2016.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.